Felemakar på jorda
Edvard Hoems soger om folk i forne tider pustar og lever.
Edvard Hoem fekk Brages heiderspris i fjor, og i år vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for framståande innsats for norsk litteratur og kulturarv.
Foto: Paul Audestad
Roman
Edvard Hoem:
Felemakaren
Oktober
Felemakaren er den sjette romanen frå Edvard Hoem der forfattaren gir dikterisk liv til menneske i eiga slekt, serien vart innleidd med Slåttekar i himmelen i 2014. Interessa for forne tider hadde Hoem tidleg, i Heimlandet barndom frå 1985 dukkar nokre av personane i serien opp.
Felemakar Lars Olsen Hoem var frå garden Hoem i Fræna i Romsdal. Han reiste tidleg ut i verda, men kom seg heim att og vart ein gjæv felemakar som laga rundt fem hundre fiolinar. Tretti av dei er bevarte. Diverse kjelder – arkiv, kyrkjebøker, militære dokument, fangeprotokollar – gir faktabakgrunn og ytre rammer for livet til Lars. Hoem diktar vidare og skriv fram eit heilt liv, og med det ei verd og ei tidsånd. Den som les, får tillit til truverdet i forteljinga ved at forfattaren ikkje held noko tilbake når det gjeld kjeldene, men nemner dei opent både i etterordet og innfletta i historia undervegs. Grepet gir også eit innblikk i korleis arkivaren og diktaren i forfattaren har gått i tospann for å skape Lars’ historie.
Krig og dramatikk
I barndomen er Lars særleg knytt til storebroren, men forholdet mellom dei blir øydelagt av noko dramatisk som hender med ei tenestejente. Dei to blir ikkje vener att medan Lars bur heime. Lars kjem seg snart ut i verda. Som så mange unge gutar som har vakse opp langs ein kyst, drøymer han om å kome seg om bord på ei skute og sigle langt av stad. Han kjem seg til sjøs, men som soldat – det vil seie som roar i Det romsdalske Compagnie. Og han må byrje til fots, gå frå Molde til København.
Dette er under Napoleonskrigane, Danmark-Noreg var med Frankrike mot England. Snart kjem Lars med i det dramatiske slaget i Københavns red i 1801, og skakande og grufulle opplevingar set seg fast hos ungguten. Krigsinnsatsen endar i eit fangetilvære, i fem år er han om bord på eit fangeskip. Det er brutale tilhøve, og han undrar på om livet er verdt å leve. Midt i denne vonløysa er det han finn livsvegen sin: Han får kontakt med ein franskmann som lærer han kunsten å lage fiolinar.
Vel heime kjenner ikkje familien han att, han er blitt ein annan. Lars drar av stad på ny, men ikkje lenger enn til Kristiansund. Det er harde tider, strev og motgang. Armoda forsvinn aldri heilt frå livet til Lars, og mykje blir annleis enn han drøymde om. Med tid og stunder ordnar likevel mangt seg til det beste. Han får seg hus og heim med kjerring og mange døtrer, og han blir det han så lenge drøymer om å bli: ein vidgjeten felemakar.
Musikkens herlege rike
Soga om Lars er fortald med varme og vyrdnad. Hoem har ei spesielt god hand når det gjeld alle dei konkrete detaljane i miljøet: reiskapar, materiale, klede, mat og drykk. Slik blir dette ein tekst som pustar og gir liv til folk som freista eit tilvære så fjernt frå vårt eige, her trer dei tydeleg fram for oss. Ikkje minst blir det ein tekst med stor age for menn og kvinner med eit liv under heilt andre og tøffare vilkår enn våre, eit skriftstykke som vedgår oss som lever i dag.
Musikken går som ein raud tråd gjennom romanen. Nokre av dei aller vakraste og lyriske partia er når felemakaren opplever eller sjølv skaper musikk. Musikken har ei lækjande kraft, frå felespelet når Lars har det vondt med seg sjølv, til korsongen som samlar og lyfter dei mange hundre fangane på fangeskipet til julestemning.
Det religiøse er også med heile vegen, spenner opp ein himmel over alle dei strevsame kvardagane i jordelivet og bind saman den gong og no.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Soga om Lars er fortald med varme og vyrdnad.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.