Einsemd og lengt
Erik Varden står i ein levande dialog med den katolske tradisjonen.
Religion
Erik Varden:
Lengsel er mitt vesen. Om ensomhet og kristen erindring
Omsett av Kristine Dingstad
St. Olav forlag
Den tyske teologen Karl Rahner vart på 1960-talet spurd om han trudde det ville finnast kristne i Europa i det 21. hundreåret. Ja, svara han, men dei vil vera mystikarar. Ein stad i Østfold sat ein gut ved middagsbordet og høyrde faren, som var dyrlækjar, fortelja om ein bonde som hadde kasta skjorta i sommarvarmen, og den nakne ryggen fortalde om pisking og tortur i ein tysk fangeleir. Det var eit bilete som skaka guten, som deretter, lesehest som han var, las alt han kom over om krigen, og tenkte mykje på døden. Før han skjøna sjølve ordet, var han «trett av overfladiskhet».
Heimen var agnostisk, guten døypt og konfirmert, men utan tru. «Troens ambassadører» hadde ikkje gjort noko inntrykk på han. Som 15-åring høyrde han Mahlers 2. symfoni, «Oppstodesymfonien», og skjøna den tyske teksten i songen. Då slo trua inn i han: «Jeg visste at det var sant.» Vegen vidare gjekk til Den katolske kyrkja: «Jeg hadde oppdaget et rom som omfavnet motsigelsene i meg uten å gå på akkord med sannheten.»
Munk og seinare biskop
Guten, som heiter Erik Varden (f. 1974), vart munk og har i fleire år vore abbed i eit engelsk trappistkloster – heilt til pave Frans utnemnde han til biskop i Trondheim i 2019. I 2018 gav han på engelsk ut boka The Shattering of Loneliness, som alt er komen i fleire opplag og er omsett til sju språk, mellom anna tysk og fransk. Boka er nett komen ut i norsk omsetjing under tittelen Lengsel er mitt vesen. Om ensomhet og kristen erindring. Ho handlar om hans eiga åndelege reise, med ei vegvisarhand til dei som vil fylgja på ferda.
Ei bok eg las som ung, og som har fylgt meg heile livet, er skriven av den franske benediktinarmunken Jean Leclercq: L’amour des lettres et le désir de Dieu – «Kjærleiken til litteraturen og lengten etter Gud». Slik var det monastiske idealet, og i denne kjærleiken var det til dømes at islandske munkar sat og skreiv av heile sagalitteraturen i mellomalderen. Denne munkekjærleiken til litteraturen berga heile Europas litterære arv, også den heidenske. Den latinske poesien hadde høg status. Dei fann spor – eller «såkorn» – av Logos også hjå diktarar som levde før Kristus. Det same gjer Varden hjå diktarar frå alle tider; han elskar «disse blinde seende som ikke kjenner hemmeligheten de intuitivt berører, men kan ha mye å lære oss som hevder å kjenne, men ofte mislykkes med å se».
Levande dialog
Munken Erik Varden har budd i Europa i over tre tusen år. Han står i ein levande dialog med den store tradisjonen, og når han seier «erindring», kling det heile med. Kyrkja lèt han lesa livet sitt «inn i et forløsningsnarrativ som ikke bare går tilbake til tidenes begynnelse, men erindrer fremover, inn i evigheten». Det er ei krevjande bok han har skrive, med sitat på mange språk og med tre framande alfabet: hebraisk, gresk og russisk. Alt er sjølvsagt omsett, og det einaste som er dårleg i boka, er den norske omsetjinga – frå engelsk – av eit dikt av Anna Akhmatova, «Kona til Lot». Det er synd, for det er vel ikkje så mange som har glede av den russiske teksten. Eg laga straks ei ny omsetjing for Dag og Tid, som eg vonar vil stå i diktgalleriet på siste sida.
Kona til Lot lengta heim til Sodoma, til den undergangsdømde byen. Ho snudde seg på bergingsferda og vart ei saltstøtte og ein matriark for alle som lengtar i feil retning. Dette er eit av mange døme på korleis Varden hentar fram gamle og kan henda støvlagde bilete frå vår felles mentale biletbok, frå vår «erindring», og viser dei slik at dei grip oss på ny. Det same gjer kyrkjefedrar som Athanasios av Alexandria, helgenar som Serafim frå Sarov, men òg poetar og kunstnarar som til dømes Stig Dagerman, som gjorde sjølvmord i 1954, 31 år gamal. «Når jeg ser på Dagerman, ser jeg en bror.» Dei deler ikkje kristentrua, men har felles grunn og felles språk i det munken kallar «en ydmykhetens antropologi».
Usynleg nåde
På 400-talet sat Augustin som biskop i Nord-Afrika og såg vandalane koma. To hundre år seinare var heile denne blømande kyrkjemarka vorten muslimsk. Folkevandringstida den gongen gjekk hardt ut over kyrkja, og kristendomen overlevde ikkje minst av di han kunne forpuppa seg i kontemplative kloster.
Dette kan henda på ny, i vår eiga folkevandringstid, der tidsånda har teke eit så kraftig kvelartak på den eigentlege kristendomen at det meste av det som no vert bydd fram, korkje er til å leva eller døy for. Men alt er der framleis, det er berre eit spørsmål om å få augo opna. Forfattaren Ebba Haslund fekk trua i gåve då ho i filmen Ben Hur såg ei anonym hand rekkja eit glas vatn til Frelsaren på veg til krossfestinga. Vassglaset vart for henne eit «sakrament», eit synleg teikn på ein usynleg nåde.
Røynda er framleis full av slike teikn. Men når me heile tida skal vera «oppdaterte» på tøv og lata oss uroa av kvart minste pip av dei dingsane me ber i lomma, er det dårleg klima både for minne og lengt. Difor treng me munken, som vil gje livet sitt som «opptenningsved» for kjærleikselden i verda, og gjera oss til dei «mystikarane» Karl Rahner såg føre seg. Og når me har vandra med Erik munk gjennom den store tradisjonen, endar ferda med eit dikt av Olaf Bull, som kling fulltonande etter ei slik ferd:
Det er min tro, at i smertenslandet
er al erindring et livets frø,
en liten gnist fra den sol af sandhet,
at intet levet kan dø!
Kjell Arild Pollestad
Kjell Arild Pollestad er forfattar og omsetjar, og katolsk prest i unåde.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Me treng munken som vil gje livet sitt som «opptenningsved» for kjærleikselden i verda.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.