God populærvitskap
Lat det vere sagt med ein gong: Denne boka er god.
Sakprosa
Anne Sverdrup-Thygeson:
På naturens skuldre. Hvordan ti millioner arter redder livet ditt
Kagge forlag
Forskarar tyr ofte til ein science light-stil, der fagorda er erstatta av enklare, men stadig abstrakte ord i lange vendingar rike på atterhald og undersetningar. Resultatet er bøker for akademikarar i andre fag.
Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), held god avstand til denne vanlege grøfta. Og ein ting til: Ho skriv med ein eldhug som fengjer lesaren. Så når ho attpåtil treffer tidsånda – som i Insektenes planet (2018), er suksessen sikra og vel fortent.
Sameksistens
Den nye boka er ei samling forteljingar om vår sameksistens med andre artar på kloden. Dei er mange, men slett ikkje tallause. Sjølv om vi ikkje veit «ti millionar» til siste siffer, kanskje ikkje eingong det første, er talet endeleg. For mange minkar leveområda og for somme eksistensen. Eg har sjølv stått ved eit slikt stup, på Mauritius, framfor det siste attlevande individet av «den einsamaste palmen» Hyophorbe amaricaulis. Tolv meter høg, stødd av eit stillas, men ufruktbar.
Men forfattaren nemner ikkje tvilsame slagord som «den sjette masseutryddinga».
I staden fortel ho eit vell av korte og lange episodar om korleis store og små «redder livet ditt». Her er skogar som filtrerer vatnet til New York, barlind som blir kreftmedisin, slimsopp som blir modellar for trafikkavvikling i tettbygde Japan. Her er òg artar som tapte, slik som kjempedovendyret som forsvann for ti tusen år sidan og etterlét avokadoen utan frøspreiar – til menneska tok seg av det.
Den smittande entusiasmen er meir enn «naturens underverk», her er understrenger av alvor. Sagt på marknadsspråket til naturbyråkratane: Naturen «leverer oss økosystemtenester» i form av «naturgode» vi må verdsetje. Først då tel naturen på vektskåla, mot andre interesser. Artar utan målbar vekt i dag kan få det i framtida, så ver føre var. Alt vil vise seg å henge i hop med alt og dermed vera nyttig. Den berande metaforen er «livsveven».
Klarsynt tvisyn
Som bevaringsbiolog er Sverdrup-Thygeson med på denne galeien, men med klarsynt tvisyn. Andre artar har jo òg eit eigenverd! Boka igjennom bryt ho med dette. I siste kapittelet får slike «store tanker» rom: Natur er kjelde til identitet, helse, mangfald og undring, men òg noko meir. «Hvor langt kan vi strekke et økosentrisk natursyn, der naturen alltid står i sentrum? [Å] «riste av oss evolusjonens prinsipper og sette en annen art foran oss selv, dersom hardt står mot hardt – vil vi ikke alltid […] velge oss selv og våre nærmeste da?» (s. 179–180). Her stridest bevaringsbiologane: «villmarkingar» for det reine og upåverka, mot pragmatikarar med «velferd først». Ettersom villmark ikkje finst lenger, kan vi like godt riste av oss «evolusjonens prinsipper».
Ordlyden er like fjern som teologar i strid om den rette læra. Kanskje eit litt menneskesentrisk natursyn òg har sin plass? For framfor ein forvilla skog på Hawaii spør ho: «er det nødvendigvis så stor forskjell på innfødt og innført» (s. 181). På Island ser ho at («svartelista») lupinar gjer jord av vulkansk oske, så bjørkeskogen kan gro etter tusen år.
På naturens skuldre, heiter boka. Underforstått: Heller enn blindt å sjå lenger, bør vi sjå på skuldrene vi faktisk står på. Men skal vi stå støtt, treng vi to skuldrer, og i utkanten av synsfeltet ser forfattaren òg den skuldra som før og kler oss. Skulda blir lagd på «intensiveringa» av jord- og skogbruk, at vi får meir frå same arealet – endå nett det har spart mykje natur og ført til «gjengroing». Frankrike har halvert kornarealet sidan 1870, og ulven er attende i halve landet. Medan folk ikkje lenger har kunnskap om matens produksjonsbiologi, har vernebiologien hegemoniet, med «villmarkingar» som dei mest taleføre. Denne boka handlar om den eine skuldra, og med glans. Ho skal òg ha ros for å sjå at vi treng begge skuldrer om vi skal kunne stå.
Åsmund Bjørnstad
Åsmund Bjørnstad er professor emeritus i planteforedling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den smittande entusiasmen er meir enn «naturens underverk», her er understrenger av alvor.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.