Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Einsame kunstnarar

Eg trudde eg skulle lese ei bok om eit brot, men enda opp med ein roman om kunst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eivind Sudmann Larssen ville forske på tomrommet som kjem når ein misser nokon.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbluss

2954
20180406
2954
20180406

Roman

Eivind Sudmann
Larssen:

Etter dette skal vi bestandig være fra hverandre

Cappelen Damm

Fotografen Sigrid og forfattaren Thomas har nettopp gått frå kvarandre. Dette er utgangspunktet for Eivind Sudmann Larssens tredje bok. Først får vi forteljinga til Sigrid: Det er ho som vel å gå då ho oppdagar at Thomas har vore utru. Ho køyrer heim til den aldrande faren sin og blir verande der på ubestemt tid. Så får vi versjonen til Thomas, som tar noko mindre plass i boka. Vi får forklart korleis han har opplevd å leve med Sigrid, at det for han har vore noko som har mangla, og at lidenskapen vert vekt til live igjen då han treffer Thea, kjærasten han hadde i ungdomstida.

Usympatiske figurar

Begge versjonane er ubehagelege å lese, på kvar sine måtar. Ikkje fordi skildringane av brotet er hjarteskjerande, men heller motsett.

Sigrid verkar kjenslelaus; ho brukar ikkje tid på å vere lei seg over sviket, ho skal vidare med ein gong. Og vi får heller ikkje innblikk i noka stor sorg då far hennar, som ho har eit svært nært forhold til, døyr, attpåtil nokså brått.

I starten begeistrar forteljinga om Thomas meg. Larssen gir språket meir luft her, resonnementa får større plass, slik at alt blir mykje meir levande enn i den heller refererande delen om Sigrid. Kan hende handlar dette rett og slett mykje om bruken av førsteperson her, medan Sigrids versjon er fortald i tredjeperson. Men snart synest eg òg at Thomas er ein usympatisk type, ein slik som innbiller seg at han har funne ut noko om lidenskapen og livet som vi andre har gått glipp av.

Gode kunstskildringar

Romanen handlar lite om brotet, sjølv om tittelen og baksideteksten nærast lovar at dette er boktemaet. Mens Sigrid ikkje føler noko som helst, føler eg meg lurt.

Ordet kamera stammar frå latin, camera obscura, som tyder «mørkt kammer». Eit fotografi oppstår når lys slepp inn i ei opning. Sigrid lever som eit levande kamera, som eit mørkt rom, som tar til seg utsnitt frå verda heilt overflatisk. Nokre detaljar i starten og slutten får meg til å lure på om delen om Sigrid er oppdikta av Thomas, at alt dette ikkje eigentleg har skjedd – er det berre Thomas som innbiller seg at Sigrid er så kald? Men det blir med spekulasjonane, og dette har eigentleg ikkje så mykje å seie for lesinga.

Det boka derimot handlar mykje om, er kunst. Eg storkosar meg med dei flotte skildringane av fotograferinga og mørkeromarbeidet til Sigrid, Thomas som forfattar og ikkje minst far til Sigrid, som arbeider med å restaurere glasmåleri. Eivind Sudmann Larssen skriv eit tradisjonelt bokmål som er herleg lett og godt å lese, og viss vi seier det slik at dette er ein roman om einsame og søkande kunstnarar, er han slettes ikkje verst.

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Mens Sigrid ikkje føler noko som helst, føler eg meg lurt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis