Gøy og guffent i granskogen
Nina Méd
Barnebok
Marius Horn Molaug og Kristoffer Kjølberg (ill.):
Verdens verste leirskole
Gyldendal
Radarparet Ruben og Kent har store forventningar til det som skal vise seg å bli verdas verste leirskule. Rektor er alt på plass når bussen med skuleelevar stoppar og slepper dei av midt i granskogen. Mobildekninga er elendig, men det har lite å seie. Snart vert både snop og telefonar konfiskerte.
Med denne utgjevinga tel Verdens verste-serien sju bøker. Ruben og Kent er gjennomgangsfigurar i alle bøkene. Både typeteikningar, miljø og plot minner om landeplaga frå Langåsen pensjonatskole med Stompa og Bodø i tilsvarande roller. Lektor Tørrdal har fått ein verdig arvtakar i den infernalske rektoren på leirskulen.
Stikkordet er leik. Forfattar Marius Holm Molaug og illustratør Kristoffer Kjøllberg snur og vender på bokstavar, ord og uttrykk både i teksten og i teikningane. Dei strør om seg med referansar, frå Frankenstein til Knerten. Forteljinga er tettpakka med humoristiske poeng, heseblesande og heilt utan daudpunkt. Ikkje alt er like vittig, men den leikne kreativiteten er sjarmerande, og bøkene er populære blant lesarane.
Marius Horn Molaug er til dagleg norsk redaktør for Donald Duck & co. Verdens verste-bøkene kan lesast på same måte som den kjende teikneserien: Dette er rein underhaldning, men det finst meldingar mellom linjene. Å setje opp eit telt, fyre opp eit bål og hauste av naturen vert reine helvetesveka. Ungane er hjelpelause med kart og kompass, og ingen hugsar naudnummeret når det verkeleg knip. Hakkespettboka kan vere verdt å hente fram att for internettgenerasjonen.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.