Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit bjørneliv

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Han møter henne i bjørneskogen.

Han møter henne i bjørneskogen.

Illustrasjon: Per Dydvig

Han møter henne i bjørneskogen.

Han møter henne i bjørneskogen.

Illustrasjon: Per Dydvig

1745
20190517
1745
20190517

Faktabok

Bjørn Arild Ersland og Per Dybvig (ill.):

Bjørnen sover

Cappelen Damm

Bjørnen sover er basert på forskinga i Det skandinaviske bjørneprosjektet. Mange bjørneflokkar er kartlagde sidan oppstarten i 1984. Det litterære samarbeidet mellom Bjørn Arild Ersland og Per Dybvig går ikkje fullt så langt tilbake, men det er eit etablert radarpar som no har tilpassa forskingsresultata til barnebokformatet.

Boka er todelt, der første delen fylgjer årstidene frå vinter til haust. Ersland fortel om livet slik det artar seg for ein bjørn, på ein så sanseleg måte at lesaren kjenner det på kroppen. Forteljarstemma legg seg tett opp til korleis dyret opplever lys, lukt, frykt, sinne, svolt og søvn. Det er som om språket hermar tankane og instinkta slik dei jagar gjennom bjørnekroppen.

I den andre delen vert opplevingane vi akkurat har lese om, utvida med forklaringar og fakta.

Delinga mellom forteljing og fakta kunne med fordel ha vore klarare. I båe bolkane fortel Ersland frå perspektivet til bjørnen. Ein treng nokre års røynsle med bøker og lesing for å oppfatta forskjellen. Eit betre grep er samanlikninga mellom dyr og menneske. Fotavtrykket er ganske likt, kroppen også. Kvifor toler ikkje vi å ete oss så smellande feite? Kanskje finst det løysingar både på diabetes og overvekt i bjørneblodet.

Forteljarglede pregar både tekst og illustrasjonar. Per Dybvig skuffar aldri. Han utnyttar spelerommet mellom fakta og forteljing og varierer uttrykket meir enn vi er vande med mellom dei same to permane. På éi side er streken karakteristisk: vittig og energisk. På ei anna side er han mjuk, utflytande og roleg. Truleg omtrent som eit bjørneliv.

Janne Karin Støylen

Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis