Eg ropar om det heile tida
Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.
Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.
Foto: Fartein Rudjord
Roman
Kathrine Nedrejord:
Sameproblemet
Oktober
Medan eg skriv dette, høyrer eg i ei nyheitssending at mange politikarar no ønskjer å følgje opp arbeidet Sannings- og forsoningskommisjonen presenterte våren 2023, med ei felles orsaking i Stortinget. Kommisjonen kartla og avdekte statens omfattande assimileringspolitikk mot samar, kvenar og skogfinnar gjennom tusen år. Ikkje alle partia stiller seg bak dette ønsket. Det viser at Sameproblemet, som no er brageprisnominert, er ei aktuell og relevant bok.
Vi som står utanfor minoritetssamfunna, tenkjer gjerne: «Endeleg får desse gruppene si fortente oppreising. Det er godt det er slutt på overgrep og urett.» Nedrejord og andre forfattarar frå nord syner oss at vi tar feil. Dette er slett ikkje historie. Krasse motsetningar mellom storsamfunn og minoritet ulmar framleis, rasismen lever.
Og endå verre: Undertrykkinga har vore så omfattande gjennom så lang tid at konsekvensane er uopprettelege.
Personleg og politisk
Marie bur med mann og spedborn i Frankrike då meldinga kjem om at mormora, àhkku, er død. Etter litt nøling – kan ho dra frå babyen? – reiser ho heim, til Finnmark og gravferdsførebuing. Det er lenge sidan sist. Banda til familien er ikkje kutta heilt, men Marie har flykta til eit anna land og eit anna språk. Kva har ho flykta frå? Djupast sett frå sjølve sameproblemet.
Tittelen siktar til både det strukturelle, det samfunnsmessige og Maries personlege utfordringar rundt etnisitet. Som frilansjournalist har ho hatt ein vag idé om å skrive noko om bakgrunnen sin. Til no har ho ikkje lykkast. Attersynet med det heimlege vekkjer kjensler og minne – og skrivetrong.
Nettopp livet til mormora, den samiske livsforma, blir det ho ønskjer å nedfelle i skrift.
I byrjinga av lesinga spør eg meg fleire gonger om dette er ein roman – er det ikkje meir av eit saksinnlegg? Nedrejord utbasunerer tydeleg kva ho meiner og vil med teksten. Her blir til og med nytta versalar, det må ropast om uretten. Etter kvart kjem innvendinga mi i bakgrunnen. Det politiske raseriet er kombinert med det nære og personlege på ein måte som grip sterkt. Komplekse samanhengar blir tilgjengelege også for oss som har stått på utsida av problemstillingane.
Typisk norsk
Maries slekt på morssida har hatt stor innverknad, med djupe røter i det nordsamiske kjerneområdet på Finnmarksvidda. Her har Marie halve barndomen sin, før familien flytter til kysten, der far hennar er frå. Farssida er dominert av det norske, med skjulte samiske innslag, slik det har vore i mange slekter nordpå (og mange andre stader i landet).
Maries far blir gradvis medviten om eigen etnisitet. Denne bevisstgjeringa får ein kontrast hos kjærasten Marie har som ungdom, Even. Hos han sit aksepten av det samiske langt inne, og det sprenger til slutt kjærleiksforholdet.
I ungdomsmiljøet er det heilt vanleg å slenge drit om samar. Marie er godtatt i miljøet fordi ho er så «fin», og fordi ho stort sett ikkje tar til motmæle. Når ho endeleg ytrar at ho faktisk er same sjølv, får ho til svar at ho ikkje er same på den måten, «du er jo et menneske, som oss».
Unge Marie går gjennom to motsette prosessar. Ho fjernar seg frå det samiske, men kan òg bli rasande på dei som kjem med rasistiske utsegner om folket hennar. Denne spaltinga har ikkje den vaksne Marie fridd seg frå. Til den franske mannen sin har ho fortalt så godt som ingenting om det samiske opphavet sitt.
Samiske kulturuttrykk kan halde seg kunstig i live ved hjelp av krykkjer, statleg velvilje og løyvingar. Vedtak om at samisk språk skal vere obligatorisk i skulen og nyttast på arbeidsplassar, er fint nok. Likevel blir norsk språket så fort det kjem ein ikkje-samisktalande i ei forsamling. Konsekvensane av ein tusenårig tradisjon med undertrykking tar ikkje slutt med eit stortingsvedtak.
Dette er den djupt alvorlege og tragiske bodskapen i Sameproblemet. Språka, næringsvegane, religionen, levevis i stort og smått, som heilskaplege, levande kulturar – alt saman er tapt og borte. For alltid.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.