Ein valdsodyssé
Anna Kristina Knudsen skriv oppvekstdikt om utanforskap og rå vald.
Anna Kristina Knudsen er debutant.
Foto: Heidi Furre
DIKT
Anna Kristina
Knudsen:
7078 Saupstad
Flamme forlag
Debutanten sparer ikkje på sjokkeffektane i denne oppvekstskildringa, eller valdsodysseen, i diktform.
Det verkar som personen i dikta har falle mellom alle stolar og høghus i bydelen Saupstad i Trondheim. Ikkje er ho skikkeleg svart og ikkje skikkeleg kvit. Ho kjenner seg feilkjønna og vil helst bli gut. Og heime herskar kaos. Faren vert karakterisert slik: «du kjenner deg tom/ jeg kjenner deg bare full». Fyll og knyteneveslag førekjem her i så å seie alle nære og fjerne relasjonar: «Hest er best og fotball er gøy har jeg klistra med små rosa bokstaver på/ døra du har stengt meg inne bak.»
Distanse
Staden er altså Saupstad i Trondheim, med nokre tilbakeblikk på opphald på ei hytte i Valdres og eit studieopphald i Malaysia. Plassane og omgivnadene kan nok skifte og vere meir idylliske og eksotiske enn andre, men valden er konstant nærverande. I slutten av diktboka er redslane i ferd med å forplante seg til neste generasjon. Fredfylte augeblikk og lokkande framtidsutsikter kan her teljast på éin finger.
Kroppen er vorten ein framand stad som knapt registrerer smertene. Slik er også tekstkroppen fråkopla det kjenslemessige sanseapparatet. Kanskje verkar dikta som ei øydsling i konsekvensfri knivstikking og vald, som ei overflate der overgrepa ureflektert avløyser kvarandre og kan hende er i ferd med å tippe over i det teikneserieliknande. Likevel er den distanserte skildringa ironisk og laussleppt, fordi utryggleiken og illgjerningane er vortne så forventa daglegdagse at dei ikkje vedkjem offeret.
Hakk og brot
Typografisk er dei temmeleg prosanære tekstane i debutboka 7078 Saupstad sette opp som dikt. Setningsperiodane er ikkje skilde med punktum, og fraseringa står fram som oppjaga, tidvis også som pumpande og intendert hakkete. Og det er her, i desse hakka og brota, at smertene og kjenslene tyt fram.
Sjølv om lesaren kan trekkje opp kronologiske liner og handlingar mellom tekstane, gjer dikta punktnedslag i oppveksten og faldar ut augeblikk og borar i enkeltståande episodar. Skrivemåten er gjennomført, og valden alltid nærverande. Om det er noko som kjennest trygt her, så er det kanskje stilen.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skrivemåten er gjennomført, og valden alltid nærverande.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen