Grevlingar i språket
Kjersti Bjørkmo nyttar kommuneslagord i leikande dikt.
Kjersti Bjørkmo debuterte med ei diktsamling i 2014. No er diktsamling nummer to ute.
Foto: Paal Audestad
DIKT
Kjersti Bjørkmo:
Hadde du bodd her hadde du vært
hjemme nå
Tiden Norsk Forlag 2019
Kommunane freistar gjere seg meir attraktive gjennom å nytte slagord som fangar stadens særpreg. Men somme av fyndorda fortonar seg anten så flate og inkjeseiande eller så openbert dagdraumliknande at ein kan undre seg på om dei snarare gir innbyggjarane lyst til å rømme.
Kjersti Bjørkmo har i alle fall nytta slike motto, nokre reelle og nokre oppdikta, som titlar på dikta i si andre diktbok. Fyndorda svingar seg frå det poetiske, «Ulstein – der baug bryt båre», til det prosaiske, «Skedsmo – et geografisk midtpunkt i Akershus».
Livfulle dikt
At spenstige dikt kan oppstå med utgangspunkt i denne litt traudige og motstandslause språkressursen, provar dei livfulle dikta til Bjørkmo. Dikta er poetiske kommentarar til, og ironiske refleksjonar over, dei kommunale skriftstadane. Ein gjennomgangsfigur i diktboka er grevlingen, ein «opportunist», «en som spiser det som/ byr seg». Forutan å presentere vrengjebilete, absurd komikk og eit leikande språk som går slagorda ein høg gang, betraktar Bjørkmos dikt framfor alt korleis livet, kanskje heimsøkt av trøbbel, utfaldar seg i skuggen av seljarretorikken: «Jeg bærer også min historie/ slik et dyr bærer ungen sin etter nakkeskinnet».
Diktet «Røros – der historien kviskrer» handlar om tid, men gjer oss samstundes merksame på at historier som må kviskrast, er historier som kanskje ikkje toler dagens lys. Eit motto kan sjå tilforlateleg ut og likevel bere med seg meiningar dei som laga det, neppe har sett føre seg.
Samfunnskritikk
Trass i ein munter tone rommar dikta ein openberr samfunnskritikk. Dei opponerer mot det lygnaktige kommunikasjonsbyråspråket, som berre skal formidle gode kjensler fritt for livsmørke. I Bjørkmos diktbok vert kommuneslagorda ekstra suspekte fordi poeten også flettar inn såkalla svindlarbrev, det vil seie variantar av slike brev som florerer på internett, med rar syntaks, forbløffande ordsamanstillingar og tilbod.
Det fine med Bjørkmos dikt, i tillegg til den tilsynelatande utvungne tonen i dei, er at dei på originalt og kritisk vis arbeider med eit føreliggjande språkmateriale. Dikta er ikkje blott til lyst. Dikta vert morosame nett fordi dei peikar på groteske realitetar.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trass i ein
munter tone rommar dikta ein openberr samfunnskritikk.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.