Ei danningsreise
Sorgarbeidet overtyder ikkje som motiv.
Ungdomsroman
Leah og Levi Henriksen:
Vinter på Savannen
Ena
forlag
Eleanor heiter ho, etter Eleanor Rigby i songen med same namn. Ho er 13 år og sørgjer over mor si som har gått bort i kreft. Gravsteinen har tekst frå ein anna Beatles-låt, om den svarte fuglen med knekte vengjer. Lydspora skaper stemning og pregar personskildringane, slik vi ofte ser det hjå Levi Henriksen.
Vinter på Savannen er skriven saman med dottera Leah Henriksen. Ho kombinerer russetid med boklansering no i mai. For to år sidan inviterte sjefredaktør Kristin Jobraaten i Ena forlag far og dotter til å reise saman til naturreservatet Masai Mara i Afrika. Redaktøren såg for seg boka som ein samtale mellom far og dotter om kva som er viktig i livet.
Miljøet, mamma og Moses i klassen er det viktige i livet til Eleanor. Stefaren Dag fortel at han har lova mora å ta henne med til Afrika. Danningsreisa til masaireservatet fylgjer fleire spor: ei kjærleikshistorie, ei forteljing om sorg og tap, ein dystopi, ei reiseskildring. Historia er handlingsdriven, men samtalen er viktig – ikkje berre mellom far og dotter, men også mellom Eleanor og dei andre personane. Dessutan sliper Eleanor tankane mot musikalske og litterære referansar, som blir ein del av refleksjonane lesaren får ta del i.
Sorgarbeidet overtyder ikkje som motiv. Forteljinga kunne vore like fengslande med eit mindre tragisk utgangspunkt.
Eleanor er omdreiingspunktet i historia, kanskje har Leah også vore det i skrivinga? Eg-personen er ein sint og sår, tøff og truverdig trettenårig. Dette far/dotter-prosjektet har ei av dei friskaste forteljarstemmene i bokvåren.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.