Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei fløymande diktkjelde

Almanakk er ei kjelde av tanke-, gru- og gledevekkande dikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Håvard Rem er forfattar og journalist i Dag og Tid.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

4199
20201106
4199
20201106

Dikt

Håvard Rem:

Almanakk. 365 dikt

Cappelen Damm

Det er åtte år sidan Håvard Rem gav ut den omfangsrike diktsamlinga 30–40–50 på Schibsted. I år er han tilbake på Cappelen Damm med si tolvte samling, Almanakk. Her er det eitt dikt for kvar av årets dagar frå 1. januar til 31. desember, til saman 450 sider. Dagane er markerte med tal og notat i margen. Ei mengd nasjonale og internasjonale hendingar i tillegg til internasjonalt vedtekne merkedagar har fått eigne dikt.

Likskapen med 30–40–50 er at Håvard Rem insisterer på at lesaren må vera open for eit vell av skiftande uttrykksformer: korte ordspel, uventa bøner, underfundige anekdotar, nidviser, haiku, songtekstar, kortdikt, kjente diktstrofer eller salmar som vert parodierte, balladar, stev og blues. Nokre få dikt er gjenbruk frå tidlegare bøker, og så får me formfullenda sonettar som eit kjærkome, tilbakevendande innslag. Inntakande vakre skildringar av årets gang kan brått skifte med sonettar om vald mot kvinner. Det er stram struktur i virvaret, men det er få grenser for kva som kan finne vegen inn i denne diktarens univers.

Skråblikk

I tillegg er dikta skrivne både på bokmål og på nynorsk, ja, innimellom òg på den særeigne syngjande dialekten som poeten har høyrt kring seg i oppveksten. Boka gir eit mektig inntrykk av overflod, av energi, av ei inderleg og langvarig glede over språket og diktinga. Her er skråblikk på menneskelege veikskapar, ofte med bitande sjølvironi.

Nokre vers er dikta i sinne og indignasjon over terror og nedverdigande handlingar mot sårbare menneske. Andre stadar rammar spydige diktkommentarar dobbeltmoral og inkonsekvens. Og Rem er ikkje den som held seg med eit sett føreseielege, korrekte haldningar og kan plasserast i bås eller bande. Uredd skriv han det han meiner, og det han ser. Ein kan vera samd eller usamd, men han gir det form og farge og skapar eit trøkk eller opnar for ein lått, slik at ein vert lysten på meir.

Han vågar å skriva med glimt i auget om dei mest alvorlege ting, og han kan dikta ei uventa bøn om heilt aktuelle hendingar. Ein veit aldri kva verseform neste tema vert handsama i, eller kva temaet på neste side er. Slik held poeten lesaren nysgjerrig. Eit vakkert dikt med vandrelinje omhandlar tankar ein kan ha om nokon ein nesten vart i lag med. Det sluttar slik:

Vinterhiet vernet varmen

under fjell og bre og nordlys

Nesten ble det oss i livet

Samsøvn i et flyktig sollys

Alt vi bygde hver for oss

skulle tid og alder rive

Urørt det som nesten ble

Nesten ble det oss i livet

Variert persongalleri

Eit innslag som må nemnast, er dei mange dikta som omhandlar personar. Det er eit variert persongalleri som seier mykje om poetens vide og folkelege orientering. Nokre få døme her: Halldis Moren Vesaas, Aud Schønemann, Jahn Teigen, Maren Ueland, Whitney Houston, Marianne Ihlen og Per Jorsett.

I margen viser poeten ikkje berre til datoen for dagen, men her er fleire tal som heile tida viser til fleire ulike løp: eit livsløp frå 1 til 91, parallelt med dette dukkar det av og til opp svangerskapsveker til eit barnebarn, her er klokkeslettet i eit døger og åra i ein historisk periode på jorda frå siste istid til i dag. Ein tankevekkjande og forunderleg original måte å skape fleire samtidige perspektiv på tidsomgrepet medan ein les.

Almanakk har vorte ei fløymande kjelde av tankevekkande, gruvekkande og gledevekkande dikt. Her står Rem fram med alle sin varierte uttrykksformer, og når han er på sitt beste her, er han betre enn nokon gong. Tid er sjølvsagt eit tilbakevendande tema i ein almanakk, anten det er i den vare skildringa av møtet med Halldis Moren Vesaas eller det livsløpsdokumenterande minnediktet til stolen Gravity, som må ende sine dagar, dei vakre kjærleiksømme dikta om barnebarnet som er undervegs, eller desse vakre linjene:

Men du er som et timeglass. Jeg strømmer/ sekundvis gjennom midjen din som sorger,/ som stillheter og gleder du gir form.

Helge Torvund

Helge Torvund er forfattar.

Boka vert meld av ein ekstern meldar, sidan Håvard Rem er tilsett
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Boka gir eit mektig inntrykk av overflod, glede over språket og diktinga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis