JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Fire britiske diktarar på norsk

Hans Johan Sagrusten har gjendikta poesi av diktarar som kjempar mot undergangen på kvar sin måte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hans Johan Sagrusten er teolog, forfattar og bibelomsetjar.

Foto: Efrem

2831
20240607
2831
20240607

Dikt

Hans Johan Sagrusten (gjendiktingar og
føreord):

I diktet har du fått eit evig liv. Å stride mot undergangen med ord

Efrem

Poesi er fyrst og fremst kjensler, det veit alle som har lese dei kjenslevare orda til folkekjære diktarar. At dikting òg kan vera strid, er nok ukjent for dei fleste, sjølv om kappestriden (agon) var eit velkjent fenomen i gresk kultur – anten det no galdt idrett eller dikting.

Det er eit slikt perspektiv Hans Johan Sagrusten nyttar når han skal gjendikta fire engelske diktarar: William Shakespeare (1564­–1616), Dylan Thomas (1914–1953), R.S. Thomas (1913–2000) og George Mackay Brown (1921–1996). For det krev mykje å skulle bryne seg på Shakespeare, men gjendiktaren råkar godt i den velkjende andre sonetten. Opninga hjå Shakespeare høyrest slik ut: «When forty winters shall besiege thy brow/ And dig deep trenches in thy beauty’s field», og Sagrusten gjendiktar det heile såleis: «Når førti vintrar kringset panna di,/ grev djupe fòrer i din venleiks eng,/ når ungdomsdrakta alle ser deg i,/ blir stritt og lurvent ugras ingen treng». Både fyrste og andre verset minner om stormeisteren sjølv. Her kan vi òg sjå at Sagrusten har dekning for perspektivet sitt, for striden står her om problema med tida og aldringa sjølv.

«Tolkingane vekkjer appetitten på meir av poesien til George Mackay Brown.»

Frå den store renessansediktaren hoppar vi rett til det tjuande hundreåret, og dei tre siste er alle moderne diktarar som på kvar sitt vis har prega nyare engelsk poesi. Dylan Thomas er òg vanskeleg, særleg av di han meislar ut så mange freidige og utfordrande bilete. I den tidlege diktinga var han svært oppteken av surrealismen, som ein tydeleg ser i «Den kraft som pressar blom or grøne lunter», men her er Sagrusten noko tyngre på labben. Diktet flyt mykje betre i versjonen til Harald Sverdrup, i den ypparlege samlinga Sankt Elms ild (1958). Men verkeleg gode er gjendiktingane hjå Sagrusten som vert attgjevne som «Og døden skal ikkje ha makta» og «Gå ikkje glad til ro når klokka slår».

Sagrusten har tidlegare gjendikta R.S. Thomas, så då går vi rett på George Mackay Brown (1921–1996), for meg som for andre kanskje ein mindre kjend diktar. Men tolkingane vekkjer appetitten på meir av poesien hans, og då har jo omsetjaren gjort det han skal.

Brown var fødd på Orknøyane, og skrifta ber preg av det. Det er nærmast ein truisme å seia at Shakespeare er universell, men ein skal ikkje difor kimsa av det lokale. For frå det lokale kjem det òg god poesi, som i «Byggje gardshus»: «Vi fylte den fyrste korga/ like ved Old Man,/ vi kleiv, vi lessa på. Vi gjekk over Moorfea./ Vi sette steinane ned.»

Kjetil Berthelsen

Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis