JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein original roman der djup innsikt vert formidla av ein som knapt veit noko.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den austerriksk-norske forfattaren Peter Franziskus Strassegger byr på skrivekunst av høg klasse.

Foto: Cappelen Damm

3664
20170428
3664
20170428

Roman

Peter Franziskus Strassegger:

Slutten på flagget vårt

Cappelen Damm

«Kom ikkje med heile sanningi», skreiv Olav H. Hauge, men oppmodinga var snautt naudsynt; ein står sjeldan i fare for å få vita for mykje. I romanen Slutten på flagget vårt av Peter Franziskus Strassegger får lesaren all informasjon frå Adam, ein gut på ni–ti år, og Adam veit lite og forstår mindre, men av kunnskapsbresten og misforståingane hans kan ein likevel danne seg eit bilete av det som hender – eit bilete som er usynleg for Adam sjølv.

Valdsfantasiar

Boka tek lovande til med desse orda: «Lillebror er en av de største idiotene i landet vårt, selv om han er landsmann.» Med desse utsegnene er ein straks inne i handlinga, og i psyken til Adam. Han og veslebroren, Florian, lever med far og mor og veslesystera Antonia på ein jordbruksskule i Austerrike, nær grensa til Jugoslavia, ein gong på byrjinga av 1990-talet. Faren er ein forfattar som ikkje får til å skriva meir, difor er han no rektor på jordbruksskulen. Verda som Adam og Florian lever i, er ikkje stor; det er familien deira, grannefamilien Zotter, familien Pröll og nokre få andre, og så går det rykte om fæle røvarar i skogen, og endå fælare jugosar, som dei vert kalla. Krigen er nær, om enn ikkje så trugande som Adam trur, men han meiner likevel at han er budd på det som skal komma. Han forstår, eller misforstår, verda hierarkisk, med kjende og ukjende instansar på kvar sin plass. Øvst står Kaiseren, og alle habsburgarar, men truleg først og fremst han far, som er den som pryler mest. Den som pryler nest mest, er Herr Zotter, deretter sønene hans, og til sist Adam sjølv, som pryler Florian. Adam har slike valdsfantasiar at lesaren er meir redd for kva han kan finna på, enn for kva som kan skje med han, når han og Florian og andre ungar er for seg sjølve, utan tilsyn av vaksne.

Magisk funksjon

Det konsekvente perspektivet er framifrå og kompromisslaust gjennomført. Adam formidlar naivt og usensurert både det han trur han ser, og det han tenkjer. Slutten på flagget vårt er eit kunstverk med ein nær på magisk funksjon: Den snevre horisonten til avsendaren Adam utvidar forståinga til mottakaren. Lesaren får ein viktig posisjon i teksten, ved å fylla ut der Adam, utan å vita om det, kjem til kort, og det hender ofte. Med denne naiviteten i forteljarrøysta får ein sjå fenomena direkte, og ikkje via omgrep, noko som gjer at dei kjennest meir autentiske. Ein observerer såleis nasjonalisme på grensa til det absurde (òg på grensa til Jugoslavia), vanrøkt og samlivsproblem, overgrep, fiendskap og ikkje minst mislukka freistnad på oppseding etter skippertaksmetoden. Faren i huset, rektoren, er ein elendig pedagog i heimen. Når han underviser borna sine, er det utan tolmod, utan kontinuitet og utan forståing for nivået til ungane. Kunnskapsformidlinga kjem som snøskred; spontant, sporadisk og brutalt. Dette høver også godt med framstillinga av hendingane, for Adam ser ikkje samanhengen i det som går føre seg. Alt er augneblinksbilete for han, men ikkje for lesaren.

Ein stad seier Adam til Florian at alt er lov når ingen ser på. Samvitet er framleis eit uoppdaga kontinent, og kulturen han lever i, er ikkje i stand til å syne han vegen dit. Dette kan minna lesaren på noko viktig, nemleg at sivilisasjon ikkje er ein naturtilstand, og at det kviler eit tungt ansvar på alle føresette.

Slutten på flagget vårt er kort og godt skrivekunst av høg klasse.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det konsekvente perspektivet er framifrå og kompromisslaust gjennomført i denne romanen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis