Familie som fangenskap
Kjersti Kollbotns oppfølging av debuten frå 2009 krev enda ei oppfølging.
Kjersti Kollbotn tek opp tråden frå debutromanen i den nye romanen.
Foto: Marie Haugen / Cappelen Damm
Roman
Kjersti Kollbotn:
Dis
Cappelen Damm
Kring Forfattarstudiet i Tromsø er det skapt eit litterært miljø som dei siste tiåra har fått fram ei rad av habile forfattarar. Kjersti Kollbotn er ei av dei, men ho har selskap med Ingvild Solstad-Nøis, Ingvild Holvik, Sigbjørn Skåden, Morten Wintervoll og Michel Rindahl, for å nemne eit knippe. Liv Lundberg var drivkrafta i Forfattarstudiet i Tromsø frå starten på 1990-åra. I dag er Anne Oterholm leiar.
Kjersti Kollbotn debuterte i 2009 med romanen Eg er mamma. Eg skal vere god. Romanen vekte oppsikt med ei nærgåande skildringa av omsorgssvikt gjennom ei mor som var meir opptatt av eige driftsliv enn av dei to barna sine på tre og seks år, L og S. Nokon far fanst ikkje.
Manipulerande mor
No grip Kollbotn tilbake til debuten og følgjer denne vesle familien vidare. Barna S og L er tidleg i 20-åra, har flytta heimanfrå og til ein annan by for å studere, mens mora prøver å kontrollere dei over telefon, gjennom tekstmeldingar og personlege oppmøte. Men ingen ting er i vater hos desse folka, og Tordis eller Dis, som jenta heiter, har store problem med seg sjølv i møte med andre. Studia går fort i vasken, konsentrasjonen sviktar, ho prøver ein butikkjobb, ho blir kasta ut av hybelen, ho drikk og forfell og prostituerer seg tydelegvis for å få pengar. Broren greier seg betre, men symbolsk nok har han fått lærlingplass i eit gravferdsbyrå.
Men det overordna problemet er den dominerande, invaderande og manipulerande mora som heile tida heng over dei og drar dei tilbake eller støyter dei bort, alt etter som, og når dei prøver å konfrontere henne med sin eigen oppvekst, får dei tilbake at «fortid skal gløymast, gøymast».
Poetisk språk
Så enkelt er det ikkje, og Tordis eller Dis tenkjer at «ho er Dis og dis. Flyktig og flytande», og denne assosiasjonen eller besjelinga blir svært tydeleg i denne sekvensen: «Ho er Dis. I nærleiken av varme brenn ho. Ho svevar over myr. Krøllar seg rundt nutar og knausar, sig gjennom skog, mellom greiner og trestammer. Ho perlar i pelsen som på dyr under open himmel. Når sola bryt igjennom, forsvinn ho, i lyset blir ho borte.» Dette poetiske språket styrkjer romanen og står i kontrast til den kvardagsnære og nøkterne realismen som dominerer.
Romanen har ei avslutning som peiker mot enda ein roman om denne familien. Kva retning det vil ta, er det opp til Kjersti Kollbotn å vite, men eg håpar at Dis greier seg og ikkje går til grunne i sjølvforakt og grubling over tapt barndom og tapte sjansar.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det poetiske språket styrkjer romanen.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.