Draum og traume
Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.
Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.
Foto: Catharina Caprino
Dikt
Karin Haugane:
Kråkesang
Gyldendal
Etter at Karin Haugane (f. 1950) i essaysamlinga Språk og erfaring (2020) openberra eit familietraume – far hennar skaut mora og seg sjølv – er det vanskeleg ikkje å lese Kråkesang i lys av den tragedien. I Hauganes forfattarskap har denne traumatiske hendinga forståeleg nok sett djupe spor, og det finst avtrykk av ho alt i debutboka, Rester av glemsel (1989).
Å vere deltakar i, og berar av, ei vond og grufull familiehistorie, og deretter vitne om ho, er også lagnaden til Anna Bergmann, gjennomgangsfiguren i den lyrisk forteljande diktboka Kråkesang. Hjelp til å vitne, ikkje minst om mora Marias vonde og smertefulle lagnad, verkar det som Anna får frå Kråka, som her og der bryt inn og ytrar seg. Kråka talar fritt – på dialekt og folkeleg mål – og er ein tvitydig varslar- og sannseiarfigur.
Opp gjennom historia har kråkefuglen vore knytt til gudane, men i kristendommen også til djevelen og mørket. Det er ein høglydt skrikande fugl som i folketrua og i litteraturen har vore knytt til forderving og død.
«Enkeltdikt lyser opp med ei heilt eiga kraft og står godt i seg sjølv.»
Overgrep
Anna blir tidleg råka av eit overgrep frå «Dytteren» som far hennar ser ut til å vite om, utan at han grip inn. Og tilhøvet mellom faren og mora Maria er tidvis vanskeleg og prega av sjalusi og vald: «Bergmanns hender river i mors hår/ Mørkt fall, han drar dotter ut av min vår// Han smerter mamma: Hore, kjenn ditt svik/ Gift renner i stemmens grove spas og spit». Seinare får ein også høyre at faren, Bergmannen, skyt mora og seg sjølv.
Det er ein heilt særeigen mytisk og forheksande dåm over språkføringa i Kråkesang. Ja, tekstane teiknar opp eit svermande, nesten eventyrliknande univers, der lesaren blir trekt i retning av folkevisa, balladane og steva. Denne tendensen toppar seg i den lange sekvensen «Anna Bergmanns drømmedikt», ein visjon som har trekk frå «Draumkvedet». Kanskje er dette traumestoffet det vert fortalt om, så ekstremt smertefullt og komplisert at det berre kan handsamast i forma og språket til noko som minner om, og vev seg inn i, folkediktinga.
Forsoning
Ikkje minst verkar Kråkesang også som eit forsøk på forsoning, på endeleg å gi stoffet ro i diktinga og mora Maria ro i døden: «Hør, kråka som er inni din busk/ Alt levende visker og minnes/ Du vannet jorda godt, bar barna fram».
Ja, jamvel om dikta i Kråkesang faldar ut eit forlaup, finst enkeltdikt som lyser opp med ei heilt eiga kraft og står godt i seg sjølv, slik som «Rekviem», som eg siterte i byrjinga av avsnittet her.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.