Familie og friksjon
Monica Isakstuen har skrive ein leiken tekst om roller og rammer i det krevjande familielivet.
Monica Isakstuen er forfattar og dramatikar.
Foto: Julie Pike
Roman
Monica Isakstuen:
De små jentene
Gyldendal
Det er ikkje få norske romanar som tar for seg det særnorske (som kanskje ikkje er så spesielt som vi trur) fenomenet med at fleire generasjonar som elles ikkje ser kvarandre så mykje, trenger seg saman i tradisjonelt sett små fritidsbustader ved sjøen eller på fjellet. Hytta er ei freistande ramme for å setje i scene friksjonar i familien. Der kjem ein tett på kvarandre i reint fysisk forstand, og det er duka for konflikt og dramatikk.
Isakstuen har òg i tidlegare bøker tematisert det vanskelege familielivet. Denne gongen er det roller og relasjonar mellom mødrer og døtrer ho tar opp.
De små jentene er ikkje ein vanleg roman, men noko ein kunne kalle eit langdikt. Teksten er sett opp med brotne linjer og mykje luft og delt inn i korte bolkar på ei til to eller tre sider. Her er mykje gjentakingar, tilløp til rim, regler og leik med allusjonar. Det er oppfinnsamt og leikande.
Ei lita kvitmåla stove
Miljøskildringane er presise når Isakstuen inviterer oss til ei lita kvitmåla hytte, idyllisk ved sjøen mellom solvarme svaberg og vridde furutre, nedst i Østfold eller kanskje på Sørlandet. Dette er ingen prangande eller perfekt fritidsbustad, men ein plass full av sjarm og endå meir stappa med tradisjonar.
Dei som er så heldige å få opphalde seg her, bør kjenne seg utvalde og respektere dei uskrivne lovane som har vore praktiserte her i generasjonar. Slik går dei litt på nåde og på tærne i høve til dei eldste. Det vesle huset og omgivnadane rommar stor verdi økonomisk, og endå meir i sentimental forstand.
Dei vi møter på hytta nokre sommardagar, er ei mor med to døtrer og hennar mor att. Personane er framstilte meir som roller enn som individ, ingen har eigennamn. Mater Familias styrer det meste med tilsynelatande mild, men nokså rigid, hand – og med ei evne til å strø om seg med stikkande utsegner meinte for å skape skuldkjensle.
Hyttelivet skal praktiserast slik det alltid har blitt gjort, ingen «slinger i valsen» eller brot på kutymane er tillatne, som ikkje å gå berrføtt på stien gjennom skogen til sjøen eller bade før klarsignal er gitt. Maten skal setjast fram på ein spesiell måte og til faste tider og på faste stader.
Det tilsynelatande idylliske og frie ferielivet viser seg å vere fullt av forventningar og krav. Mora i midten kjem i skvis når den yngste generasjonen, dei små jentene, gjer opprør og stiller spørsmål ved alle reglane. Ho minnest også eigen barndom og eigne forsøk på opprørsk forandring. Kort sagt er det dette handlinga i boka går ut på.
Mødrer skal kome
Jamt over gir den spesielle stilen og forteljeforma eit originalt driv til stoffet, som veks fram og kjem til syne frå fleire vinklar: Tida som går, og alle aldrane ein ber med seg og i seg gjennom livet. Det er både attkjenneleg og augeopnande. Innimellom tykkjer eg nok likevel den muntre, eller kanskje sorgmuntre, stilen tar overhand og blir repeterande. Då druknar det meir alvorsame og djupare innhaldet i fiffige ordspel. Mot slutten av boka blir likevel trådane samla og gitt ein god vri, slik at heilskapen får eit løft.
De små jentene set i scene korleis nærskylde har det med å setje opp stengsel og grenser for einannan og for samværet, men samstundes alltid ber på høvet til å setje kvarandre fri. Dei små jentene lever inne i oss som ei kjelde til nye og friske måtar å gjere ting på, ei evne til å sprenge dei rammene som er forelda og rigide.
Omslagsdesignet til boka, av Stian Hole, er genialt.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?