JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Heime hos mor

V.S. Tideman lever seg med overtyding inn i eit sjukt sinn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
V.S. Tideman er nominert til Ungdommens kritikarpris for den nyaste romanen.

Foto: Iris Schber

3582
20201120
3582
20201120

Roman

V.S. Tideman:

Jeg, rommet

Oktober

«Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.» Slik startar Jon Fosses roman Naustet frå 1989. V.S. Tidemans roman Jeg, rommet opnar med: «Jeg har sluttet å gå ut, å være aktiv i verden.» Begge romanane handlar om unge menn som trekkjer seg inn i seg sjølv og forskansar seg på guterommet heime hos mor, med den skilnaden at V.S. Tidemans forteljar blir heilt ekstrem, irrasjonell og sjukeleg i morsbindinga si, handlingslamma og utan vilje til å sjå at han er sterkt hjelpetrengande. Han er sin eigen fange og sin eigen fangevaktar.

Forteljaren er 38 år; dei ti siste åra har han sete på rommet sitt, men også i barndom og oppvekst trekkjer han seg ut av alle sosiale samanhengar. Han isolerer seg og reagerer med sinne når nokon kjem for nær, eller når han kjenner seg krenkt, slik han avviser faren etter at foreldra skil lag når han er tolv år, slik han også avviser skolevenninna Marie, som ønskjer å hjelpe han. Timane hos psykolog tar fort slutt etter nokre konsultasjonar. Som student i Oslo får han også problem, og etter ei tid reiser han heim og blir verande i huset, i rommet som han etter kvart går i eitt med.

Mørk, negativ kraft

Mora er lærar, nyleg pensjonert. Ho prøver forsiktig å komme innpå forteljaren, komme bak det sjølvrettferdige hos han, men ho kjem ingen veg. Hans forvrengde versjon av det verkelege er den einaste gyldige; han blir ei mørk og negativ kraft i huset, og når han frå rommet sitt begynner å spionere på ein nabo som han meiner er polakk, går det etter kvart over styr, for alt det han slit med, blir projisert over på denne polakken, og når han ser at mora ein dag fell om og døyr ute i hagen, under epletreet, går han til aksjon.

Han blir fengsla og etter kvart dømd til tvungen psykisk helsevern og overført til ein psykiatrisk institusjon ein stad på det sentrale Austlandet, som han sjølv seier. Her blir han underlagd eit system og ein terapi som trekkjer han inn i eit fellesskap og eit samkvem med andre: «Da hender det, til tross for hva jeg alltid har tenkt, at jeg er glad for at jeg ikke lenger er alene, på rommet mitt, men at jeg har noen å dele opplevelsene mine med.»

Men før han kjem til denne erkjenninga, har han kontant avvist faren for andre gong. I fengselet kjem faren og søkjer forsoning, men til inga nytte: «Jeg gir ham mitt svar her og nå, i fengselet, og det er et rungende nei, til ham, til konen hans og til sønnene hans, nei, nei, nei, som den gangen for om lag tjuefem år siden.»

Psykologisk teft

Jeg, rommet kan stilistisk minne litt om Dag Solstads romanar om Bjørn Hansen, ein annan særling i norsk litteratur. Med psykologisk teft skriv V.S. Tideman på overtydande vis fram ein person som fornektar omverda på ein måte som eit stykke på veg vekkjer sympati hos lesaren. Det er godt gjort.

Jeg, rommet er den femte romanen sidan debuten i 2009. V.S. Tideman har etter kvart skrive seg til ein posisjon i samtidslitteraturen og blir i dag sett på som eit spennande namn i det litterære miljøet og blant lesarane.

Det er noko eksklusivt borgarleg ved forfattarnamn som består av to initialar pluss eit etternamn, for eksempel H.C. Andersen, H.C. Branner, P.C. Jersild, T.S. Eliot, W.G. Sebald, og V.S. Naipaul. Slik er det også med V.S. Tideman, som er forfattarnamnet og eit slags psevdonym for Vegard Tideman Sørland.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Jeg, rommet kan stilistisk minne litt om Dag Solstads romanar om Bjørn Hansen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis