Heilstøypt om omsorgssvikt
Marieke Lucas Rijneveld borar djupt i barnesinnets labyrintar.
Marieke Lucas Rijneveld fekk den internasjonale Booker-prisen i 2020.
Foto: Oskardebot / Wikipedia
Roman
Marieke Lucas
Rijneveld:
Kveldens ubehag
Omsett av Hedda Vormeland
Solum Bokvennen
Når ein debutant fødd i 1991 vinn International Booker Price for 2020, er det truleg snakk om ein sensasjonelt god, høgst original og gjennomført tekst både språkleg og tematisk. Etter å ha lese Kveldens ubehag av nederlandske Marieke Lucas Rijnevald skjønner ein at dette var eit klokt val. Romanen kom på nederlandsk i 2018.
Strengt religiøst miljø
Det handlar om familien Mulder og om oppvekst i eit strengt religiøst miljø på den nederlandske landsbygda, der fire søsken fort blir redusert til tre når storebror Mathies går gjennom isen og druknar. Den lammande sorga og det saknet alle kjenner på, blir det traumet dei drar med seg vidare, for ingen ting blir snakka om, alt blir skyvd til sides eller bortforklart med bibelord og Guds vilje.
Forteljaren er tiåringen Jas, som observerer familien ut frå dei røynslene og den kunnskapen ho har. Dette barneblikket gjennomlyser og formørkar på same tid, for ho har inga makt til å endre eller snu på det ho kjenner er heilt feil: at mora blir tynnare og tynnare, at foreldra knapt snakkar saman, at faren vil reise frå dei, at det heng eit reip på låven, at det går an å hoppe frå fôrsiloen. Saman med søstera Hanna legg Jas planar om å reise til den andre sida, kva no det måtte innebere. «I tillegg til mat og klær, trenger vi oppmerksomhet», tenkjer Jas, mens faren seier: «Vi er i verden, men ikke av verden.»
Omsorgssvikten i familien blir lagd merke til både på skolen og i landsbyen, og når Jas nektar å ta av seg jakka etter at broren drukna, blir dette eit samtaleemne som også kjem faren for øyre. Når han som familiens patriark grip inn, går han samtidig over dei grensene Jas har for sitt eige liv, og sluttscenen lyser av fortvilt avmakt.
Eineståande skildring
Jas, broren Obbe og søstera Hanna er alle i ulike stadium av puberteten, og som ungar flest har dei seksuelle fantasiar og gjer seg sine røynsler med kvarandre eller med dyra på garden, ofte med eit innslag av vald, brutalitet og mishandling, slik Jas behandlar to padder ho har i ei bøtte på rommet sitt. Ho er fiksert på at dei skal pare seg, slik ho ønskjer at foreldra også skal pare seg, men desse paddene svelt sakte i hel, slik alt liv på garden går til grunne når munn- og klauvsjuke rammar heile buskapen.
Frå første side har Rijneveld ei eineståande evne til å skildre dagleglivet på garden gjennom lukt, smak, høyrsel og presise observasjonar av forfall og likesæle, der alt heng saman med alt, og der den livlege fantasien til Jas flørtar med både livet og døden og draumen om å komme seg bort. Samtidig kjenner ho seg fanga, slik ho tenkjer at kjellaren er full av jødar på flukt. Dei må vere i dekning til alt er over, slik ho sjølv søkjer dekning bak den jakka ho nektar å ta av seg.
Marieke Rijneveld fekk for nokre år sidan godkjent Lucas som del av namnet sitt for å markere ein kjønnsnøytral posisjon med både eit jentenamn og eit gutenamn utan å vere nokon av delane. Ingen bør kjenne seg krenkte av den grunn. Likevel har Rijneveld fått merke aktivistisk krenkekultur: Ho trekte seg som gjendiktar av Amanda Gormans «The Hill We Climb» da nokon hekta seg opp i hudfarge, og i den engelske omsetjinga av Kveldens ubehag blei ho pressa til å fjerne ein Hitler-vits. I klarspråk kallar ein dette sensur.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Frå første side har Rijneveld ei eineståande evne til å skildre dagleglivet på garden.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?