Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Fargerikt om utanforskap

Ildhjerter er ein kjenslerik gresk tragedie i britisk-pakistansk samtidsdrakt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kamila Shamsie skriv om utanforskap.

Kamila Shamsie skriv om utanforskap.

Foto: Zain Mustafa

Kamila Shamsie skriv om utanforskap.

Kamila Shamsie skriv om utanforskap.

Foto: Zain Mustafa

3360
20180504
3360
20180504

Roman

Kamila Shamsie:

Ildhjerter

Omsett av Anne Cathrine
Wollebæk
Gyldendal

Det er ei linje frå ein Ane Brun-song som brenn seg fast i tankane mens eg les Ildhjerter: «I guess I’m too scandinavian». Ildhjerter handlar om nasjonalitet, identitet, rasisme; behandlinga av desse emna er den sterkaste sida ved boka. Men ho handlar òg om dei store kjenslene, kjærleik og familieband, og òg litt om religion. Og det er her Ane Brun-låten kjem til meg; det blir berre litt for mange fargar for meg. Men her er det nok den trauste, norske smaken min det er noko gale med, heller enn boka.

Antigone

At boka er ei omskriving av Sofokles’ Antigone gjer det nærast melodramatiske aspektet lettare å svelgje. Romanen er delt inn i fem delar, fem synsvinklar: storesøster Isma, venen hennar Eamonn, veslebror Parvaiz og den vakre tvillingsøstera hans Aneeka, som etter kvart òg er kjærasten til Eamonn, og far hans – Karamat – som er Storbritannias innanriksminister. Det kan høyrast ut som det blir mykje å halde orden på, men Shamsie gir dei god plass, slik at vi blir kjende med alle fem. Det er spennande å sjå handlinga frå så ulike perspektiv.

I den greske tragedien er Antigone kvinna som krev at broren Polyneikes skal bli gravlagd, noko herskaren Kreon nektar grunna måten han døydde på. Kreon har ein son, Haimon, som er trulova med Antigone. Og så er det storesøstera Ismene som held seg meir i ro. I Ildhjerter spelar Aneeka rolla som Antigone, Parvaiz er Polyneikes, Karamat er Kreon, Eamonn er Haimon og Isma er Ismene. Handlinga er òg sprøtt lik den 2500 år gamle «originalen» – det er eit stilig stykke arbeid.

Aldri britisk nok

Romanen startar idet Isma møter hindringar då ho skal reise til USA. Ho er førebudd på forhøyret på Heathrow, men det er likevel ikkje kjekt å bli stoppa berre fordi ein har pakistanske foreldre. «Men ser du på deg selv som britisk?», er eit av spørsmåla ho får av politiet. Når er ein person med anna opphav britisk – eller norsk – nok til å ikkje bli sett på som annleis? Kor mange generasjonar skal til?

Ved å bruke forhøyret som inngang får Kamila Shamsie oss effektivt inn i handlinga og tematikken. Innanriksminister Karamat Lone snakkar om statsborgarskap og ekstremisme på ein måte som kan minne om Sylvi Listhaug, og bidrar slik til å forverre framandfrykta. Det mest interessante her er at Lone sjølv har pakistanske foreldre og gjerne held talar til sine eigne: «Ikke skill dere ut i klesveien.»

Som i ein god gresk tragedie går det ikkje så bra her, utanforskapen får store konsekvensar. Men eg greier ikkje å kvitte meg med tanken på at Ildhjerte rører litt borti underhaldningssjangeren, dette òg trass i at romanen blei langlista til den høgthengande Booker-prisen. Ein annan roman som er omsett i år, svenske Johannes Anyurus knallsterke De kommer til å drukne i sine mødres tårer, er innom mykje av det same, som rasisme og oss-og-dei-kjenslene. Ildhjerte er boka eg anbefaler til dei som vil unngå mareritta ein kan få av Anyurus roman, og som samtidig vil lære mykje av det same om korleis det er å alltid skilje seg ut.

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Som i ein god gresk tragedie
går det ikkje så bra her, utanforskapen får store konsekvensar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis