Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei soge utan heltar

Krosstoga var noko anna enn moderne propaganda vil ha oss til å tru.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Saladin slik han er illustrert i Koranen.

5475
20190531
5475
20190531

Sakprosa

Thomas Asbridge:

The Crusades: The War for the Holy Land

Simon & Schuster, London, 2010

Jon Hustad skriv om bøker han les, gamle og nye.

Thomas Asbridge, som arbeider på Queen Mary University i London, er kanskje verdas leiande forskar på krosstoga, og han skreiv The Crusades då han var mellom 40 og 43. Det gjer meg nesten deprimert at ein mann med så store kunnskapar er så ung. Dette er historieskriving som ho bør vera.

Boka dekkjer heile perioden då dei kristne hadde område i det heilage landet, frå dei erobra Jerusalem i 1099 til dei vart kasta ut av Acre, dagens Akko i Israel, i 1291. Det Asbridge prøver å få til, er å skriva soga frå perspektivet til både dei kristne og muslimane. Litt for enkelt sagt: Dei kristne ville ha att det som hadde vore deira, og muslimane ville ikkje gje frå seg det dei hadde erobra. Dessutan var pavane ute etter noko som kunne samla, og kva var potensielt meir samlande enn Jerusalem?

Ro og autoritet

Mannen er noko så sjeldan som ein særs god skribent full av illustrerande anekdotar, ein tung empirikar og analytikar, og ein som meistrar daude språk. Det er i og for seg ikkje uventa, mellomalderhistorikarar har ry på seg for å vera dei beste historikarane, sidan dei må kunne så mykje meir enn det moderne historikarar treng kunna. Men det som imponerer meg mest, er roa og autoriteten Asbridge skriv med. Etter å ha lese nesten 800 sider, anar eg framleis ikkje kva side han har mest sympati med. Han skriv utan moralsk indignasjon, og han trekkjer konklusjonar som står fram som logiske og rette. I dette mørket er alle kattar grå, iscenesett moralisme ligg ikkje for Asbridge. Min favoritt er elles Boehmond av Taranto, som fyrst erobra Antiokia, men til slutt måtte stikka av. Han iscenesette sin eigen død og lét seg smugla heim i ei kiste med luftehol. Der hadde han selskap av ein daud fugl, for lukta sin del, og litt proviant.

Ja, det er klart at mange på den kristne sida var eventyrlystne og ute etter rikdom. Men i all hovudsak var den kristne sida ei samling av etter kvart hundretusenvis av menn som drog av di dei var gudfryktige og ynskte syndeforlating, som pavane gav dei. Eit varig resultat av krosstoga var at Roma byrja å gje syndeforlating og garantert frelse i byte for pengar, som igjen leidde til korrupsjon, forvitring og til slutt reformasjonen. Men ingen av alle dei kongane som drog i austerlei, drog av di dei mangla rikdom og land heime. Dei drog av di dei ynskte å verta frelste gjennom å gje Kristi fødeland og Jerusalem attende til Gud, Roma og morkyrkja.

Saladin

Den som får mest merksemd i boka, er den store politiske taktikaren Saladin, noko som er naturleg. Han er den mest interessante personen og den som, rett nok temporært, tok attende Jeruslam. At Saladin var denne snille humanisten som sparte dei kristne, som moderne orientalistar vil ha oss til å tru, avviser Asbridge som ein konstruksjon i ettertid. Saladin var gløymd i mange hundre år, på lik line med krosstoga i den muslimske verda. Konstruksjon Saladin og «evig» kristen imperialisme oppstod fyrst i moderne tid då kolonimaktene tok kontroll over Midtausten og trongen for muslimske heltar oppstod – godt hjelpt av mellom anna keisar Vilhelms store interesse og ovundring for islam og Saladin. Og nei, Saladin hadde ikkje planar om å spara innbyggjarane i Jerusalem.

Og kvifor skulle han det når dei kristen ikkje hadde spart dei muslimske innbyggjarane då dei erobra byen? Men Saladin var fyrst og fremst politikar. Då forsvararane av byen truga med å øydeleggja dei muslimske heilagdomane, fann han det mest fornuftig å gje fritt leide, i staden for å måtte svara for øydelagde moskear.

Ein politisk reiskap

Saladin utnytta i mange år Jerusalem som ein politisk reiskap, og det var han som vekte den sovande motstanden mot ei kriste Jerusalem. Han lovde gong på gong å jaga dei kristne ut av Palestina og taka den heilage byen, for så gong på gong å utsetja åtaka medan han erobra stadige nye område frå andre rettruande herskarar, som han sverta kraftig på førehand. Saladin var ein meister i propaganda og taktikk, og han nytta det kristne nærværet til å skaffa seg ein legitimitet han elles ikkje ville ha hatt.

Asbridge trur likevel at det var ei religiøs åre hos Saladin, og at ho vart mykje sterkare i tida rett før atterobringa og etter. Litt forenkla sagt vart Saladin til slutt den rettruande muslimen propagandisten alltid hadde hevda at han var. Han kutta til og med ut vinen. Men det er òg slik at bordet fanga for Saladin. Ein kurdisk oppkomling kunne ikkje utsetja å taka Jerusalem i æva. Utan den prisen vil legitimiteten hans til slutt falla saman.

Rikard Løvehjarte får òg god plass. Han er litt imponerande, blond, vakker, intelligent og ein fryktlaus krigar som kasta seg inn i alle slag og drap for fote og vann. Men han forstod aldri fullt ut den religiøse feberen som dei under han fekk motivasjonen frå. To gonger stod han ved portane til Jerusalem, og den andre gongen gav Saladin til og med ordre om attendetrekking. Løvehjarte snudde båe gongane utan å prøva seg på byen. Det var gode taktisk grunnar til dette, men politisk og religiøst var det ein katastrofe. Han måtte fara heim og rota seg inn i nye krigar og døydde før han vart 41. Saladin var ein betre politikar.

Jon Hustad

Jon Hustad er journalist i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Saladin var ein betre politikar enn Rikard Løvehjarte.»

Jon Hustad

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis