JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Farleg begjær i Belfast

Louise Kennedy går på innsida av nordirsk smerte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Louise Kennedy voks opp i Belfast og har arbeidd som kokk i 30 år. Ho skreiv for ymse aviser før ho debuterte med ei novellesamling. No har ho skrive den første romanen.

Foto: Patrick Bulger

3905
20240209
3905
20240209

Roman

Louise Kennedy:

Overtredelser

Omsett av Merete Alfsen
Aschehoug

I ei tid som ser ut til å gå meir og meir av hengslene, kan det kanskje vere ei slags mager trøyst å lese om ein valdeleg konflikt som fann ei forsonande løysing til slutt. «The Troubles» er det underspela namnet på den brutale konflikten som prega Nord-Irland i tre tiår.

Frå slutten av 1960-åra kjempa katolikkar mot protestantar (men konflikten handla om politikk, mindre om religion), fram til ein vellukka fredsprosess tok til i 1998. Då la etter kvart IRA ned våpena sine, og dei britiske styrkane trekte seg ut. Borgarkrigen, som dette i realiteten var, tok livet av minst 3500 menneske, over halvparten av dei var sivile.

Louise Kennedy går rett inn i og tett på krigshandlingane, brettar dei ut for oss med bitre og blodige detaljar. Det er meisterleg skildra av ei som sjølv var til stades. Forfattaren har ein liknande bakgrunn som hovudpersonen i boka, den unge barneskulelæraren Cushla.

«Kennedy skriv så ein kjenner det.»

Knivsegg

Katolske Cushla bur saman med mora si Gina i eit «blanda» område utanfor Belfast der familien driv ein pub. Bror til Cushla er dagleg leiar etter at faren er død. Eamonn er framstilt som ein lite medfølande type, men ein skjønar snart at det er omstenda som har gjort han slik.

Familien balanserer på ein knivsegg, og ikkje berre biletleg tala. Å halde seg inne med naboar og pubgjester frå to folk og to frontar som hatar kvarandre så intenst at påsette brannar og bombeattentat er daglegdags, er ei krevjande øving. Faren for å miste kundar og dermed levebrødet er sjølvsagt konstant, men konsekvensane kan vere mykje dystrare enn som så.

Gina er stort sett full. Men Kennedys tekst er klok og nyansert, og Cushlas mor trår til og blir klår og handlekraftig når det verkeleg trengst. Og det er ganske ofte. Kvar morgon har Cushla ein runde med klassa si om nyhende. Det er skakande å lese om kor lite oppsiktsvekkande det er for barna å fortelje om drap og bomber. Snart er det nettopp slikt som rammar familien til ein av elevane.

Kennedy skriv så ein kjenner det. Vi er med på puben, på skulen blant elevar, lærarar og prestar, der det katolske er skildra som nokså negativt påtrengande. Vi får tydelege skildringar av Belfast og frå husværet der Gina subbar rundt. Detaljerte tidsmarkørar gir det heile eit autentisk preg. Detaljane kan tidvis bli i overkant, som dei omhyggelege skildringane av Cushlas garderobe.

Kjærleiksroman

Tittelen peikar mot fleire misferder og lovbrot. Overtredelser er også ein kjærleiksroman. Ein kveld på puben dukkar det opp ein gjest som vekkjer interesse. Snart er Cushla og Michael elskarar og stikk seg bort i ymse husvære for å ha sex. Han er gift og langt eldre enn henne. Cushla veit ikkje om ho skal kjenne seg utnytta eller elska.

Michael er jurist og protestant. På sitt fagfelt er også han tvinga til ein vanskeleg balansegang mellom ulike omsyn i den fastlåste og farlege situasjonen i landet. Kennedy får slik fram korleis vald og mistru gjennomsyrer alle nivå av det nordirske samfunnet.

Plotet er godt smidd til, og boka er spennande. Romanen fortener åtgaumen han har fått. Undervegs i lesinga hende det likevel eg strevde. Stilen er så korthogd at ein må vere vaken for å få med seg kva som skjer, til dømes manglar ein del setningar verb. Her er mange personar, og det kan gå lang tid mellom kvar gong vi møter dei.

Nokre typiske nordirske fenomen blir ikkje forklarte. Merete Alfsen er jo ein glimrande omsetjar, men likevel: Er «streaking» eit ord som er gangbart på norsk? Eit par stader skjøna eg heller ikkje val av verbtid, noko som var med på å seinke den spontane forståinga og lesaropplevinga. Men dette blir små detaljar. Overtredelser er viktig og velskriven.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis