Europeiske krigar vi aldri forstod
Sylo Taraku skriv augneopnande om krigane etter den kalde krigen.
Sylo Taraku flykta frå krigen i Kosovo og kom til Noreg tidleg i 1990-åra.
Foto: Joseph Pessar
Sakprosa
Sylo Taraku:
Krigens kontinent. Europa etter den kalde krigen
Res Publica
Denne boka er eit verkeleg krafttak. Delar av henne må ha vore tunge å skrive, som dei mange hjarteskjerande forteljingane om oppløysinga av Jugoslavia og krigane mellom ulike regionar og sidan republikkar der.
Samstundes forstår vi litt betre det vi aldri skjøna før. Vi avskreiv læringsprosessane vi burde hatt, sjølv om vi har late folk utsetje liv og helse i somt av det som her er skildra. Vi har avskrive det meste med å tenkje at gamle motsetnader alltid låg der og ulma. Dermed har vi ikkje skjøna kva rolle aggressiv nasjonalisme, religion og internasjonale spenningar har hatt. Dette får vi no betre innsyn i.
I sommar var eg i Kroatia, preika med folk som eg plar der eg fer, og opplevde då den sorgsame lengten og gleda i røysta og augo til eldre menneske. Nett same kjensla som ved slike høve kraup inn i sjela, vart no vekt til live under lesinga i førstedelen av boka til Taraku.
Gjensidig mistillit
Leikande og fortruleg kappestrid i sport og kultur og gjensidig respekt i samarbeid prega i hovudsak stemninga i det gamle Jugoslavia, då Taraku var gut, og då Tito insisterte på samarbeid og samhug på tvers – såleis at alle unge menn måtte gjere hærteneste andre stader enn i eigen region.
Di hardare, dermed, å lese om dei grufulle cenane som utspela seg så mange stader etter at Milosevic tok over. I staden for samhald og gjensidig forståing, sterk understreking av ulikskap og ulike interesser, med oppbygging av gjensidig mistillit. Med det resultatet at det under borgarkrigane utspela seg dei mest utenkjeleg grufulle scener, med tortur og forfylging.
Noreg forstod ikkje
Noreg deltok for fyrste gong aktivt i krig etter den andre verdskrigen med tilskot til Kosovokrigen i 1999. Den fyrste krigen i verdssoga der bombing dominerte heilt.
Eg budde i Strasbourg då og hyste eit kosovoalbansk flyktningpar to veker, etter oppmoding frå byen via universitetet. Eg var lite eigna, for paret var så utslitne og i slik psykisk ubalanse at sjølv med min aller største empati var det ein lette då dei vart sende vidare etter at vi hadde omfamna kvarandre.
Noreg ante like lite som eg den gongen kva vi var med på. Tarauku viser korleis, såleis ved døme som at norske styrkar hindra folk i å kome seg ut av krigssonene ved forkleding eller andre triks – slike flyktningar vart sende attende og avretta. Og Taraku viser oss òg kvifor nordmenn og Nato ingenting forstod.
Fyrst i 2022 kom der ein stor rapport om kva for ei rolle Noreg hadde innanfor Nato-rammene. Men denne tok særleg for seg kva for militære røynsler som har gjort at Noreg har måtta revurdere forsvaret sitt og rolla i Nato, ikkje i stor grad dei mange menneskelege tragediane Noreg var med på å framprovosere. Sjølv om intervensjonen frå Nato også berga menneskeliv.
Ikkje viljug til å forstå
Ut frå desse lesaropplevingane går vi så vidare til utviklinga av konfliktar i statar som Sovjetunionen mista kontroll med og ville halde på. Desse røynslene viser oss noko om korleis det internasjonale samfunnet framleis ikkje er viljug til å forstå, men i staden godtek førestellinga om at verda må vere inndelt i interessesfærar, og at det er den einaste realistiske politikken.
Taraku syner oss likevel, og ikkje minst ved møte mellom menneske og refleksjonar om hendingsforlaup etter at han har laga ein overgang som perspektiverer kva situasjon Sovjet meinte å finne seg i etter Jeltsin, korleis oppløysingsprosessen gjekk føre seg, og kva han gav av høve til konflikt i dei nye statane eller forsøka på statsdanning. Noko som inviterte Russland til å tenkje i vinnings hensikt og arbeide for gjenetablering av eit imperium – noko Vesten heller ikkje i så måte brydde seg om.
Dei to krigane i Tsjetsjenia og den i Georgia lærer oss såleis noko om at blodige etniske konfliktar opnar for at krefter kan bryte inn og overta prosessane på ein måte folk ikkje førestilte seg i interne kranglar. Mangt vi trudde vi veit om desse krigane, er ikkje korrekt, men byggjer på mytar og lause påstandar. Di meir verdfullt er det at vi såleis får sett ting på plass, slik at vi ser ein breiare bakgrunn for korleis krigen i Ukraina starta i 2014, og den vidare utviklinga fram til freistnaden på heilskala invasjon frå Russland.
Taraku evnar å skape oversyn og etablere fungerande samanlikningar. Han gjev oss framstillingar som er uavhengige av altfor vanlege norske diskusjonar om kven som har skuld og ikkje. Boka står for meg mellom dei mest verdfulle utkomne i år. Vi vert overraska, fælne og opplyste stadig vekk. Det einaste eg saknar, er ein grundigare diskusjon om kva rolle religionen spela, ut frå opptakten i fyrstedelen. Men ein kan aldri få alt. Dette er rikeleg nok. Skjønt – eg ville som vanleg vore glad for eit register i ei bok med så mange namn og tema.
Men kjære vakre vene, dette er ikkje viktige innvendingar for ei bok som framstår som eit sterkt forsvar av vestleg demokrati og våre samarbeidsdygder. Eg vil heller vise til engelen i Openberringsboka, som sa: Ta og les, ta og les! Denne boka kan ikkje unngå å skape større forståing.
Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.