Ei samisk klassereise
Per Lars Tronstad har skrive ei samisk historieforteljing sett gjennom livet til ein sentral aktør.
Den 6. oktober 1993 opna kong Harald det andre sametinget. I bakgrunnen sametingspresident Ole Henrik Magga.
Foto: Trond Kenneth Larsen / NTB scanpix
Sakprosa
Per Lars Tronstad:
Ole Henrik Magga. Kamp og kompromiss
Pax Forlag
Kva skal vi kalla den reisa som Ole Henrik Magga har gjort, og som Per Lars Tonstad skildrar i denne boka? Klassereise? Jau. På line med mange andre nordmenn, til dømes Trygve Bratteli, som kom frå små kår på Nøtterøy, som utan høgare utdanning visste meir om økonomi enn byråkratane i Finansdepartementet, og avslutta som statsminister.
Magga veks tilsvarande opp nedst på rangstigen blant samar på eit avsides småbruk 30 km frå Kautokeino, med ugift mor og utan kontakt med far. Og heller ikkje med mykje kontakt med mora, som måtte reisa vekk og arbeida som tenestejente hos den høgaste sameklassen, reindriftssamar. Difor var det besteforeldra på småbruket som vart familien hans. Og naturen, trass i kulde og mygg.
Fornorsking
Men då Magga skal byrja på (folke)skulen, skil reisa hans seg frå reisa til Bratteli, som kunne bu heime og verta undervist på sitt eige språk. Frå no av skal Magga ut på ei kultur- og språkreise som vi andre nordmenn knapt kan førestilla oss. Samebarn måtte gå på internatskule, med mykje gråt og heimlengt, og vart underviste på eit framandt språk, underkasta ein fornorskingspolitikk som var i strid med dei universelle toleranseideala vi andre vart opplærde i på 50-talet («meget er forskjellig, men det er utenpå»). På skulen var det forbode å bruka samisk, eit språk lærarane ikkje kunne, men i det minste fekk elevane bruka det seg imellom på internatet. Magga fekk berre éin time undervising på samisk på sju skuleår. Dei som kom gjennom dette utan skadar, må ha vore sterke!
Magga var dessutan evnerik. Han lærte seg norsk, las bøker frå biblioteket, ville læra og fekk hjelp av ein lærar til å flytta til Asker for å gå på gymnaset der. Motsett Bratteli. Nok ei stor reise: Noregs frodigaste kommune er så langt ein kan koma frå Finnmarksvidda innanlands. Magga budde først i ein SV-familie, så i ein høgrefamilie, og lærte at dei var like mykje menneske. Etter å ha vorte preseterist (beste karakter i alle fag) gjorde han militærteneste og tok utdanning til befal, for så å venda attende til Oslo og realfagsstudiar i det Herrens eller Marx’ år 1968. Men så vart det overgang til samiskstudiar med magistergrad i 1976, og doktorgrad i 1986, og han vart professor ved Universitetet i Oslo året etter. Sidan var han professor ved Samisk høgskule i Kautokeino.
Parallelt med eit stort samepolitisk engasjement var han leiar av Norske Samers Riksforbund i 1980–1985, så den fyrste president i Sametinget frå 1989 til 1997. I tillegg hadde han eit stort internasjonalt engasjement for urfolk. I 2002 vart han den fyrste leiaren for FNs permanente forum for urfolk. I mellomtida dreiv han med forskingsarbeid om samiske språk, både nord- og sørsamisk.
Samehistorie
Men dette er berre ei oppramsing av Maggas CV, som ein like gjerne kunne lesa i Wikipedia. Det eg særleg likar ved denne boka, er at desse biografiske opplysingane ikkje vert private og intime, men framstilte som del av og i samspel med samehistoria, særleg frå 60-åra, då Magga vart ein aktiv deltakar i samepolitikk. Alt dette vert sett frå hans perspektiv. Det er her Magga viser sin sanne karakter, noko som har gjeve undertittelen på boka, og som godt samsvarar med det inntrykket eg fekk av korleis han stod fram som offentleg person: «Kamp og kompromiss».
«Kamp»: Den gjaldt rasisme og undertrykking av samar og respekt for livsstilen deira. Her er Magga ikkje kompromissviljug. At det har vore rasisme mot samar i ordets opphavlege tyding, og ikkje berre i den moderne utvida tydinga, er det ikkje tvil om. Sjølv etter andre verdskrig. Det mest utrulege eksemplet handlar om ein tvist om reinbeiterettar mellom grunneigarar og sørsamiske reineigarar i Trøndelag. Grunneigarane kravde DNA-test av reineigarane: Dei trudde ikkje dei kunne vera ekte samar av di dei var så intelligente! Men meir vanleg er kvardagsrasisme som desse evinnelege samevitsane. Dei er vel ikkje uttrykk for ein gjennomtenkt rasisme, men dei er likevel sårande. Jau, eg vitsar og generaliserer om nordlendingar, at dei er sytepavar og spelar offerrolle. Men det må dei tola som del av majoritetskulturen.
«Kompromiss»: Det gjaldt å få institusjonalisert rettane til samar. Magga er ikkje berre intelligent, men òg ein langsiktig reformistisk kompromisspolitikar. Dessutan har han karismatiske menneskelege eigenskapar: Han er sindig, dialogorientert og ordhalden, og han er flink til å knyta kontaktar. Jau, han er ein 68-ar i den forstand at han er del av det generelle opprøret mot autoritær paternalisme. Feminismen og sameaktivismen har visse fellestrekk. Men han tek avstand frå 68-ekstremisme, både hos majoritetsbefolkninga og hos sine eigne. Boka gjev gode innblikk i korleis han har måtta navigera mellom samar som ville fornekta eigen bakgrunn, og utolsame samar som ville ta i bruk ekstreme verkemiddel, særleg i samband med Alta-utbygginga. For at det er objektive interessekonfliktar mellom samar og majoritetsbefolkninga, er det ingen tvil om. Slik det var mellom det bisonjaktande amerikanske urfolket og dei innvandrande præriebøndene.
Fridomskamp
Kan vi verkeleg samanlikna Magga med Mandela? Sjølvsagt ikkje heilt. Magga sat ikkje 27 år i fengsel. Og han har ikkje det store smilet til Mandela. Men han har brukt personlegdomen sin på tilsvarande vis og spela ei tilsvarande rolle i ein fridomskamp.
Det står berre att å fortelja at nei, boka er ikkje eit heilt objektivt historieverk. Forfattaren er ein gamal venn av Magga, og boka byggjer på samtalar med han. Slik er det Maggas historie som kjem ut. Men delane er godt dokumenterte i eit rikhaldig noteapparat. Og like viktig: Boka er drivande godt skriven og full av innblikk og informasjon som alle i Noreg har godt av å høyra om.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er drivande godt skriven.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.