JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Geniet bak anlegget

150-årsjubileet for Gustav Vigeland vert markert med ei ny utgåve av Tone Wikborgs store biografi og ei internasjonaliserande utstilling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gustav Vigeland: «De nedbøyde», 1898, bronse. Vigeland-museet, Oslo

9984
20190503
9984
20190503

Biografi

Tone Wikborg:

Gustav Vigeland

Vidarforlaget / Solum bokvennen 2019

Kunstutstilling

Bourdelle, Maillol, Meunier, Rodin:

Paralleller: Gustav Vigeland og hans samtidige

Vigeland-museet: 12.04.19–15.09.19

At det i år er 150 år sidan Gustav Vigeland vart fødd, vert markert på to vis: Den store, i dobbel forstand, biografien til Tone Wikborg, som kom ut første gong i 2001, kjem i ny utgåve og er dessutan omsett til engelsk. Og Vigeland-museet arrangerer ei stor utstilling der kunsten til Vigeland vert samanliknande stilt ut ved sida av kunsten til samtidige franske og belgiske bilethoggarar.

Dette er faktisk eit naudsynt tiltak, heilt uavhengig av sjølve jubileet. For eg har mistanke om at folk flest knapt veit så mykje om Vigeland sjølv. Ikkje rart, ettersom hovudverket hans er så gigantisk at skaparen sjølv kverv av syne, ja, bortsett frå den smålåtne sjølvportrettstatuen som står ved hovudinngangen. Er Vigeland berre eit anlegg? Men i alle fall ikkje eit subjektivt anlegg, slik som kunsten til Munch er det, som inviterer til biografisk interesse. I tillegg kjem at det meste av Vigelands kunst er skulpturar som ikkje kan flyttast på. Folk som ikkje er i Oslo, må nøya seg med foto, som skal visa noko tredimensjonalt i berre to dimensjonar. Noko anna med målarstykka til Munch.

Kunstnarmytar

Det Wikborgs biografi viser, er at det likevel knapt er nokon skilnad på Munch og Vigeland når det gjeld å leva opp til dei (sein)romantiske kunstnarmytane. Det gamle Dusteforbundet skilde mellom det å vera eit sjølvoppdaga geni og å vera eit geni oppdaga av andre, og det første var ein større prestasjon enn det andre. Både Munch og Vigeland var geni i båe tydingar: Vigeland meinte han var (ein stor) bilethoggar frå før han vart fødd, slik Munch heller ikkje mangla sjølvtillit når han heldt fast på det kritikarar kalla halvferdige målarstykke. Men det var berre ein eigenprodusert myte at Munch vart særleg motarbeid.

Jau, det tok litt lengre tid før Vigeland vart utnemnd til geni av andre. Og før han debuterte på Haustutstillinga som 23-åring, hadde han vore gjennom ein svelteperiode i Kristiania omtrent samtidig med og like hard som den dobbeltgeniet Hamsun skildrar i Sult (1890). Men alt som 32-åring vart han riddar av St. Olavs orden. Eit anna norsk dobbeltgeni som Vigeland hadde ein relasjon til på denne tida, var Ibsen. Han skal ha vorte inspirert av Vigelands store relieff «Helvete» då han skreiv Naar vi døde vaagner (1899) om bilethoggaren Rubek som har laga eit storverk, «Oppstandelsens dag», men som har ofra kjærleiken på dette altaret: På mange vis eit kunstnarleg varsel om korleis det vil gå med Vigeland sjølv.

Wikborg har vore tilsett ved Vigeland-museet som førsteamanuensis i 30 år og har hatt tilgang til det store arkivet med Vigelands bøker, foto, nedskrivne minne, meir enn 2000 brev og hundrevis av notatbøker. I dag er ho 89 år gamal. Ho var 17 då Vigelandsanlegget stort sett var ferdig i 1947 og har altså på første hand kunna følgja med på korleis det har vorte motteke, ikkje minst ulike skifte i synet på det. Ho er difor unikt kvalifisert til biografioppgåva. Rett nok kan ein ikkje venta hundre prosent kritisk distanse. Ein kan ikkje ta avstand frå noko ein brukar så mykje av livet sitt på. Undervegs kan ho vel ikkje fri seg frå å ta tydeleg parti i nokre av dei kampane Vigeland meinte han måtte utkjempa. Men i det store og heile held ho heller ikkje mykje igjen når det gjeld å visa dei usympatiske (kortlunta) sidene ved geniet, som likevel vert forsona av ein ufatteleg arbeidskapasitet, forsterka ifølgje han sjølv av sørlandsk protestantisk arbeidsmoral.

Kulturhistorie

For Vigeland kjem frå eit pietistisk miljø i Mandal, med eit komplisert tilhøve til ein møbelproduserande far som på eldre dagar slår om og vert drikkfeldig og bryt med kona til fordel for unge kvinner som han får barn med. Eit mønster Vigeland sjølv skal gjenta. Så reise til Kristiania, lære hos bilethoggar Bergslien og reiser til København, Paris og Firenze, og ikkje minst Berlin, der han skal ha kasta ein byste av Munch mot originalen i samband med ein krangel om ein dame.

Når det gjeld damer, ville ikkje Vigeland fått det lett i dagens metoo-tider. Her liknar han på Picasso: Kvinnelege modellar vert til elskarinner og flyttar inn, inntil dei vert for gamle og erstatta av den neste modellen: Først den 23 år gamle Laura Andersen (1893), som han får to barn med, barn som han aldri har kontakt med. Ho vert erstatta av 19 år gamle Inga Syvertsen (1902), som vert erstatta (1920) av neste modell, Ingrid Vilberg, som igjen vert erstatta i 1939. Dette var eit generelt trekk ved Vigeland: Ustanseleg vert han rasande på venner og bryt med dei. Til sist står han temmeleg aleine att, som ein tragisk Ibsen-figur.

