Elegisk og brutalt
Endre Ruset og Harry Man skriv rik poesi om eit norsk traume.
Dikt
Endre Ruset og Harry Man:
Deretter
Flamme forlag
Terroråtaket på Utøya og i Regjeringskvartalet 22. juli 2011 er omdreiingspunktet i denne diktboka, skriven fram som eit samarbeidsprosjekt mellom den norske poeten Endre Ruset og den engelske poeten Harry Man.
Jamvel om diktbokas tittel Deretter peikar på ei ettertid og eit skilje i tida, handsamar ikkje dikta det norske traumet, det vil seie det manglande oppgjeret med det ideologiske tankegodset som motiverte massedrapsmannen. Dikta samlar seg om hendingane og dei bølgjene av sorg og sjokk massedrapet forårsaka. Sommaridyllen som forvandlar seg til eit apokalyptisk scene, og den etterfølgjande sorga.
I tråd med dette vil ein finne ein høg frekvens av forvandlingsmotiv og hav- og bølgjebilete strøymande gjennom dikta. Slik koplar også boka seg til ein lang elegisk tradisjon.
Rørlege monument
Bokstavane i dikta former grafisk konturane av andlet som lyser kvitt på boksidene, og kvar andletskontur ein finn i boka, har eit eige særpreg. Gjennom andleta strøymer orda, men rett nok vert ordstraumen iblant broten opp i enkeltbokstavar som gjer rytmen stakkato, der dei dannar auge eller munn eller vert til ein kontur mot det kvite fråværet. Kombinasjonen av det visuelle og verbaltekstlege gjer dikta til rørlege monument.
Dikta er skrivne til eit smertefullt høve. Dei krinsar om ein autentisk kjerne som involverer mange, frå dei direkte råka til det norske kollektivet. Utfordinga er å finne eit gyldig språk til illgjerningane og tapet.
Då Pier Paolo Pasolini skreiv diktet «Patmos» rett etter terroranslaget på Piazza Fontana i Milano 1969, forma han det som ein kollasj beståande av tre element og respektive stilartar: det apokalyptiske, dei journalistiske nekrologane over alle offera og ein politisk polemikk. Dei ulike elementa blei bundne saman i det autentiske eget til forfattaren.
Radikalt stilbrot
I Deretter finn ein eitt radikalt stilbrot, representert av midtseksjonen i boka, som lenar seg sterkt på obduksjonsrapportane. Nærgåande klinisk og svært brutalt får ein her høyre om korleis kulene treffer og kor dei går ut av kroppane.
Når det gjeld eget i Deretter, er det fleksibelt og flyttbart, for brått åndeleggjer det noko, brått manifesterer det ei røyst, dei etterlatne, vener, offera. Slik svingar dikta frå vene, rytmiske sekvensar til slåande formuleringar som hektar seg fast i lesaren: «Sorg. En/ slags kjærlighet du ikke kan falle ut av.»
Eg har sans for den forsiktige, tilbakehaldne, men likevel klåre språkbruken, nett som om poetane veit at i dette høvet kan dei få alle til å gråte, men dei vil ikkje gi seg inn på den vegen, snarare halde fast det som er så vanskeleg å ta og halde i, fråværet.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Deretter finn ein eitt radikalt stilbrot, representert av midtseksjonen i boka, som lenar seg sterkt på obduksjonsrapportane.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.