Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Garden som hovudperson

Ideen om å følgje ein gard gjennom historia er glitrande, men Store spel handlar meir om personane enn garden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas saman med dottera Guri heime på garden Midtbø.

Foto: NTB

4270
20210129
4270
20210129

Sakprosa

Arne Vinje:

Store spel. Soga om Vesås i verda

Skald forlag

Innbindinga, fotografia, designet, trykket, lukta, alt det ytre skapar glede kring boka Store spel. Soga om Vesås i verda, skriven av Arne Vinje og utgjeven på Skald forlag. Her er det ikkje Tarjei Vesaas som er hovudpersonen, men staden der han voks opp, garden Vesås i Vinje i Telemark som har vore i den same slekta i nær 400 år.

Frå 1600-talet av finst det kjelder til å skrive om Vesås. Men diverre klarar ikkje Vinje å plassere garden som objekt i forteljinga. Han nemner tidleg kor mange dyr dei hadde og kva skattar dei betalte, utan å gje lesaren glimt av korkje gardsdrifta eller korleis skatteinnbetalingane skjedde på denne tida. Og i staden for å skildre den tette, digre furuskogen tilhøyrande Vesås puttar han inn ein faktaboks om gran og furu. Slik skuslar Vinje vekk dei openberre høva han har til å gje lesaren eit levande bilete av garden på 1600- og 1700-talet.

Folk

Me skjønar snøgt at det er personane og ikkje eigentleg garden boka handlar om. Til dømes skriv ikkje Vinje om framveksten av husmannsplassane under Vesås, ikkje før det brått bur folk der som han kan skrive biografiske opplysningar om. Dette kunne ha vore interessant nok, men tidleg snik det seg inn ein mistanke om at Vinje ikkje har gjort sjølvstendige arkivgranskingar til boka.

Han peikar ustanseleg mot opplysningane i Rikard Berges bygdesoge frå 1940-talet. Berge er ikkje noko dårleg reisefølgje, men materialet hans er ikkje stort nok til ei soge om berre éin gard. Kanskje er det difor Vinje endar med å skrive side opp og side ned om ymse slektningar på andre gardar og plassar, til dels langt ute i periferien i høve til Vesås-folket, i ein tekst som òg vert for sporadisk, oppstykka og utflytande til å gje noko godt portrett av bygda kring garden.

Utover på 1800-talet klarar Vinje å samle seg om færre personar, og garden kjem betre fram. Det stig også fram eit hovudprosjekt som handlar om korleis folka på Vesås omformar kunstuttrykk frå omverda til noko unikt og eige. Det kunstnarlege samspelet mellom verda, bygda og garden byggjer opp mot det me veit må bli eit hovudtema i boka. Eg beint fram gler meg til å lese om korleis livet på garden forma den unge Tarjei Vesaas. Men då Vinje kjem til denne perioden i gardshistoria, trur eg knapt det eg les: «Sonen Olav Vesaas har både grundig og levande skildra oppveksten til denne guten som skulle bli ein av dei største norske forfattarane i nyare tid, og her skal ingen ting leggjast til eller trekkjast frå den framstillinga.» Er det mogleg? Boka fortel på baksida at ho skal granske korleis fjellbygda kunne fostre ein slik forfattar. Men sjølve oppveksten til Tarjei på garden er altså ikkje teke med. At sonen til Tarjei Vesaas har skrive om faren, burde berre ha vore eit glimrande utgangspunkt for Vinje. Men nei, han vil korkje leggje til eller trekkje frå.

Odel

Samstundes skriv Arne Vinje sterkare og sterkare om folka på garden frå slutten av 1800-talet og frametter. Den vaksne Tarjei Vesaas og etter kvart også Halldis Moren Vesaas og livet deira i bygda, kjem fint fram. Ikkje minst er det sterkt å lese om plikta med å ha odelen på ein gard. Tarjei skriv romanar og arbeider saman med faren, tida går, forfattaren og odelsguten vert over tretti år, og det kjem knapt eit ord frå han om lagnaden til garden. Det same dilemmaet kjem att på 2000-talet, der odelsjenta Sigrid Vesaas ikkje klarar å bestemme seg for om ho skal seie frå seg garden eller ikkje.

Kjenslene og røtene Vinje skriv om her, er det mange som kjem frå ein gard, som vil kjenne seg att i. Mot slutten av boka er Vinje, med bakgrunn som økofilosof, gardbrukar og ordførar, i sitt ess når han skriv om korleis utviklinga i samfunnet og landbrukspolitikken arbeider mot livet på eit småbruk som Vesås, og korleis den nye tida tvingar Vesås-folket til å ta dristige og kreative val for å hegne om garden som buplass og brukseining. I desse partia er boka framifrå.

Øystein Morten

Øystein Morten er forfattar og tidlegare distriktskonservator i Vest-Telemark.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ikkje minst er det sterkt å lese om plikta med å ha odelen på ein gard.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis