Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Godt handverk gir god litteratur

Arne Ruset har heile vegen trudd på eige talent, og det betaler seg etter kvart.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arne Ruset har skrive bøker i fleire sjangrar og er no ute med den tredje romanen sin.

Foto: André Løyning

2923
20190719
2923
20190719

Roman

Arne Ruset:

Nattferje frå Åfarnes

Solum / Bokvennen

Eg skal vere ærleg og seie at Arne Rusets forfattarskap, med 16 titlar frå 1973 og fram til i dag, ikkje har vekt den store interessa frå mi side. Men dei siste åra har forfattarskapen fått ny vitalitet gjennom å vende seg bort frå lyrikken og inn mot prosaen. I ein alder av nær 70 år står Arne Ruset fram som ein stilsikker og raffinert forfattar med romanen Songbok for hesten (2017) og årets roman Nattferje frå Åfarnes.

Ruset er ikkje den første, og neppe den siste, til å vinkle ein roman ut frå at forteljaren/forfattaren i ei livskrise søkjer seg tilbake til heimplassen for å finne svar på eksistensielle spørsmål kring livet og døden og kjærleiken. Men han gjer det på ein imponerande måte ved å la to parallelle tekstløp krysse og kommentere kvarandre gjennom ti noveller og ti kvardagsrapportar frå opphaldet i ei kummerleg hytte. Når forteljaren ikkje skriv for hand, streifar han rundt i nærområdet og observerer i minste detalj seg sjølv og landskapet rundt seg.

Poengtert humor

Forteljaren verkar innimellom nokså upåliteleg, ein mann som blandar draumar og realitet, og som lar noko usagt bli hengande i lufta. Han er rutinert og veit å avslutte i tide, slik at lesaren kjenner denne dirringa som kjenneteiknar god litteratur. I langt dei fleste av tekstene i denne fragmentromanen er dette på plass, både i novellene og i kvardagsrapportane som også speler seg ut mot ein reell eller ein fiktiv dramatikk, slik novellene òg gjer.

Samtidig med at Ruset kan vende kvardagsnære og harmlause situasjonar til noko skremmande og farleg, er han også heilt nedpå med ein poengtert humor og eit blikk for komiske situasjonar, som skildringa av ei vitjing hos mora på sjukeheimen. Også det at mora døyr og blir gravlagd, er skildra nært og med usentimental distanse.

Å vere menneske

Kven er så denne mannen som traskar rundt i barndomstraktene, tenkjer og skriv korte noveller der han går i rette med seg sjølv? Han er godt vaksen, ekteskapet har havarert, han er sosialt utilpass, lever asketisk sjølv om han hevdar å ha levd eit vilt liv før. I det heile tatt: ein mann som leitar etter seg sjølv i ein annan versjon, og det er denne versjonen som trer fram i novellene, som er lett forkledde tilbakeblikk på eige liv.

«… desperasjon kan spele menneskesinnet så mangt eit puss», heiter det i ei av novellene. Det er det som skjer heile vegen der forteljaren går rundt i «skumring og gåtefulle skuggar» på leiting etter noko handgripeleg som er der samtidig som det vik unna og blir ei smerte det ikkje finst lindring for. Det er slik å vere menneske, og Arne Ruset veit noko om det.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I ein alder av nær 70 år står Arne Ruset fram som ein stilsikker og raffinert forfattar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis