Fridom på europeisk
Timothy Snyder får fram at fridomen har mange dimensjonar.
Timothy Snyder utforskar kva fridom er, i boka som kom på norsk i år.
Foto: Forlaget Press
Sakprosa
Timothy Snyder:
Om frihet
Omsett av John Grande
Forlaget Press
«Presidenten er her.» Det gjer inntrykk å lese det Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj sa 25. februar 2022. Han var til stades i Kyiv, bokstaveleg og fysisk. Fridom var sanning, det var mot, det var å tale dei russiske løgnene om flukt midt imot. Ukrainarane kjempar no for å behalde fridomen.
«Fridom er ikkje berre fråvær av noko vondt, men at noko godt er til stades», fortel ei 85 år gammal ukrainsk kvinne. Huset hennar er øydelagt, men russarane har dratt. Dessverre er det framleis krig, fridomen for det ukrainske folket er ikkje sikra.
Tittelen Om frihet er ein typisk tittel for ei filosofibok. Det var det den amerikanske historikaren Timothy Snyder i utgangspunktet ville skrive, og det var det eg trudde eg skulle lese. Men i eit BBC-intervju fortel Snyder at han etter kvart bestemte seg for å ta med seg notata sine og reise til ulike stader der det vart snakka om fridom. For Snyder, som har skrive fleire bøker om Aust-Europa, Russland og Ukraina, og som kjenner landa godt, var det openbert at Ukraina var staden.
Negativ fridom
Føreordet er skrive på togturen han tok i september 2023 frå Kyiv til Dorohusk. Landet er i krig, og alle snakkar om fridom. Spørsmålet Snyder stiller, er: Kva består denne fridomen av? Korleis opplever ein den, og kva vil det seie å vere ufri?
Fridom i Ukraina handlar ikkje berre om å fjerne russarane, det Snyder kallar negativ fridom, men om å byggje eit samfunn. Det held ikkje berre å fjerne barrierar eller kaste russarane ut, Ein må sørgje for at samfunnet byggjer på ein positiv fridom. Isaiah Berlin, som var Snyders førelesar, skil mellom positiv fridom, fridom til, og negativ fridom, fridom frå. Bakarst i boka listar Snyder opp skilnadene, men poenget hans er at skiljet eigentleg ikkje er meiningsfylt. Fridom er begge delar. Og fridom er mange ting.
Til BBC seier Snyder («Start the Week: On Freedom», 16. september 2024) at fridom er når du kan velje verdiane dine og utvikle deg – «create character, create personality». Han trur fridomsvilje til sjuande og sist er karakter. Det er ein spennande tanke, for då er fridom både utvikling av deg sjølv og utsiktene du har rundt deg.
Snyder tek utgangspunkt i fem ulike former for fridom som til saman forklarer alle aspekt ved fridomen. Desse fem forholda får kvart sitt kapittel, og kvart av dei er illustrert med ei rekke døme frå Snyders eige liv og barndom. Dei er henta frå reiser til Ukraina, samtalar med ukrainarar, inkludert Zelenskyj, tidlegare forsking, eit undervisningsoppdrag i eit fengsel i Connecticut, og frå politikk og samfunnsdebatt, særleg i USA.
Suverenitet
Den første forma for fridom er suverenitet, vi kan seie autonomi, altså at vi er i stand til å ta val – ei klassisk forståing av valfridom. Den andre er noko uføreseieleg. Den kan framstå som litt annleis, for det å vere uføreseieleg er ofte knytt til noko utrygt og ikkje til fornuft og rasjonelle handlingar. Snyders sak er å forklare at vi menneske har ulike verdiar, og vi kombinerer dei på ulike måtar, noko som gjer oss uføreseielege.
I dag er vi i ferd med å bli meir føreseielege, og med det føreseielege òg enklare å kontrollere, det vil seie at vi blir ufrie. Algoritmar, sosiale medium, sporing av telefonar og så vidare gjer at vi blir enklare å manipulere. Dette er bekymringsfullt og har skjedd svært raskt. Dess meir føreseielege vi er, dess enklare er det å styre oss, og med dagens teknologiske løysingar er Orwells 1984 berre ein forsmak på kva som er mogleg.