Det viktigaste i biografien er likevel historia om korleis Vigeland utviklar og får gjennomført det som skal verta hovudverket hans i Frognerparken. Her er biografien like mykje ei norsk kulturhistorie som ei forteljing om eit privatliv. I dag kunne aldri noko slikt vore gjennomført, men den gong trong den nye nasjonen slike symbol, og Kristiania var dessutan jomfrueleg når det galdt skulpturar. Og rikfolk gav pengar til kunst, ikkje til idrott.

Det byrja med den store fontena, som i dag står i Frognerparken, men som skulle plasserast på Eidsvolls plass, dinest i Slottsparken. Men utvidingar kring fontena ville gjort det naudsynt å riva Slottet, så då skulle ho flyttast til den nyklassisistiske atelier- og museumsbygningen som kommunen utruleg nok hadde bygd for han på Frogner (1921­–26). Til sist vart anlegget plassert lenger inn i parken, der det er i dag, heile tida med nye utvidingar: Monolitten med trapper fylt med granittstatuar, så ei 100 meter lang granittbru, med 58 bronseskulpturar, over ein liten bekk (som Munch ikkje ville at skattepengane hans skulle brukast på). Og så store inngangsportar laga av smijern. Heile tida var Vigeland i kamp med hovudfiendane, som særleg var dei kulturradikale: Christian Krohg og Dagbladet, den mislukka kunstnaren og no kunstkritikaren Pola Gauguin, for ikkje å gløyma kommunegartnar Aars.

Heilt til slutt drøftar Wikborg skuldingane om Vigelands nazisympatiar og gjev gode grunnar for å avvisa slike, særleg dei frå Gauguin om at skulpturane uttrykkjer eit arisk menneskesyn. Vigeland var ikkje interessert i politikk, berre i eigen kunst. Skulpturane uttrykkjer snarare eit generelt vitalistisk livssyn som ikkje berre høyrer nazistar til. Munch var òg vitalist, og ikkje nazist, sjølv om Goebbels likte kunsten hans. Vigelands vitalisme handla ikkje berre om sterke heltar, men òg om forfall og aldring.

Jubileumsutstilling

Men det er umogeleg å referera meir enn ein liten brøkdel av innhaldet i denne rike boka, som nok vert ståande som eit særs leseleg standardverk. Ho er ikkje primært meint å vera ein presentasjon av kunstverka til Vigeland. Dei må ein sjølv oppsøkja, noko ein kan gjera ved å gå på jubileumsutstillinga i Vigelandsmuseet, kuratert av Guri Skuggen. I tillegg er det laga ein stor bokkatalog, redigert av Jarle Strømodden, med opplysande artiklar og bilete av alle utstilte gjenstandar. Museet har elles ikkje høge besøkstal: i 2017 berre 28.000, medan Munchmuseet hadde 204.000. Dei fleste, 1 million, nøyer seg med sjå Vigeland i Frognerparken. No får ein eit godt påskot til å vitja den flotte bygningen med effektive utstillingssalar. Ikkje minst av di ein vert gjord kjend med den tidlege Vigeland, men òg med ein viktig fase av skulpturhistoria.

For medan målarkunsten gjennomgjekk raske stilendringar gjennom 1800-talet, gjekk det tregare med skulpturar. Men frå 1880 vart det eit samanfall med utviklinga i målarkunsten – i retning av naturalisme og realisme særleg hos slike franske bilethoggarar som no er henta til Noreg til denne utstillinga. Fremst av dei er sjølvsagt Rodin, som Vigeland lærte mykje av, både når det galdt utforming og tema, noko utstillinga viser gjennom samanstillingar. Men som Vigeland òg hadde eit kritisk tilhøve til: Han meinte at Rodin laga figurar som var dynamisk ute av balanse, medan han sjølv lét figurane stå meir i klassisk balanse, utan at dei difor mangla symbolsk drama. Det er berre å sjå på dei to monumenta i Slottsparken, Abel og Camilla Collett. Den siste vert skildra som prega av alle kampane ho har vore gjennom. Naturalismen viser seg òg i bystene av Jonas Lie og Ibsen, som viser ekte gamle menn.

Men frå 1910 av utvikla Vigeland ein «fyldigare» stil, med mindre realistiske detaljar og rundare kroppar, lik dei ein kan finna hos den franske bilethoggaren Aristide Maillol. Men òg inspirert av egyptisk kunst. Elles er det særleg den antikke Fidias og renessansens Michelangelo som inspirerer Vigeland.

I utstillinga vert dei franske bilethoggarane viste både på eiga hand og som parallellar til Vigeland på ein måte som syner Vigelands heimstad i ein internasjonal tradisjon, trass i hans eigen uvilje mot å marknadsføra seg utanlands.

Vigeland har hatt flaks med at feiringa av 150-årsjubileet er i år og ikkje neste år. For då ville det ha kome i skuggen av opninga av det nye Munchmuseet, som vil vera Munchs endelege revansje over Vigeland. Hittil har Munch med rette kunna klaga over at Vigeland har fått mest skattepengar, med stort og flott museum, ein steinlagd park og ikkje minst den store brua over den vesle bekken. Men frå neste år kunne Vigeland ha klaga over at alle dei turistinntektene han har generert, vert brukte til å byggja Munchs eigen fallosmonolitt i Bjørvika, rett nok med ein passande knekk. Men vi andre er i alle høve rikare.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det viktigaste i biografien er likevel historia om korleis Vigeland utviklar og får gjennomført det som skal verta hovudverket hans i Frognerparken.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis