Forteljingar om varsla mord
Eg har sett jaguaren er ein rik vev av lagnader og liv under brutale vilkår, blodraud og intrikat som blusane til mayakvinnene.
Forfattar og journalist Sigrun Slapgard.
Foto: Tove K. Breistein
Dokumentar
Sigrun Slapgard:
Eg har sett jaguaren. Latinamerikanske
historier
Samlaget
Krig og diktatur går som raude trådar gjennom historia til Latin-Amerika. Valden er som ein hissig brann ein kanskje klarar å dempe i eit område for ei stund, men som held fram med å ulme og blussar opp ein annan stad. I Eg har sett jaguaren kan vi lese om nokre av desse konfliktane og menneska som lever med dei: diktaturet i Argentina, borgarkrigane i El Salvador og Colombia, fridomskampen til mayaene i Mexico og Guatemala gjennom fleire tiår.
Vi er mange som til liks med Slapgard har kjent på dragnaden mot denne mangfaldige verdsdelen i vest. Latin-Amerika er så framandt at det aldri sluttar å fascinere, samtidig er det såpass forståeleg at det er mogleg å få eit innblikk i kultur og menneskelagnader. Det som trollbind ein nordbu, er ikkje berre dei ulike folka og kulturane, men òg den potente blandinga av det vakre og det grufulle, det mjuke og det iskaldt harde. Dette er verdsdelen som Columbus skildra som eit paradis som fekk han til å gråte. Jaguaren har ein vakker pels, men òg klør og tenner som kan drepe.
På innsida
Slapgard har sidan 1980-åra arbeidd tett på menneske og konfliktar i området. I boka auser ho av alt ho har høyrt, sett og røynt. Forfattaren har eit tydeleg etos og skriv ein tekst med fargar, lukter og lydar. Gjennom menneskelagnader kjem krigane og konfliktane oss nær på ein heilt annan måte enn om vi les nyhendemeldingar i ei avis. Forfattaren har personleg følgt menneske gjennom tiår, i den kampen dei fører og har ført mot brutale regime og for å halde seg sjølve i live.
Ei av dei Slapgard har vore aller tettast på, er kunstnaren Gitte Dæhlin, som døydde i 2012. Dæhlin budde mesteparten av livet i Mexico, og gjennom venskapen med henne kom Slapgard på innsida av det meksikanske samfunnet, særleg urbefolkninga. Ei anna kvinne vi får høyre inngåande om i boka, reiste andre vegen: nonna Laura Hernandez frå El Salvador, som kom til Noreg som flyktning. Ho jobba tett på erkebiskop Romero og menneskerettsaktivist Marianella García Villas, som båe vart drepne av dødsskvadronar under borgarkrigen i landet. Slapgard var sjølv utsett for risiko i møte med dei. Spenninga i dag er knytt til om dei ansvarlege for drapa vil bli stilte til ansvar.
Å forsvinne nokon
Ein annan tråd i boka er forteljinga om ei ung kvinne i Argentina. Foreldra hennar blei drepne under diktaturet. Vil ho slutte fred med eigen lagnad og eige opphav? Eg har sett jaguaren blir ein rik vev av ein tekst, eit mønster av menneskelagnader og liv under brutale vilkår, blodraud og intrikat som blusane til mayakvinnene. Det som lyser sterkast, er motet til folk, som er like ufatteleg som valden i omgjevnadene det spring ut av. Så brutalt er livet for millionar av menneske i mange land i Latin-Amerika at språket blir endra: Dei har eit omgrep for å «døy av døden», altså ikkje bli drepen. Og verbet «forsvinne» er blitt transitivt.
Det er konsekvent kvinner vi blir kjende med gjennom boka. Som på alle kontinent til alle tider er det kvinnene som lir mest i krigar, krigar skapte av menn. Men Slapgards kvinner er langt frå «berre» lidande. Først og sist er dei kjempande kvinner, i namnet til fridom og rettferd.
Takke livet
Eg har mest ikkje lyst til å ytre noko kritisk mot ei bok eg likar så godt. Men ein ting eg finn merkeleg, er at ord og sitat på spansk ikkje alltid er stava rett i ei elles så grundig bok. Komposisjon og form fungerer for det aller meste utmerkt. Ei lita innvending kan likevel vere at Slapgard nokre stader går vel langt inn i hovudet på dei ho skriv om, og inn i detaljar i scener der ho sjølv ikkje har vore til stades.
Hadde boka berre handla om det forferdelege, ville innhaldet mest ikkje vore til å bere. Forfattaren balanserer med å skildre det vakre: natur og kunst, sitat frå songar, lyrikk og annan litteratur. Mot slutten går ho til den aller største, nobelprisvinnaren Gabriel García Márquez. Den tvisynte colombianaren i kvite bomullsklede var like bunden til røtene sine som han var kosmopolitt, ein meister både som journalist og som forfattar, ein språkfornyar og ein alliert av dei undertrykte, med tekstar som både ler og græt, tekstar om samhald og om einsemd.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forfattaren har eit tydeleg etos og skriv ein tekst med fargar, lukter og lydar.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.