JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Forhistoria til Churchill-filmen

Nicholas Shakespeare skriv om korleis nederlaget i Noreg, og debatten om det, gjorde Churchill til statsminister.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nederlag i Namsos i 1940 hjelpte Churchill til makta.

5767
20180406
5767
20180406

Saksprosa

Nicholas Shakespeare:

Six Minutes in May: How Churchill Unexpectedly Became Prime Minister

Vintage Publishing. 2017.

Filmen Darkest Hour har nyleg vorte vist i Noreg. Han handla om då Churchill 10. mai 1940 vart statsminister, og handlinga går fram til Dunkirk, då Churchill med retorikken sin overvann alle ønske frå Chamberlain og Lord Halifax om å forhandla med dei sigerrike tyskarane. Churchill som historikar var likevel ein meister i å laga mytar om seg sjølv: Han skreiv heile tida sjølvbiografi forkledd som verdshistorier.

Men denne filmen var overraskande edrueleg og tvert imot bygd på forsking som viser at Churchills eiga forteljing var falsk, og at han sjølv vakla i spørsmålet om forhandlingar. I dette tilfellet var det sanninga sjølv som forbetra dramaturgien: I den mørkaste timen, som hos Peter, skal tvilen rå.

Men eigenleg viser filmen berre andre akt i eit stort drama, der dramaturgien i første akt er vel så interessant, men truleg for komplisert til ein film. I ei bok, derimot, og av ein forfattar som er like god skjønnlitterært som maktfagleg, til dømes ein moderne Shakespeare, hadde dette vore mogeleg. Faktisk vart ei slik bok laga omtrent samstundes med filmen. Og like faktisk er ho skriven av ein Shakespeare, denne gong med førenamnet Nicholas, ein mykje prisa journalist og forfattar av både romanar og biografiar.

Felttoget i Noreg

Dei seks minutta som tittelen refererer til, er dei minutta det tok å gjennomføra ei avrøysting i Underhuset 8. mai 1940 som gjorde det klart at Chamberlain ikkje kunne halda fram som statsminister. Avrøystinga kom i samband med ein debatt som byrja 7. mai, kjend som The Norway Debate, etter at det var klart at felttoget i Noreg var ein katastrofe. 11.000 britiske soldatar hadde vorte jaga attende til Storbritannia, medan tapstalet var 4000.

Han som sette i gang og var ansvarleg for dette felttoget, var marineminister Churchill. Likevel enda det med at han tre dagar seinare vart statsminister, der filmen byrjar. Difor resten av boktittelen: How Churchill Unexpectedly became Prime Minister.

Shakespeare byggjer opp dramaet med først å gjera greie for sjølve Noreg-kampanjen, utgangspunktet for debatten i Underhuset. Dette gjer han både som historikar og som forteljar midt i kampane, på same vis som Anthony Beaver gjer det i krigsbøkene sine.

Han har gjort grundig forarbeid, reist kring på alle stadene der kampane gjekk føre seg, Narvik, Namsos, Åndalsnes ikkje minst, og tala med folk som var der, både norske og britiske. Dette er sjølvsagt interessant for oss i Noreg, og ein god grunn for oss til å lesa boka. Ved sida av handelsflåten var dette felttoget dessutan det viktigaste norske «bidraget» til sigeren over nazistane: Tapet gjorde Churchill til statsminister.

Slekt og kjærleik

Som i eit Shakespeare-drama er mange av karakterane i familie med kvarandre. I Narvik er den første som vert teken til fange, krigskorrespondenten Giles Romilly, Churchills nevø. Særleg får vi god greie på bakgrunnen til dei to «vonde» hovudpersonane Neville Chamberlain, son av Joseph, tidlegare handelsminister, og bror av Austen, tidlegare utanriksminister. Vi får eit nyansert bilete av han og hans appeasement-samansvorne, Lord Halifax, kjend som The Holy Fox, og kommentert slik av Clement Attlee: «Merkeleg fyr: berre jakt og heilag nattverd.»

I eit Shakespeare-drama må handlinga dreie seg like mykje om kjærleik som om makt. I Churchills liv handla alt om kjærleik til makt, så Clementine, kona hans, er ikkje mykje til stades her. Derimot, i Nicholas’ forteljing, spelar den engelske overklasse-femme fatale Lady Alexandra «Baba» Metcalf, dotter av Lord Curzon, visekonge i India, slik Halifax òg var det, og kjedeelskarinne til eit utal overklassemenn, den kvinnelege hovudrolla.

I engelsk overklasse kjenner alle kvarandre: «Baba»s syster var gift med Oswald Mosley, leiar av det britiske nazipartiet. Slik Nicholas fortel det, kan det verka som at det halv(?)platonske, utanomekteskapelege forholdet Lord Halifax hadde til denne kvinna, var medverkande til at han ikkje ville verta statsminister: Som statsminister ville han mista den nære kontakten med henne.

røystinga i Underhuset

Men det beste i boka er skildringa av korridorpolitikken fram til debatten, og sjølve debatten, i Underhuset, med dei seks minutta då det vert klårt at Chamberlain må gå sjølv om han får eit lite fleirtal. Det dramatiske høgdepunktet er då den konservative Leo Amery siterer Cromwells ord til parlamentet 300 år før: «De har sete altfor lenge her utan å gjera noko godt. Forsvinn, seier eg, og lat oss vera kvitt dykk. I Guds namn, gå!»

Chamberlain bleikna. Labour ville ikkje gå i regjering med han. Halifax ville ikkje, og så vart det Churchill. Det mest slåande i livet til Churchill ifølgje Martin Gilbert, biografen hans, var: Det var så nære på!

Den mest realistiske oppsummeringa gav kona hans, Clementine, like etter krigen, då Churchill hadde tapt valet. Dei hadde vore inne i London, og ifølgje Lord Moran, livlegen, sa ho då dei kom attende: «Folk hylla han. Det verka som om dei såg på han som ein slags helt. Eg skjønar verkelig ikkje kvifor. Vel, eg får tru det må ha vore desse talane i 1940.» Rett nok, talane gav han ein nobelpris i litteratur.

Nicholas Shakespeare er nok ein mindre diktar av verdshistoria enn Churchill. Men i denne samanhengen tener det han til ære. Dessutan er han ein betre historikar og ein stor forteljar.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det beste i boka er skildringa
av korridorpolitikken fram til debatten, og sjølve debatten,
i Underhuset.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis