JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Femti år ved mikroskopet

Eva Tind freistar å leve seg inn i livet til ein viktig ukjend forskar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eva Tind er forfattar, biletkunstar og filmskapar.

Foto: Les Kaner

3692
20230818
3692
20230818

Roman

Eva Tind:

Kvinnen som samlet verden

Omsett av Hilde Lyng
Solum Bokvennen

Den faktiske Marie Hammer (1907–2002) var ein dansk zoolog som spesialiserte seg på mikroorganismar, ofte kalla mosemidd. Gjennom forsking på mange kontinent søkte ho særleg å bevise teoriar om kontinentaldrift. Eva Tind har brukt Hammers sjølvbiografi, brev, dagbøker og anna skriftleg og biletleg materiale for å skrive soga om eit kvinneliv som ligg tett på det verkelege.

Historiske og biografiske romanar har fått eit nytt sjangernamn: eksofiksjon. Denne sjangeren hadde lenge eit dårleg ry, men har fått eit oppsving i det siste. Særleg kjem det bøker om kvinner med bragder som har vore oversette i eit mannsdominert samfunn. På bakgrunn av eit verkeleg liv konstruerer forfattarane ein tekst som er meir eller mindre faktisk, meir eller mindre fiktiv. Det kan bli bra litteratur, det kan bli veldig spekulativt – eller det kan bli uinteressant. Eg tykkjer Tinds biografiske roman i litt for stor grad fell ned i siste kategori.

Millionar usynlege dyr

«Jeg brukte 50 år på å få de små dyrene i tale før jeg endelig kunne samle jorden», seier Marie Hammer i eit intervju til sist i boka. Medan vi les, veit vi ikkje om intervjuet er fiktivt eller autentisk, først i etterordet kjem det fram at det er oppdikta. På same måte er det ikkje tydeleg om innklippa frå «Marie Hammers notisbok» som er spreidde utetter i romanen, er fiktive eller autentiske. I staden for å bli oppslukt av soga blir lesaren sitjande og grunde på sanningsgehalten.

Lesaren følgjer den dels fiktive og dels verkelege Marie Hammers liv frå barndomen på landsbygda i Danmark, gjennom forelskingar og studium i ungdomstida og vidare inn i livet som gift mor og husmor. Som for så mange kvinner blir det eit liv i spagat mellom omsorgsoppgåver i heimen og den oppslukande karrieren. At kombinasjonen mildt sagt er krevjande, er eit hovudpoeng, og dette handsamar Eva Tind godt.

Tind har hatt eit svært materiale å gå ut frå. Hammers liv var mangslunge og langt. Det var òg eit uvanleg kvinneliv. Det er prisverdig at forfattaren vil løfte fram ei heller ukjent kvinne som har tilført vitskapen store ting, men ho har ikkje fullt ut greidd å skape eit interessant litterært verk av det svære stoffet.

Ein roman må tilføre noko meir og noko anna enn sakleg dokumentasjon. Etter 450 sider har eg lært om mosemidd og kontinentaldrift, og om vanskane med å reise verda rundt aleine som kvinne. Det siste var interessant, men eg følte sjeldan at eg verkeleg kom inn under huda på Marie. Og det må vel vere mykje av vitsen med ein roman? Dei ytre, faktiske hendingane kan vi lese om andre stader, til dømes i dei same kjeldene som Tind sjølv har brukt.

«Introspekulasjon»

Ein forfattar som gjer det eg saknar hos Tind – skriv seg heilt inn i hovudet og sjela på karakteren sin – er Victoria Kielland. Romanen Mine menn tar utgangspunkt i eit kvinneliv omtrent så fjernt frå Marie Hammers liv som det går an. Belle Gunnes utvandra frå Trøndelag til USA på 1800-talet og gjorde seg berømt som ei av få kjende kvinnelege massemordarar. I romanen diktar Kielland seg langt inn i Belles skrudde psyke og skapar eit sjølvstendig litterært verk av stor verdi.

Eg ville vore mildare stemt om Tinds roman hadde vore stramma inn. Særleg midtpartiet i boka kjennest unødvendig langt. Sjølv om forfattaren, som òg er poet, inniblant glimtar til med fine poetiske bilete, er det for sjeldan til at teksten verkeleg engasjerer.

Omsetjinga til Lyng har eg ikkje noko å utsetje på.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis