Eit vesentleg tilskot til norsk teksthistorie
Denne utgåva av folkevisesamlinga til Landstad legg grunnen for ei ny forståing av norsk teksthistorie.
Prest og salmediktar Magnus Brostrup Landstad samla òg inn folkeviser.
foto: Carl Simonsen /NTB scanpix
Sakprosa
Herleik Baklid (red.):
M.B. Landstad. Skrifter 4. 2 band: Norske Folkeviser del 1 og 2
Innleiing og kommentarar ved Ørnulf Hodne
Novus 2017
Siste faksimileutgåva av dei om lag 900 sidene med folkevisene Magnus Brostrup Landstad (1802–1880) gav ut i 1853, kom i 2007 og har alt lenge vore utseld. No har ein i den store Landstad-utgåva valt å prente faksimilen endå ein gong. Så påkosta og flott denne utgåva er, kunne ein kan hende venta at tekstane hadde fått nye merknader, at rettingane på slutten av verket var innarbeidde der dei høyrde heime. Det hadde vel faktisk ikkje vore av vegen med eit vitskapleg apparat som kontekstualiserte arbeidet med tekstane, opplyste heile vegen kven som var heimelskvinner og -menn, og innførde forskingsreferansar frå heile den perioden som har gått.
Likevel gjev det noko særskilt å sjå teksten i den opphavlege standen han hadde: Det gjev noko av den multimodale kjensla, især når vi kjem til notane (sist i tekstbandet, band 4:2), og etter kvart som ein grev seg frametter i dei ulike slaga og laga av viser, lever vi oss inn i Landstad-universet.
Heldigvis kompenserer den lange, spennande innleiinga til Ørnulf Hodne i stor grad for eit eige vitskapleg apparat (som diverre for ofte manglar i norske tekstutgåver). Eitt er at han gjev gode kjeldelister og har laga tillegg om oppskriftene, der det no endeleg går godt fram kva for ei rolle Olea Krøger (1801–1855) hadde i innsamlingsarbeidet. Hodne har gjort eit gedigent, både for den interesserte ålmenta og for mange fagmiljø, svært verdfullt arbeid med å framstille heile prosessen i innsamling, utgjeving og mottaking av folkevisene.
Tradisjonsborne viser
I mangt måtte Landstad sjølv skape dei prinsippa som skulle gjelde for å velje ut viser og ikkje minst, versjonar av dei. Dikta bygdeviser der opphavspersonen var kjend, skulle ikkje med, derimot skulle dei vere tradisjonsborne. Likevel var der bygdeviser som tok i bruk tradisjonsstoff, og der var ulike variantar der gammalt stoff kunne blande seg med stoff frå skillingsviser. Landstad måtte såleis stå for omfattande vurderingar av kva som var folkeleg tradisjon. Han samanlikna noggrant med det som fanst av viseutgåver i Norden (og andre land), og han tok i bruk kjennskapen sin til både norrøn litteratur og religiøse song- og forteljetradisjonar.
Landstad tok etter slike vurderingar i bruk materialet ikkje berre frå namngjevne tradisjonsberarar, som Maren Olsdotter Ramskeid (f. 1817, emigrert 1852), særleg kjend for versjonen sin av «Draumkvedet», men òg mange tilsende oppskrifter og tidlegare innsamla stoff. For dei samla vurderingane sine, såleis av helteframstillingar, trusinnhald, jamføringar med mellomaldersoger, og så bortetter, fekk Landstad tidleg mykje kritikk for å vere uvitskapleg, frå sentrale folk som Jørgen Moe, Sophus Bugge og Svend Grundvig. Dette trass i at han hadde laga prøveutgåver og arbeidde – mellom anna etter råd frå Ivar Aasen – med språklege og andre endringar.
Historikaren P.A. Munch, som skulle vore tettare med i utgjevingsarbeidet, fall frå på grunn av det store arbeidet sitt om Det Norske Folks Historie. Medan han i starten hadde vore ein sterk støttespelar, vart han meir kritisk etter kvart til jamføringar med eldre tekstar, noko som var til nytte for Landstad sjølv så vel som seinare diskusjonar. Det vart Munch som i meldinga si sette eit klårt skilje mellom dei eldste, tradisjonelle leivningane frå ei fjern fortid, og dermed skapte ei haldning til det som skulle oppfattast som reint tradisjonsstoff, og meir affektert, moderne påverka stoff.
Rehabilitering
Ei rehabilitering av Landstad som fagmann starta med biografien til Rikard Berge i 1920. Då folkeminnegranskaren Knut Liestøl i 1924 analyserte originaloppskriftene til Landstad, tok han òg opp kritikken mot Landstad frå mange hald. Denne gjennomgangen rehabiliterte i hovudsak metoden til Landstad, noko seinare granskarar (såleis Svale Solheim) fylgde opp. Vurderingane til Landstad om kva som skulle med, kan vi i dag seie var sunnare enn mange andre og ofte utanforliggjande moralske omsyn, eller faglege kjepphestar, i tilsvarande arbeid av andre. Det er såleis ikkje tvil om at Landstad-restitusjonane av tekstar er meir pålitelege enn dei til Moltke Moe, som ofte dikta om etter ideologiske og subjektive mønster.
Difor er det særs opnande at Hodne går gjennom den nasjonale verknadshistoria til folkevisene. Det vil seie, kva faktisk verknad arbeidet til Landstad i norsk litteratur og annan kunst fekk. Fyrste og sterkaste brukaren av motiv frå Landstad-samlinga var Henrik Ibsen i ungdomsverka. Han studerte Landstad inngåande og skreiv jamvel ei lita avhandling om folkevisene. Bjørnson, Vinje, Garborg-ane, Undset, Aukrust og mange fleire nytta desse kjeldene på ein måte som endra norsk litteraturskriving og påverknadskrafta til skjønnlitteraturen for alltid. Og i biletkunst og musikk hende tilsvarande, med Munthe, Skredsvig, Werenskjold, Kittelsen og frametter til vår tid, og i musikken frå Grieg til Sæverud og så bortetter. Landstad gav oss ein umisseleg del av sjølve måten vi opplever kulturen vår på.
Ørnulf Hodne, redaktøren Herleik Baklid og Stiftinga Nasjonalt Landstadsenter har no gjeve oss ei nær på mønstergyldig framstilling av kva som kan gjerast for å gripe teksthistoria betre. Hodne syner også – høvisk, men tydeleg – koss diskusjonane om litteraturhistorie og kanon fell på sida av ei djup forståing av kva som har skapt tekstkulturen vår.
Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I mangt måtte Landstad sjølv skape dei prinsippa som skulle gjelde for å velje ut viser og ikkje minst, versjonar av dei.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen