Fulltreffar i bomstasjonen
Helene Guåkers roman er ein kraftprestasjon.
Helene Guåker har gjeve ut tre romanar for vaksne og fleire ungdomsbøker sidan debuten i 2010.
Foto: Niklas Lello
Roman
Helene Guåker:
Allmenningen
Aschehoug
I ei bygd i innlandet møtest dei unge Lodve og Sissel. Han er vaktmeister, ho går lærarskulen, dei flyttar saman. Dei lever lukkeleg og ukomplisert, til Sissel ein dag begynner å flakke med blikket. Lodve mistar kjærast og jobb og flyttar til Midtvangen, der han bemannar bomstasjonen som utgjer grensa mot fjellet og hyttegrenda.
Her finst eit sagbruk, det er skogsdrift, og eit par meir eller mindre snakkesalige naboar. Lodve helsar på dei som passerer bomstasjonen, elles har han mest kontakt med hunden som han etter kvart skaffar seg. Vi følger han gjennom nokre tiår.
Djuptloddande univers
Tematisk kretsar romanen om naturvern og kapitalkrefter. Tittelen, Allmenningen, viser til den eldgamle ordninga der somme område skal vere opne for alle, det inkluderer òg flora og fauna. I romanen er Allmenningen eit stadnamn, og staden har ironisk eit styre som eig området med sagbruk og bomstasjon, og som «bestemte åssen det skulle driftes». Det er dei som står for forvaltning og regulering, altså «utvikling». Eg må tenke på eit lesarinnlegg eg ein gong las i Illustrert Vitenskap: «Hvem eier Månen?» Svaret var at Månen var internasjonalt område. Eg hugsar eg tenkte: Hallo?
Lodve lever i ei brytingstid. Han tenker tilbake på den gamle skogsdrifta, der dei felte eitt og eitt tre, framfor dagens maskinelle flatehogst. Der hestane var hestekreftene, der tømmerfløytarane hadde arbeid, i motsetnad til i dag, då «utviklarane» susar gjennom bomstasjonen i suvar og Teslaer for å sjå kva meir skade dei kan gjere på naturen her oppe, med maks forteneste.
Det høyrest plakatpolitisk ut, men det er ingenting plakataktig ved denne romanen. Guåker skapar eit univers som loddar djupt, der alle personane får kjøt på beinet, og der lagnadene deira utgjer heile grobotnen for å reise dei meir politiske spørsmåla. Sjølv labradoren Karon står fram for oss med heile sin personlegdom – det er eit vakkert portrett av ein hund og av samspelet mellom mann og hund.
Verdiar til drøfting
Kva skjer når ein allmenning ikkje lenger er til for alle, men for nokre få privilegerte? Når ein støyter på «statsapparatets blårussfest som aldri tok slutt»? Når hytteeigarar må betale meir og meir for å ta seg til den spartanske hytta si fordi ho ikkje ligg i eit kommersielt hyttefelt? Kva skal den forvirra lappugla gjere etter flatehogsten? Kva gjer myra, og det mylderet av kryp som bur i ho, når ho tørkar ut? Når ikkje bommen lenger skal vere bemanna: Kven skal selje ved og propan, kven skal dele ut plaster til ungar som har skada seg, eller dra opp bilar som har hamna i grøfta?
Dette er ikkje berre nostalgiske tankar frå ein etter kvart overflødig Lodve, men står i romanen som sentrale, gyldige spørsmål frå eit anna økonomisk og økologisk livssyn enn det som høyrer til dei som feiar forbi i Tesla med medgangsvind i håret.
Spørsmålet kokar ned til: Kva er verdiar, kven avgjer kva som er gangbar mynt? Kva er utvikling? I romanens røyndom – ikkje ulikt røyndomen vi lever i – ser det ut til at folka på golvet, eller på bakken, må gi tapt for dei mindre bakkekontaktprega kapitalkreftene. «Akkurat sånn følte han seg nå, som stålis knust i biter, i full fart på veg nedover ei elv. Som om det var han som måtte gi etter når trøkket ble for stort. Noe måtte væra svakere og bøye av for at det nye skulle få plass.»
Guåkers språk er dialektnært og levande. Oppbygginga i romanen er framifrå. Forfattaren viser ei utstrekt kjensle for balansen mellom sentimentalitet og realitetar. Denne lesaren blei etter siste side sitjande og sjå ut av vindauget og kjenne seg opplyst, forbetra og takksam.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?