Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Genteknologi til kva bruk?

Teknologi som endrar gen, er komen for å bli. Men treng vi han i matproduksjonen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Å utvikle søvnframkallande tomatar ved hjelp av genmodifisering er kanskje ikkje å forbetre evolusjonen, skriv Siri Helle.

Foto: Frank May / NTB

4824
20241220
4824
20241220

Sakprosa

Kari Gåsvatn:

Matmakt over genene. Genmodifisering og mat: den viktige debatten

Blomsterhaug Forlag

Genteknologi kan forandre livet vårt. Det kan forandre naturen vår, maten vår, helsevesenet vårt og – med det – kroppen vår. Og nett no sit styresmaktene våre og skriv ny lovgjeving som truleg vil sleppe denne blant fagfolk omstridde teknologien monaleg meir laus. Så kvifor snakkar vi så lite om det?

Kari Gåsvatn tilbyr ein overkommeleg og interessant inngang til temaet i den nye boka Matmakt over genene. Genmodifisering og mat: den viktige debatten. Den fyrste oppvakninga får eg allereie på side 13. Her slår Gåsvatn fast kvifor det er legitimt å argumentere mot genmodifiserte organismar (GMO) i matproduksjonen utan samtidig å måtte vere imot bruk av GMO i humanmedisin: I humanmedisin «handler det om å hjelpe enkeltmennesker (…). Det er noe helt annet enn å endre friske planter og dyr på en måte som skal arves i neste generasjon».

Diverre, kan eg seie, stoppar det i stor grad her. Forfattaren går ikkje særleg djupt inn i kva genteknologi er. Bortsett frå å vise nokre grunnleggande forskjellar på det som av næringa sjølv vert kalla «gamal» og «ny» genteknologi (der skilnaden er at «gamal» teknologi er basert på introduksjon av framande gen, medan «ny» teknologi, som gjerne vert kalla crispr eller gensaks, i større grad klipper og limer i interne gen), brukar ikkje Gåsvatn særleg mykje plass på å forklare teknologien.

Gode døme

Eg kan synast at det er skuffande, men eg kan ikkje melde ei bok ut frå kva eg skulle ynskje ho handla om – i staden må eg vurdere prosjektet til forfattaren. For Gåsvatn er det å stille spørsmål ved om genteknologi i matproduksjonen verkeleg er så naudsynt som forkjemparane vil ha det til. Og Kari Gåsvatn argumenterer temmeleg godt for sitt tydelege nei.

For kvifor skal nokon styre på med å genmodifisere poteter som er resistente mot den alvorlege soppsjukdommen tørròte, når tradisjonell avl alt har skaffa oss temmeleg tørròteresistente sortar som nansen og sarpo mira?

Hanekyllingar er eit overskotsproblem i verpehønsbransjen, men er løysinga å genmodifisere fram ei høne som berre legg hønseegg, eller – som i Tyskland – bruke gamle hønserasar til å skape ei høne som både gjev egg og hanekjøt? Treng vi å genmodifisere fram tørkeresistens, ein eigenskap knytt til kring 60 gen, når filippinske risbønder har henta fram over 1300 tradisjonelle risvariantar som er tilpassa lokale vêrforhold og brukt til å utvikle lokal klimaresistens?

Ifylgje Gåsvatn har ikkje den «nye» genteknologien så langt klart å levere eit einaste kommersielt produkt til matbransjen. Korleis kan ein då forsvare å bruke det å vere raskare enn tradisjonell avl som eit av hovudargumenta?

Kjeldemangel

Det kan diverre vere litt vanskeleg å vite i kor stor grad eg kan stole på påstandane i Matmakt over genene. Forfattaren opererer nemleg ikkje med fotnotar eller særleg detaljerte kjeldetilvisingar. Ei generell litteraturliste med 8 rapportar og 14 bøker kjem til kort i møte med påstandar som: «Det er et system der de store aktørene i stadig større grad tar patent på produkter og også på gener og gensegmenter.» Og tilsynelatande faktum som «Ny forskning viser at evolusjonen ikke er så tilfeldig som vi kanskje har trodd» taper på å ikkje syne kva den nye forskinga er for noko.

Gåsvatn kritiserer – med rette – genteknologinæringa for å spele med altfor skjulte kort. Kampen for å sleppe å merke produkt som er genredigerte, dersom redigeringa berre går føre seg internt i genbassenget til ein vekst, er eit grelt døme på dette. Dette var årsaka til at det norske genteknologiutvalet ikkje klarte å levere ei sameint innstilling før sommaren. Men spørsmålet er om ikkje Gåsvatn i større grad burde tatt innover seg sin eigen kritikk og møtt han med eigen rausare kjeldebruk.

Dum natur?

Eg tek likevel Gåsvatn på alvor. Det er nok av skremmande augneblinkar og aha-opplevingar i Matmakt over genene. Det aller mest skremmande er eit sitat frå ei anna bok, skriven av ho som har fått æra for å finne opp den «nye» genteknologien, Jennifer Doudna: «Vi er allerede i gang med å erstatte det døve, dumme, blinde systemet som gjennom jordas tidsalder har formet det genetiske materialet på planeten vår, med et bevisst, målrettet system, en evolusjon styrt av mennesker.»

Vel. Dei få patenta som så langt er tekne på matvarer med «ny» genteknologi, er ifylgje Gåsvatn på ein tomat som skal verke søvnframkallande, og ein sennepssalat med mindre bitterstoff enn originalen. Eg lèt det vere opp til lesaren å vurdere om dette er ei forbetring av den naturstyrte evolusjonen eller ikkje.

Siri Helle

Siri Helle er agronom, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I 1960 var Norsk Hydro-anlegget på Herøya Noregs største industriarbeidsplass, med 6500 tilsette. Biletet er frå ein Aktuell-reportasje same året.

Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB

Feature

Samfunn i vidvinkel

Fotografia frå bildebladet Aktuell utgjer ein mektig kavalkade frå glansdagane til sosialdemokratiet, skriv Kjartan Fløgstad.

KjartanFløgstad

Weronika Murek er dramatikar og forfattar og fekk Witold Gombrowics’ debutantpris i 2015.

Foto: Anna Rezulak

BokMeldingar

Presisjon ved surrealisme

Weronika Murek er krevjande i formspråket, men orkar ein å strekke seg litt, kan ein fort oppdage at ein har vakse ein litterær halvmeter.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis