Flaumen går
Hos Inger Bråtveit smeltar dei store spørsmåla og dei minste tinga saman i éin straum.
Inger Bråtveit har fått fleire litterære prisar, mellom andre Nynorsk litteraturpris og Bjørnsonstipendet.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Roman
Inger Bråtveit:
Vassarv
Oktober
Vatn som livsnødvendig og livstrugande kraft er kjernemotivet i Bråtveits nye bok. Ein må trygt kunne seie at ho har vore heldig med timinga. «Ingenting er meir føyeleg enn regn», skriv ho, men legg straks til: «når vatnet fløymer over sine breidder, sopar stein og tre, telefonstolpar, hus, menneske og campingvogner med seg, kan ingen stoppa det. Det føyelege er vorte uregjerleg».
Som kjent vart store delar av landet vårt nyleg ramma av eit heilt uregjerleg vêr, med nedbørsmengder som skapte omfattande øydeleggingar. Filmsnutten av nettopp ei campingvogn i vill fart nedetter ei elv gjekk viralt i dagane under og etter flaumen.
Handsaminga av klimaspørsmålet er altså ein konstant og trugande understraum i boka. Tydelegare og meir gripande er likevel framstillinga av korleis arven av menneskeleg liv strøymer i og gjennom oss, nedetter generasjonane, i gen, vanar og tradisjonar. Vassarve er dessutan ei plante som spreier seg raskt i fuktig jord, og som mange ser på som ugras.
Bergingsavstanden
Vassarv er ingen eigentleg roman, men ein hybrid tekst. (Kvifor må forlaga på død og liv setje merkelappen «roman» på så mange ulike bøker?) Fragmenta av ei forteljing om ein familie i fleire generasjonar blir blanda med essayistiske betraktningar om store spørsmål. Eg-forteljaren er ei kvinne midt i livet. Saman med den vesle dottera tar ho turen frå Oslo over fjellet for å besøke heimplassen og bestemora til jentungen.
Mora vil syne dottera, ho som skal arve denne stadig meir vassjuke jorda, «dei oppslepte elvane renna store og kvite». Men elvane går i rør. Straumen var sjølvsagt ei velsigning og ein lette for slitne gardbrukarar då han kom. Samstundes trugar han den naturen som har vore vilkåret for livsutkome på slike plassar, og reduserer tradisjonelle naturopplevingar, som å gå på skeiser på fjorden.
Bråtveit gir oss glimt inn i eit tilvære som er forbi: Familien på den tungdrivne garden, der alle må bidra med slitsamt og til dels farleg fysisk arbeid. Ei mor med litt for mange barn som må treffe vanskelege val mellom omsut for barna og husdyra på garden. Det er tett på eksistensen.
Mor–dotter-relasjonen vert handsama frå fleire kantar. Er trådane mellom mor og dotter sterke nok – eller kanskje for sterke? Vakkert skildra er det når mora står i vindauget i leilegheita i Oslo og ser dottera gå ut aleine i storbyen, med alle dei potensielle farane som der trugar – og som er heilt andre enn dei som kunne setje liv og helse i fare i hennar eigen rurale barndom. Berre ved å ha tillit til at dottera klarar seg i den tida ho skal møte, kan jentungen bli eit sjølvstendig individ. Til sist er kvart individ einsamt i si erfaringsverd. Det er både ei trøyst og ei sorg.
Krevjande
Bråtveit flettar òg inn eventyr og mytiske skapnader. Den vesle dottera er som barn flest tidvis inne i ei fantasiverd med fabelvesen. Saman med allusjonane som dryp inn frå kjende tekstar, som Bibelen, tilfører det teksten djupne og meining.
Vassarv har mange kvalitetar, stor temavidde og gjennomarbeidd språk. I stor grad lykkast forfattaren i å føye saman det konkrete og det abstrakte. Som totalitet opplever eg likevel boka som krevjande å kome gjennom. Den fragmentariske forma gjer teksten springande og tidvis noko uklår for lesaren.
Ein må ha stort tolmod for å setje alle brotstykka saman til eit fullstendig heile. Som tekst ligg dette tett på poetisk kortprosa, og det slår meg at om tekstbrokkane hadde vore sette opp på sida med strofer og brotne liner, hadde det senka lesefarten. Slik hadde det vore lettare å ta inn heile det store, strøymande meiningsinnhaldet.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.