Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Dreiebok til TV-serie

Alle skal ned er innsideforteljinga om eit parti utan politikk, men med harde maktkampar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nestleiar i Ap Trond Giske, partileiar Jonas Gahr Støre og nestleiar Hadia Tajik då dei heldt pressekonferanse etter sentralstyremøtet i fjor haust.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

5530
20181026
5530
20181026

Dokumentar-
litteratur

Lars Joakim Skarvøy og Marie Melgård:

Arbeiderpartiet. Alle skal ned

Kagge Forlag

Helten for alle undersøkjande journalistar er Bob Woodward. I år har han utgjeve ein «kvartalsknusar», Fear, om det indre livet i Trump-administrasjonen, basert på anonyme augevitne. Ettersom boka underbygger Trump-kritiske førestillingar, har norske meldarar ikkje stilt spørsmål med bruken av slike kjelder i boka. Woodward har ein altfor høg status til det.

Slik status har ikkje dei to VG-journalistane Lars Joakim Skarvøy og Marie Melgård. Arbeidarpartiet kan heller ikkje samanliknast med Trump. Når dei to no har skrive ei bok om Aps annus horribilis frå 2017 til 2018, kan dei ikkje rekna med at alle vil ta det som står der, for gitt. Tvert om har dei fått kritikk for det Woodward sleppte unna med, at dei brukar anonyme kjelder. Vi kan jo ikkje etterprøva om utvalet av kjelder er nøytralt. Er det mest Tajik-vennlege kjelder som vert brukte?

For oss andre er boka i alle fall underhaldande litteratur, drivande godt skrive i tydinga at ho er ein «bladvendar», sjølv om vi veit korleis det går. Woodward (og Bernstein) opplevde å få filmatisert Watergate-boka si, og det same kan vel henda med den siste boka, truleg med Alec Baldwin i rolla som Trump. Skarvøy og Melgårds bok, på si side, kunne eigna seg utmerkt som dreiebok til ein norsk TV-serie, av same slag som House of Cards. Også Arbeiderpartiet. Alle skal ned handlar om taktiske maktkampar – og litt om sex. Altså nett det TV-seriar skal innehalda. Det er berre å byrja med auditions for å finna kven som skal spela Giske og Tajik og Støre, dei tre hovudrollene.

Todelt

Boka (og den mogelege TV-serien) er todelt: første del fram til valnederlaget hausten 2017 og dinest #metoo-perioden fram til ut på nyåret 2018, då Giske miste makta. Hovudtemaet i første del er førebuingane fram til valet. For Ap, og ikkje minst Støre, var tanken på nok eit valnederlag, sjølv om det var Jens som tapte det førre, noko som framkalla paniske reaksjonar. Å sitja att på bakken med klipte vengjer og sjå på at dei andre flyg, er ikkje triveleg for ørna blant norske parti. Boka skildrar korleis ei leiing, der særleg sjølve leiaren, Støre, fortaper seg i taktiske spekulasjonar som spreier seg forvirrande ut i spinndoktorkorpset som snart sjølv går i spinn: Kor mange milliardar må ein ikkje seia at ein vil leggja på det borgarlege skattenivået for ikkje å skremma vekk veljarar? Dessutan er leiinga plaga av gamalt agg mellom dei to nestleiarane. Utan ein tydeleg øvste leiar kan desse to køyra sine eigne løp og byggja opp eigne nettverk. Til sist tapar dei alle valet, og «går ned», utan at nokon vil ta ansvar for det, særleg ikkje Giske, som var valkampleiar.

Andre del handlar om korleis #metoo blandar seg inn i den pågåande maktkampen. Giske har, ifølgje Tajik, eit gutepubnettverk som ho som kvinne og muslim ikkje kan ta del i. Men så får ho hjelp frå Hollywood og #metoo og varslarar som hentar fram historier som kan tyda på at Giske har brukt maktposisjonen sin til å pressa seg på unge kvinner. Frå no av liknar forteljinga litt på ein klassisk tragedie, men berre litt, for Giske vert ikkje framstilt særleg sympatisk, som ein vi lett får medynk med.

Tåkefyrste

Sant å seie er det heller ikkje lett å få medynk med Støre. Han hadde jo alt før valkampen i 2017 vorten stempla som ein verbal tåkefyrste, noko spinndoktorane hans prøvde å kurera. Men i boka vert han òg framstilt som usikker og tåkete i avgjerdene sine. Tajik, derimot, er bokas heltinne.

Alt dette vert fortalt særs detaljert, med ordrette replikkar, som om forfattarane har same allvetande tilgang til hovudet til personane som forfattarar av gamaldagse romanar har. Men så er det altså anonyme kjelder som formidlar dette. Då vert det mogleg å laga seg hypotesar om kven dei er, til dømes her: «Da det bare var de tre igjen, Tajik, Støre og Stenseng, fortalte Tajik at hun hadde fått høre at DN og VG jobbet med sakene knyttet til Trond Giske, samt at et mediehus undersøkte påstander om en annen, mannlig stortingsrepresentant.» Ein av dei må det vera, og det er neppe Støre eller Stenseng.

Elles reagerer eg over språkbruk om dei kvinnelege varslarane brukt i Ap: «Her står jeg sammen med dere, jenter. Vær trygg på det», forsikret han (Støre).» Forfattarane sjølve brukar «kvinner». For meg tyder «jenter» brukt om kvinnene på ei barnsleggjering av dei.

Men no kan det godt vera at Støre får hjelp frå høgare hald til likevel å koma til makta (og æra), i alle fall indirekte, via Knut Arild Hareide i KrF. Skal vi då uroa oss? Boka påstår implisitt at Støre umogleg kan vera kompetent til statsministerjobben. Men gjev boka og kjeldene eit fullstendig bilete?

Vi kan uansett ta det med ro. Det er meir utfordrande å leia eit parti som manglar ekte makt og limousinar å fordela, der hestane bitast over dei tomme krybbene.

Kompetansekrav til ein statsminister er oppskrytt: Her trur eg same lov gjeld som den ein professor ved Historisk fakultet ein gong formulerte for tittelen sin: «Det er veldig vanskeleg å verta professor, men du verda kor lett det er å vera det!» Noko eg sjølv kan underskriva på. Og som både Jagland og Bondevik, for å velja to tilfeldige eksempel, kan underskriva på når det gjeld statsministertittelen.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Tajik, derimot, er bokas heltinne.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis