Freud og gaman
Høvring skriv i kjent stil om ein mildt sagt eksentrisk familie.
Mona Høvring fekk kritikarprisen i kategorien beste skjønnlitterære vaksenbok for den førre romanen, som kom ut på Forlaget Oktober.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Roman
Mona Høvring:
Soga om Fråid. Hans meiningar og livskjensle
Samlaget
Å påstå at Mona Høvring er «språkleg sprelsk» er ei bleik underdriving. Forfattaren har i bok etter bok skapt frydefullt originale univers i eit potent og poetiske språk. Den viltre ordleiken står i denne siste boka endå meir i sentrum enn før, men djupe korn av meining glitrar òg i teksten om ein ser etter, mellom anna om behovet for å få vere seg sjølv.
Soga om Fråid kler nynorsken særs godt, eit språk ikkje så langt frå det radikale bokmålet forfattaren har skrive tidlegare. Dette er ein prosa som sprett og dansar både hiphop og halling (her er ein god del engelske uttrykk), gjerne i same setning. Ein skal vere ein vaken lesar for å få med seg alle referansane.
Morssakn
Soga om Fråid gir ei eventyrlik framstilling om ein ganske eksentrisk familie. Fråid bur saman med to sysken, Terje Eddipus og Eva, og faren August Augustus Vulgaris. Faren er altså både keisar og ein vanleg fyr – sjølv om ingen i denne soga er akkurat «A4».
Faren er sjømann og mykje borte frå barna, medan mora har reist frå dei for godt. Frå henne høyrer dei berre ein gong i året, ho sender postkort til jul. Dei tre søskena må altså greie seg mykje aleine, men dei er fulle av påhitt og ressursar, klarar seg godt og har på klokt vis fordelt oppgåvene i heimen mellom seg: Fråid tar seg av finansane, Terje Eddipus («Eddipus» sjølvsagt ein referanse til Ødipus) lagar mat og gjer handarbeid, medan Eva snikrar og held huset i stand. Saknet av mora gneg likevel Fråid, som er ei søkande sjel.
Handlinga går i uføreseielege kast, men her er nokre raude trådar som driv forteljinga framover. Fråids morssakn er éin, ein annan lengten etter ein kjæraste. Snart kjem ein ny person inn som får ein heilt sentral plass, stemora Demona de Sjavy. Også dette namnet er fullt av allusjonar: «Demona» som i «demon», her i feminin utgåve, og kanskje også eit hint til Shakespeares Desdemona i Othello? Etternamnet er etter uttrykket «deja vu».
Demona er noko sterk i uttrykket, men slett ingen jævel og heller ingen tragisk figur. Ho kan fly, eller «fyke», som det heiter her, og forandrar utsjånad og høgd etter humøret. Ho kan det meste, berre ikkje le!
Vulgaris møter henne når han underheld på ein psykiatrisk klinikk. Litt eller mykje forvridde scener frå sjukehus og institusjon kan vi kjenne att frå andre Høvring-bøker. Her får humoren overtaket når forfattaren deler ut nokre stikk til psykiatriske diagnosar og behandlingar: Demona blir lagd inn på «AFFUP, Avdelinga for fælsleg uutgrundelege plager».
Det umedvitne
Det er krevjande å setje denne boka på formel, ho må rett og slett opplevast, med eit sinn som opnar for forbindelsar langt utanom det vanlege, for det rare og det uventa. Høgt og lågt, lærd og vulgært (nettopp, «vulgaris») blir blanda på ein måte ingen gjer etter Mona Høvring.
Her er til dømes familien på veg ut til julekalas: Barna liknar «rosa sukkerspinnkaninar i onepiece-draktene som var dekorerte med marshmallows og bitte små duskar og fjør. Vulgaris stod breibeint, i absolutt vater, festleg og full av fiber og freidige fråsegner».
Bak og under all den yre leiken ligg også eit alvor. Det innfletta Albert Einstein-sitatet «Vi kan ikkje løyse problema våre ved å tenkje slik vi tenkte då vi skapte dei», minner oss på at det er både viktig og mogleg å tenkje og drøyme utanfor «boksen».
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er krevjande å setje denne boka på formel, ho må rett og slett opplevast.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.