Folkemusikkhistorie i biletform
Cecilie Authen fortener ros for at ho aktualiserer og viser fram foto frå folkemusikkhistoria.
Boka byd på mange bilete av spelande kvinner. Dette gruppeportrettet er truleg fotografert i Siljan i Telemark.
Foto frå boka: Ole Romsdalen / Telemark Museum
Sakprosa
Cecilie Authen:
Norsk folkemusikk. Et fotohistorisk portrett 1840–1940
Pax
Bibliotekar Cecilie Authen har i ei årrekke arbeidd som fotoarkivar ved Telemark Museum. Ho har ein mastergrad i tradisjonskunst, har tidlegare studert musikk og komposisjon og er både utøvande fotograf og musikar av yrke. Serleg er ho kjend for jazzimproviseringar over kjende folketonar, noko som ho har gitt ut på kritikarroste CD-plater. Ho har også nyleg publisert forskingsartikkelen «Rikard Berge – dokumentasjon av folkemusikk gjennom fonograf og fotografi».
Rike røynsler som aktiv utstillar har dessutan Cecilie Authen også. Som komponist har ho bak seg partiturverka «Low Tide» og «Korsats Perfekt 4». Ein kan difor tala om ein mangesidug person som har fleire faglege innfallsvinklar til dei forskingsprosjekta ho tek for seg. No ligg det føre ein ny spanande presentasjon av den allsiduge kulturarbeidaren, bygd på masteroppgåva ho nyleg har avslutta.
Dokumentarisk innsyn
At historiske foto som har vore lagra i ulike private og offentlege arkiv rundt i landet, blir gjorde ålment tilgjengelege, har ein stor verdi for å vekke faginteresser, kunnskap og dokumentarisk innsyn i både miljø og soge om personar knytte til dette. Ofte er gamle foto mykje prega av ei viss oppstilling, noko som kom av at folk måtte halda seg nærmast i «frosen stilling» for at apparaturen skulle fungere til klåre resultat. Men fotografane tenkte også jamleg på god komposisjon i fotoa, noko som ein kan seia gav resultata ei målarisk framtoning. All ulik teknologi har sine fortrinn og avgrensingar som er medverkande element i kunst og handverk. Skarpe augneblinksbilete høyrer difor med til meir moderne mogelegheiter i fotofaget.
Når dette er sagt, er boka Norsk folkemusikk. Et fotohistorisk portrett mykje variert i høve utval av foto frå ulike fylke, av ulike folkemusikarar, av grupper, personar i samspelstilling og enkeltpersonar. Sympatisk er det også at det er ein rimeleg god balanse mellom bilete av kvinnelege og mannlege utøvarar og personar elles fotograferte. Sume av dei kvinnelege folkemusikarane som er med i boka, har eg aldri korkje høyrt om eller sett bilete av. Dette vekkjer interesse til å spørja og forska attende i tradisjonar rundt i landet. Det er difor sikkert overraskande for mange at atskilleg fleire damer har spela fele og andre folkemusikkinstrument her i landet enn kva som er ålment trudd og halde fram. Men, når det er sagt, tykkjer eg det er litt underleg at til dømes framståande kvinnelege felespelarar i Telemark, slike som Kristiane Lund, Signe Flatin Neset, Torbjørg Aas, Bergit Tjønn og fleire, er utegløymde når det finst så mange foto av damer med instrument, der ikkje namn finst. Eit motstykke er det da at langeleikspelaren Berit Pynten frå Valdres er representert på tre store foto.
God breidde
Når det gjeld å vita namn på fotograferte personar, vil det vera eit problem i ettertid om ikkje fotoa har blitt kommentert av nokon som kjende identiteten, eller at fotografen har arkivert med namn, datering og kanskje også stadnamn der fotoet er teke. Ein god del av bileta i boka er i denne kategorien. Ein får vita kor dei truleg kjem ifrå, får formidla stemning, ulike menneskelege framtoningar og kva instrument desse trakterte, men kven dei er, blir ei gåte for alle tider. Noko av dette er sjølvsagt i tråd med folketonar og folkemusikk, generelt, når det gjeld opphav. Me har melodiane og slåttane, men veit ofte lite og inkje om kven som har vore komponisten.
Nokon, mykje kjende, framståande folkemusikarar frå ulike distrikt og fylke er sjølvsagt tekne med, og det er artig å få sett kor dei såg ut, desse som ein har høyrt om frå barndomen av, og som var å høyre i innspelingar på voksrull, pathefonplater og 78-plater. Når det gjeld utvalet av foto frå ulike miljø folkemusikken har vore framført og dyrka i, har denne presentasjonen god breidde. Og om det er lite tekst å halda seg til i biletboka, så kan ein læra mykje av å sjå kva for instrument og instrumentkombinasjonar som har vore i bruk gjennom hundreårsperioden boka handlar om.
Kunst på arbeidsplassen
Når det gjeld fotografar, er det blanding av bilete, utførte av amatørar og profesjonelle. Mellom desse er også foto tekne av folkemusikarar. Eit godt døme er fotodokumentasjonane etter folkloristen og spelemannen Knut Jonsson Heddi i Setesdal. Han var ein svært pregande kulturmann, både i samtid og ettertid i dette distriktet, som no også har fått status som del av verdsarven. Det er artig å sjå kor Heddi poserte i ei særleg sitjestilling med boge og instrument, og kor dette har blitt teke etter av andre fotograferte spelemenn, så vel i samtid som ettertid.
Ein kjem òg til å tenke mykje over dei ulike sosiale tilhøva mellom folk i perioden boka dekker. Ein ser kor sume bunadskledde utøvarar, og andre tilstadeverande, pralar i draktene sine, og kor fattigsleg enkelte er foreviga som musikantar langs gråe livsvegar og gateplan. Folkemusikk har til alle tider vore kunst på arbeidsplassen og tonefylgje til liv og lagnader rundt i landet. Det er fint at historiske foto ikkje berre blir liggande i arkiv, men kjem til offentleg framsyning i medium og publikasjonar.
Cecilie Authen fortener ros for at ho gjer ein stor jobb med å gjera dette stoffet kjent og nyaktualisert. Ei rekke bidragsytarar er nemnde og takka i høve utgjevinga av boka.
Knut Buen
Knut Buen er folkemusikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Norsk folkemusikk. Et fotohistorisk portrett er variert, med foto frå ulike fylke, av ulike folkemusikarar, av grupper, personar i samspelstilling og enkeltpersonar.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.