Fram og tilbake til framtida
Jo Eggens dikt svingar og treffer.
Jo Eggen er lyrikar og gjendiktar.
Foto: Aschehoug
DIKT
Jo Eggen:
Dikt om Sverige
Aschehoug 2020
I Stavkirkedikt (2010), Øydikt (2013) og Ruindikt (2017) er reisa ei ramme for Jo Eggens dikt. Også i fjorårets diktbok, Dikt om Sverige, er reisa eit integrert motiv, på fleire plan: Fyrst er det ei reise til ulike stadar i Sverige, samstundes som dikta også fører ein attende til barndomens reise til Sverige på 1960-talet og til framtida ein der og den gong såg for seg.
Sosiale fuglar
Framtida og framsteget handlar om bygginga av blokker og byar, oppførte i lys av den sosiale ingeniørkunstens og sosialdemokratiets framtidsdraum. På sett og vis skriv Eggen om denne framtida idet ho er iferd med å bryte saman.
Det startar med eit dikt om kaiene, eg-et observerer dei ute på røykeplassen. Kaier er sosiale fuglar som søkjer og søv saman i talrike flokkar. Kaiene fungerer som bilete på denne historiske epoken, men kaiene er også skilde frå menneska og den historia dikta krinsar om: «Jeg vil aldri kunne snakke med kaiene/ jeg er en annen enn dem».
«Tida var tida/ tida behøvde tida», står det i eit dikt. For at tida skal verte til ei notid og ei framtid, treng ho eit brot, eit før, slik at den sosiale ingeniørkunsten kunne syne dei lyse romma fram på bakgrunn av noko avfeldig, mørkt og kornete.
Sjølv om dikta søkjer seg attende til framtida, for å undersøkje framtidsbileta, gir dei indirekte også eit taust, iblant også eksplisitt ironisk bod om korleis samtidas naive framtidsbilete fortonar seg, «der Ingen styrer, for tinga/ er jo bare slik de er når de er virkelige/ når de er kvitt sosialdemokratiets båndtvang/ nå springer virkelighetens hund glad og kreativ omkring».
Sentral periferi
Det finst eit anna lokkande sentrum, eller ein sentral periferi, i Eggens diktbok. Nemleg alle trea som diktboka yrer av. Trea har ei lang mytologisk historie. Og treet reknar ein som solid og bufast, men kor er eigentleg treet? «Hva om du er/ her du ikke er». Treet som strekkjer seg, er på fleire plan samstundes, frå røtene djupt under jorda til greinene som strevar oppover og breier seg horisontalt, utover. Dei er også historiske vesen. Under reisa ser eg-et tre som må ha vore der då han var der på 60-talet, i barndomen. Eit tre er «det som ikke er oss», og som «forteller oss hva vi er».
Dikta til Eggen er stringente og sprelske, fulle av brot og framhald. Dikta kan rett som det er, bryte ut i ramme politiske karakteristikkar: «Hvor er staten i Sverige/ er den blitt forbudt», for så å vri seg rett inn i det vene, for å synge.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta til Jo Eggen er stringente og sprelske, fulle av brot og framhald.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.