JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit vanæra land

Latviske Nora Ikstena skriv frå innsida av eit land i lenkjer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sidan debuten i 1998 har Nora Ikstena skrive over 20 bøker. Ho er i dag ein av dei mest lesne forfattarane i Latvia.

Foto: Jan Kløvstad

3634
20220617
3634
20220617

Roman

Nora Ikstena:

Morsmelk

Omsett frå latvisk av Snorre Karkkonen Svensson
Aschehoug

Svart morgonmjølk me drikk ho um kvelden

me drikk ho middag og morgon me drikk ho um natti

me drikk og drikk

heiter det i Paul Celans berømte dikt «Todesfuge», «Dødsfuge» på norsk, i Olav H. Hauges omsetjing. Sjølv om konteksten Celan skriv ut frå, er endå mykje dystrare enn Latvia under sovjetstyrets åk, er det noko sams i motivet her. Den svarte øydeleggande væska som blir tvinga på ein, inn i ein, som å drikke døden sjølv.

Hos Ikstena er mjølka eit komplekst motiv som blir bygd ut til eit symbol for fleire tilhøve. Den latviske forfattaren var eit nytt namn for meg, men er omsett til norsk også tidlegare og blir rekna som ein av Latvias største nolevande forfattarar.

Bitter mjølk

Morsmelk er komponert med to stemmer, mor og dotter. Dei fortel sogene sine i annakvart kapittel gjennom boka. Kapitla er korte, meir som avsnitt, vekslingane kjappe og båe hovudpersonane utan namn. Til å byrje med går lesaren litt i surr. Men snart skil ein dei to stemmene og personane tydeleg frå kvarandre.

Ho som er mora i romanen, blir fødd samtidig som Riga blir frigjord frå Nazi-Tyskland, i oktober 1944. Frigjeringa skal vise seg å vere starten på eit nytt fangenskap. Utan høve til å trekkje pusten går latviarane direkte frå det eine undertrykkande regimet til det andre, når Sovjet legg si klamme hand over dei.

I 1969 går flower power-bølgja over den vestlege verda. I Latvia er det politikken i Moskva som styrer livet frå vogge til grav. Alle delar av livet blir haldne i eit jarngrep: skulegang, arbeidsliv og familieliv. For dei unge i Latvia er hippielivet ein fjern draum. Likevel, i eit glimt av von om noko anna og friare, møtest to unge menneske ei natt, og det resulterer i eit barn, ei dotter.

Den unge mora går frå den nyfødde dotter si. Ho kjem attende etter nokre dagar, men då er brysta tomme. Kvifor gjer ho dette mot dotter si? Dette blir ei av gåtene som dottera balar med langt inn i vaksenlivet.

Dottera veks opp i 1970- og 1980-åra, med ein skulekvardag der «det i løpet av en uke var seks timer i russisk språk og litteratur og hvor pensum i samfunnslære var kommunikeer fra kongressene til Kommunistpartiet, hvor de selvsomme frasene som ikke sa noe som helst, ble gjentatt i det uendelige».

Nådelaust

Mora som ikkje vil amme, er sjølv kvinne- og fødselslege. Ho studerte medisin og viste seg tidleg som eit lysande talent innan legekunsten. I eit rutineforhøyr som skulle avsløre om ho har dissidenttendensar, svara ho litt for ærleg om eiga tru. Dette vesle «feiltrinnet» var nok til å forvise den talentfulle legen frå forsking og karriere i hovudstaden.

I provinsen held ho ei stund fram med å vere den livgivande kvinnelegen som ho var etla til. Særleg gjer ho ein stor innsats for barnlause, med hennar hjelp blir kvinnene gravide. Så langt borte frå eit meir stimulerande fagleg miljø, veks likevel naget mot det nådelause systemet. Dottera veks opp med ei mor som aldri heilt kjem attende til seg sjølv eller til det sterke medisinske engasjementet sitt.

Morsmelk er ein rikt samansett roman, men lett å lese. Latvia, landet og lagnaden blir som ein eigen karakter. Kjærleiken til fedrelandet skin sterkt gjennom heile den vesle, gripande boka.

Omsetjinga til Snorre Karkkonen Svensson har eg lite å utsetje på. Han har valt eit bokmål med eit lett gamalmodig preg som kler soga godt.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Morsmelk er ein rikt samansett roman, men lett å lese.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis