Hemnen
Tone Myklebusts herlege skråblikk skaper tekster med godt driv.
Tone Myklebust debuterer som skjønnlitterær forfattar med novellesamlinga.
Foto: Henriette Framnes Time / Studio Hjelm
Noveller
Tone Myklebust:
Det stoppar ikkje her
Cappelen Damm
«Den beine linja mot mål finst ikkje. Om du tenker aldri så positivt, trener beinhardt, et sunt, er snill og grei og utviser takksemd mot verda: Livet kjem ikkje planert og med kunstgras. Du har ikkje kontroll.» Dette står å lese i tittelnovella i den nye boka til Tone Myklebust, som tidlegare har skrive for barn. Sitatet kan stå som eit credo for heile novellesamlinga.
Samlinga består av elleve ganske korte noveller. Felles for dei er det litt skeive blikket på aparte personar som i for stor grad lever i si eiga boble. Det er både skarpt og underhaldande, og dei beste tekstane er verkeleg gode.
Ut av kurs
Felles for menneska i Myklebusts tekster er at dei lever litt på sida av samfunnet eller litt på sida av seg sjølv – eller båe delar. Mange av novellene er fortalde i eg-form, noko som avslører diskrepansen mellom den indre røynda og den ytre. Her er mykje einsemd, sterkt skildra i «Det blir nok torever», om førtitoåringen som ikkje tar sjansen på kontakt eller selskap, og meir humoristisk i nettdatingfarsen «Neste fredag». Språket er stramt og skore inn til beinet, med mange gode og presise ordbilete.
Opningsnovella «Hundemann» er den klart sterkaste i samlinga, med tittelnovella som ein god nummer to. I soga om hundemannen tar Myklebust det bisarre og skeive heilt ut i ei stilsikker novelle som eg las med skrekkblanda fryd. Det metaforiske og det røynlege glid her saman i ein heilstøypt tekst om eit par som har levd saman ei stund. Ho er særs dominerande, og han er ein hundemann: «Ho har han i band», som det står i opningssetninga. Han vaskar seg ikkje lenger og må bu i garasjen. Når dei skal på førjulsmiddag til foreldra hennar, pissar han i hagen, og etter det er det «point of no return». I ei lita, men tydeleg scene får vi også krystallklårt demonstrert opphavet til mønsteret med «hundemann» og «eigar». Det er både attkjenneleg og herleg absurd.
Novella «Det stoppar ikkje her» handlar vel i botn og grunn om å kjenne seg tvinga til å vere hyggeleg når ein for lengst har fått nok og inst inne vil slå. Hovudpersonen er frå før pressa opp i eit hjørne, og når ho møter ei ho slett ikkje vil snakke med på kafé, endar ho med å ta ut den indre frustrasjonen på eit uskuldig menneske, i ei tekst som både overraskar og er herleg rå.
Skråblikk og sanning
Eg skulle nok ønskt meg fleire tekster av «Hundemann»-typen, der Myklebust «tar han heilt ut». Det skrå blikket på menneske og tilhøve er på plass i mange av dei stramt komponerte novellene, men fleire av dei endar likevel med å glide over i det meir konvensjonelle enn opningsteksten indikerer og lovar. Eg tykkjer dette gjeld noveller som «Spor 2 til Oslo» og «Ikkje for hovudscenen».
Det er kjent frå før at tekster med ein tydeleg framandgjerande effekt kan få fram vel så djupe sanningar om grunnvilkåra for menneskelivet som den meir realistiske og konvensjonelle prosaen kan. Myklebust har heilt klårt eit talent for det absurde som ho burde utnytte endå meir i seinare utgivingar.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei beste tekstene er verkeleg gode.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.