Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Foreldre og born

Mikkel Vika skriv godt om det vonde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mikkel Vika er utdanna samfunnsvitar og har tidlegare gjeve ut to bøker.

Foto: Leikny Havik Skjærseth / NTB

3547
20221104
3547
20221104

Noveller

Mikkel Vika:

Til hundene

Vigmostad Bjørke

Du drep ikkje det vonde med øks, heiter det hjå Olav Duun. Aksel Sandemose på si side nemner ein kar som stolt syner fram øksa etter farfaren. Faren har skifta hovudet på øksa, og sjølv har han skifta skaftet. Men det er no framleis øksa etter bestefaren. Og kanskje kan reiskapen ikkje nyttast til utrydding av det vonde, men han representerer ein arv som har potensial både til vondt og godt.

I novellesamlinga Til Hundene av Mikkel Vika er det både besteforeldre, foreldre og born som utgjer persongalleriet, og perspektivet varierer mellom born og foreldre. Her er det fint lite av idyll å sjå, men ofte konflikt, anten openlyst eller meir ulmande i bakgrunnen og undergrunnen. Ein av tekstane heiter «De fleste ulykker skjer i hjemmet», og det er i grunnen langt på veg eit motto for heile samlinga, for alle novellene handlar om eitkvart i nære relasjonar.

Attkjennande og godt

Det kan vera ein far som er plaga av sut for at dottera ikkje er populær mellom jamaldrande, eit tema som vert nytta fleire gonger, eller ei lita jente som forstår at alt ikkje er som det skal mellom faren og mora, ei noko eldre jente som veit at farfaren hamna på feil side under krigen, og som i ein situasjon med den nye kona til faren veit at dette er eit tema som ligg under ein samtale dei har, eller det kan vera ein far som ottast at den vesle sonen er ein dyreplagar. Han er truleg redd for at noko han sjølv gjorde ein gong i tida skal komma til syne som ein uønskt eigenskap i den vesle guten.

I det heile er det mykje sut i desse novellene, og sjølv om det tidt ovrar seg som konflikt, er det jo også eit uttrykk for kjærleik, ein bryr seg om andre, men får ikkje sagt det på ein god måte. Då grip ein heller til ein dårleg måte. Det er attkjennande og godt skildra.

Mikkel Vika skriv altså godt om det vonde, han får fram ein dirrande nerve i det kvardagslege, utan at det må skje veldig dramatiske ting. Og når det aller mest dramatiske faktisk finn stad, i den siste novella, vert det presentert indirekte, slik at det er opp til lesaren å forstå det.

Effektivt språk

Ved eit par høve tykkjer eg nok at borna er litt vel artikulerte i tankane sine, men på den endre sida er detaljane ofte svært fine, som når ei jente i ein tekst klikkar tungepiercinga mot baksida av tennene, eller ein gut i same tekst har tatt eit teppe over hovudet og fletter frynsene medan mor hans, som er lokalpolitikar, er på fjernsynet. Dei har i det heile noko å henga fingrane i, medan tekstane vekslar mellom notidige problem og minne om slikt ein ikkje får gjort noko med. Ja, det er helst slikt ein hugsar, om ein har eit talent for å plaga seg sjølv med fortida, og det har ein jo.

Språket er effektivt og presist, her er ikkje overflødig babbel eller ornamentikk, men nokre gonger rom for gode uttrykk og formuleringar, som ikkje verkar unaturlege, eller er «darlings» forfattaren ikkje har avliva. Ei dotter som har påkalla seg farens sut og sorg, kallar solgløtt som når bakken gjennom lauvtrea, for solsmular, og den same jenta stiller eit spørsmål som sjølv ikkje ti vise kan svara heilt sikkert på, nemleg om det finst fleire blad enn barnåler i verda. Eg har no sett meg føre å finna ut av dette, men sidan eg har høgdeskrekk, kan eg ikkje klatra opp i trea for å telja, så eg har funne ut at eg lyt hogga ned alle tre som finst. Til det skal eg nytta øksa eg har etter han bestefar.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis