Feilslått empati
Marita Fossums hovudperson er fatalt splitta.
Romanen er den sjuande Marita Fossum har skrive.
Foto: Finn Ståle Felberg
Roman
Marita Fossum:
Singularitet
Oktober
«Trolig er det tydelig at jeg er en innenfor som prøver å være utenfor», seier Gullemor, Fossums særs originale hovudperson, om seg sjølv. Denne erkjenninga kjem eit godt stykke ut i boka, etter eit heller mislykka prosjekt i det ho kallar sjølvmarginalisering, men som tek form av sjølvfornedring. I ein ganske feilslått empati har ho kome til at det er feil at nett ho skal leve eit godt og trygt liv, når så mange ikkje har det slik. Ho vil leve «på kanten» og tar ei drastisk avgjerd: Ho vil prostituere seg – i kombinasjon med filosofiske samtalar. Men – som ho òg seier om seg sjølv – ho har dårleg gjennomføringsevne, og det blir ikkje så mykje ut av det.
Gullemor er ein svært litterær karakter, ein typisk «hjernehelt» eller helst antihelt, og ikkje heilt realistisk. Den sosiale hjelpeløysa hennar og den usunne bindinga til ein forelder har ho til liks med til dømes Ingvar Ambjørnsens Elling, og med denne forfattaren også humoren i romanen. Men Gullemor er både meir studert og utstudert enn Ambjørnsens populære figur. Når ho vandrar gatelangs i Oslo og observerer og opplever, minner ho meir om den heil- og halvsprø hovudkarakteren i Sult. Framandgjering er eit viktig stikkord. Romanen tematiserer eksistensielle spørsmål, noko understreka ved at Sartre stadig kjem opp i Gullemors tankar – ho har ei ufullført hovudfagsoppgåve om han.
For store antenner
Under lesinga av dei første sidene lo eg mange gonger høgt, her er mange ustyrteleg komiske episodar og utsegner frå den veldig rare Gullemor. Det komiske ligg mellom anna i avstanden mellom Gullemors intensjonar og kva ho får utretta. Etter kvart får heile romanen ein meir alvorleg tone. Gullemor er klønete sosialt, men særs inntrykksvar. Når ho litt ute i boka byrjar ta inn også meldingar frå universet, går det heilt i ball for henne.
Gullemor er framand både for verda og for seg sjølv. Ho er nok reflektert, men samstundes fullstendig umogen. Noko har tydelegvis gått sundt inne i henne og ført til ei fatal splitting mellom refleksjonsnivå og handlingsevne. Vi får nokre tilbakeblikk til barndomen og kan få noko av forståinga av korleis ho har blitt som ho har. Men dette er ikkje først og fremst ein psykologisk roman.
Empati på syre
Kva slags roman er det så? Er det samfunnskritikk? Er det ein farse? Litt båe delar. Eit gjennomgangstema i romanen er den store, men totalt feilslåtte empatien som fører Gullemor ut i håplause og til og med farlege situasjonar. Kontrasten til pleiaren til faren, den praktiske og omsorgsfulle Danita (som «eigentleg» heiter Linda, hevdar Gullemor, utan at vi får nokon forklaring på dette), understrekar dette temaet.
Fossum ønskjer kanskje å bruke romanforma til å sparke litt mot samtida og dei litt for snevre A4-normene så mange av oss lever under i det trygge livet vårt – eit liv der det kan vere vanskeleg nok å få «tenning og spenning». Men eg får ikkje heilt tak i kva forfattaren vil fortelje. Boka er fiffig og smart nok lagd opp, men den samfunnskritiske brodden blir ikkje tydeleg nok. Poenget med romanen minskar i takt med at hovudfiguren verkar heilt å miste det frå før skjøre taket ho har på røynda. Det som byrja som ei original og poengtert forteljing full av absurd komikk, døyr bort i ei svimmel tomheit som sluker meininga med heile prosjektet.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, journalist, lektor og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kva slags roman er det? Er det samfunnskritikk? Er det ein farse?
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.