Men uføreseielege leiarar eller statar skaper frykt. Rammene rundt livet vårt må vere føreseielege for at vi skal kunne vere uføreseielege. Trump kan få vere så uføreseieleg han berre vil som privatperson, men ikkje som president i USA. Den som har tyrannisk makt, bruker høvet til å vere uføreseieleg for å kontrollere. I dag kjenner vi namna på despotane, men det skumlaste er kanskje at vi alle gir frå oss høve til å vere uføreseielege kvar gong vi trykkjer på «likes», deler og bruker sosiale medium.
Mobilitet
Den tredje forma for fridom er mobilitet. Blir du hindra i å bevege deg, er du meir ufri. Både Snyder og eg er gamle nok til å ha opplevd Aust-Europa før muren fall i 1989. Folk der hadde så vidt tryggleik, men dei kunne ikkje reise eller bevege seg dit dei ville. Eg sjølv måtte ha visum for kvar grense eg kryssa, og vart utsett for nøye kontroll fleire gonger. Då opplever du fråvær av fridom heilt fysisk.
Menneska eg møtte, ønskte seg fridom, ikkje berre til å reise, men til å uttrykke seg, organisere seg, få nyhende frå andre stader enn statskanalen. Og alle eg møtte på turane mine i Aust-Europa, såg på russarar som spionar. Mistilliten var stor. 30 år etter har dei større grunn til det enn nokon gong før.
Zelenskyj valde å bli i Kyiv då russarane igjen marsjerte inn i Ukraina. Til Snyder sa han: «Eit ufritt menneske kan alltid prøve å flykte. Men nokre gonger er eit fritt menneske nøydd til å bli. Fri vilje er å vere karakterfast.»
Den fjerde forma er faktisitet. Faktisitet er å søkje sanning, historiske sanningar, vitskapelege sanningar og sanningar om det som skjer rundt oss. Dette handlar om grunnlaget for korleis vi oppfattar verda, korleis vi kommuniserer og kva vi byggjer oppfatningane våre på. Zelenskyj kommuniserer med sin eigen fysiske kropp ved å bli, ved å vise at han faktisk er i Kyiv. Det var sanninga som motbeviste rykta om at han hadde flykta.
Solidaritet
Den siste forma for fridom er solidaritet, og denne forma er gjerne kortversjonen for alle dei som set negativ og positiv fridom opp mot kvarandre. Solidaritet inneber at fridomen er for alle, og at ingen menneske er frie åleine, men i eit fellesskap.
Snyder er svært kritisk til fridom, forstått som det som også den tidlegare presidenten i USA har kritisert: Ein fri marknad gjev ikkje ein rett til å ta kva du vil på den måten du sjølv vil. For Snyder er solidariteten mellom menneske ein grunnleggjande føresetnad for fridom.
Mens eg les, tek eg meg i å tenkje at fridomen Snyder skildrar, er meir lik ei oppfatning og forståing av fridom i ein europeisk kontekst enn i ei angloamerikansk forståing. Snyder peikar sjølv på at den sistnemnde særleg tenkjer på fridom som negativ, altså fridom frå, og dermed også gjerne som fridom frå staten.
Boka til Snyder er på ein måte uføreseieleg, nettopp fordi han illustrerer fridomen på ein annleis måte gjennom døma han bruker, gjerne med referansar til filosofar og tenkjarar, eller statsleiarar, som Zelenskyj og Simone Weil – ingen av dei er, treffande nok, amerikanarar.
Om frihet er eit oppgjer med ei amerikansk, reduksjonistisk forståing av fridom, og mykje av grunnlaget for Snyder ligg i mange og lange opphald i Europa. Eg les boka som eit heilhjarta forsøk på å få fram ei breiare, djupare og meir grunnleggjande forståing av fridom.
Snyder vel å avslutte med eit sitat av franske Simone Weil: «Vi lever i en verden der det bare er fra seg selv folk kan forvente mirakel.» For oss i Europa handlar fridomen no om Ukraina, ikkje som ein teoretisk storleik, men som noko vi må kjempe for. Snyders tidlegare bøker har titlane Veien til ufrihet og Om tyranni, og den førre heitte heilt enkelt Om Ukraina.
Mathilde Fasting
Mathilde Fasting er siviløkonom og idéhistorikar i Civita.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om frihet er eit oppgjer med ei amerikansk,
reduksjonistisk forståing av fridom.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.