Drivande god
Biltur utan retning blir litteratur med stødig veggrep.
Helle Helle har fått ei rad prisar for forfattarskapen sin etter debuten i 1993.
Foto: Mikkel Carl
Roman
Helle Helle:
Hafni forteller
Oktober
Ramma for handlinga i Helle Helles Hafni forteller er triviell: Etter ei skilsmisse reiser Hafni på biltur rundt på dei danske øyene, ho har planen klar for kvar ho skal stanse, og kva ho skal sjå. Men det blir ikkje som tenkt. Det er jo vitalt for ei handling. Saka er at uansett kor festleg usymmetrisk sjølve ferda blir, er det er dei litterære grepa som tar oss med på ei reise.
Vi er tydelegvis inni ein litterær stim der forteljarstemma skal utfordrast. Eg har lese romanar i det siste der eg må myse for å skjøne kven som snakkar til kven. Nokre forteljarstemmer snakkar til eit du, i andre bøker er det trea i skogen som talar, og Helle Helle skapar eit scenario der hovudpersonen snakkar til forteljaren i telefonen om reisa si. Vi blir aldri kjende med personen i andre enden av røyret.
Etter litt uklarleik kjem eg raskt på sporet og godtar metoden. Der andre etter samlivsbrot kan bruke tida i telefon til ei venninne på å vere lite artikulert deprimert («akk» og «okk» og repetisjonar av desse), skriv Helle ei feiande flott og drivande historie der både forfall og gjenreising pregar hovudpersonen.
Hafni prøver å halde reiseplanen, men blir heile tida avbroten av menneske ho møter. Ho blir dratt inn i livet og dei impulsive forslaga deira, som ho like impulsivt henger seg på. Ho blir verande lenger på somme stader, andre stader køyrer ho forbi, og ho tar avstikkarar ho ikkje hadde planlagt. Litt som livet sjølv, altså (nokon måtte seie det).
«Vi er tydelegvis inni ein litterær stim der forteljarstemma skal utfordrast.»
Gammal skam, ny skam
Når Hafni reflekterer over livet ho har forlate, skjer det på eit vis som ikkje er rett fram: «Alle sandaler utsolgt i april, utbetaling av barnetrygda. Bruke krefter pa° a° beine ut en høne, sta° i dører. Et snøvær av rødløk, ogsa° hun kastet sild. Lirke sma° bein opp av høye barnestoler.»
Dette er komprimert informasjon som ikkje verkar utilgjengeleg, berre som noko å sette saman sjølv, og som har poetiske kvalitetar, blant anna gjennom spranga mellom opplysningane. Strekka blir opplevde som gyldig livserfaring, og som både poengterte og assosiative samandrag.
Skamkjensle er ein gjen-
gangar: «Evig flauhet forfølger henne. Eller skam er det vel. Hun prøver a° avverge den med hoderisting og et kjapt dum-dum. Men de utallige episodene dukker opp igjen og igjen, hun holder ikke ut a° snakke om dem.» Vi har sikkert alle opplevd å hugse noko dumt vi sa ein gong i 1984, i 1997, i 2023. Særleg når vi vaknar kl. 05 om morgonen. Vi gløymer det aldri og raudnar framleis: «Korleis kunne vi?»
Det morosame – eller menneskelege – er at sjølv om Hafni ber på alle desse episodane, tråkkar ho stadig opp i situasjonar på reisa på ein måte som gjer at ho må legge ny skamkjensle til potten.
Humoristisk sorti
Helle Helle er blant Danmarks største forfattarar, kledd i prisar frå topp til tå, tre gonger nominert til Nordisk råds litteraturpris, omsett til over 20 språk. Årets roman stadfestar den soleklare posisjonen hennar: Helle skapar relevant litteratur som held høg litterær kvalitet. Ho stablar setningar som vi ikkje har sett før, men som står fram for oss som den mest gyldige livserfaring. I tillegg legg ho i årets roman til grunn eit forteljargrep som kan vere uvant å kome inn i, men som på slutten endar i humoristisk eleganse.
Med unntak av at omsetjar Trude Marstein opererer utan bindestrek i samansette uttrykk som «buss og togseter», har ho gått både lydhørt og kløktig til verks. Ho evnar å lage dansk til norsk, utan at vi tenker på at det verken var dansk eller blei norsk. Det er berre godt språk. Ivaretatt.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.