Hjartelaus og ærleg
Jeg er loddrett er eit diktutval for nye generasjonar Plath-lesarar.
Sylvia Plath (1932–1963) vart fødd i Boston i Massachusetts og døydde i London.
Foto: Ukjend / Tiden
Dikt
Sylvia Plath:
Jeg er loddrett. Dikt i utvalg
Utval og gjendikting av Hege Woxen
Tiden
Den amerikanske poeten Sylvia Plath (1932–1963) som berre rakk å gi ut éin roman og diktsamlinga The Colossus (1969) før ho døydde for eiga hand, har både fascinert og fråstøytt mange lesarar. På 1960- og 70-talet vart det gjeve ut nokre posthume diktsamlingar, og dei samla dikta hennar, som kom i 1981 og var redigert av ektemannen og poeten Ted Hughes, romma mange dikt som ikkje hadde vore trykte før.
Ikkje heilt ut av det blå, men heller ikkje heilt treffande, har merkelappen vedkjenningspoesi hefta ved Plath. Dikta har vortne lesne som uttrykk for eit depressivt og plaga medvit, i lys av den personlege historia og tragiske døden hennar. Det har ført til eit overdrive biografisk fokus som har undertrykt andre litterære aspekt ved dikta til poeten. I det omfangsrike etterordet sirklar Janne Stigen Drangsholt inn fasane i forfattarskapen og tendensane i den allmenne mottakinga av Plath.
Fleire gjendiktingar
Det eksisterer fleire gjendiktingar av Plath til norsk. Olav H. Hauge gjendikta åtte av dikta hennar. Liv Lundberg kom i 1986 med eit fyldig utval som har tittel etter eit av Plaths kjende dikt, Lady Lazarus. Kampen mot den eintydige oppfatninga av Plaths lyrikk er ikkje ny: Lundberg ønskte å fremje andre sider ved Plaths lyrikk, slik som dei politiske og kjønnsaspektet, og synte fram ulike tendensar i den korte og intense lyriske forfattarskapen.
Hanne Bramness gjorde biletet enda meir komplett då ho gjendikta versedramaet Tre kvinner. Et dikt for tre stemmer (2005), som var skrive for radio i 1962.
Hege Woxens utval famnar om heile forfattarskapen, frå dei tidlege dikta frå 1959 til det siste i 1963. Ein vil finne mange av dei mest kjende Plath-dikta, men også nokre mindre kjende, noko som er eit pluss. Dei lengre, meir broderande dikta, som «Dikt til en fødselsdag», er rett nok ikkje med, slik at heile spekteret i diktinga hennar kanskje ikkje vert synt.
Teknisk briljant
Plath starta som ein teknisk briljant modernistisk lyrikar. Etter kvart vart dikta meir opne, meir styrte av ein assosiativ logikk der ytre verd og indre tilstandar verka å gå opp i ei høgare eining. Det finst lyriske konstantar hos Plath, slik som ambivalens mellom alt levande og alt dødt.
Om ein samanliknar det første diktet, «Gatesang», og det siste, «Kant», i dette utvalet, vil denne konstanten bli godt synleg. Plath er lydhøyr for klanglege detaljar og rytmiske konstellasjonar, noko som er vanskeleg å overføre til eit anna språk. Men Woxens løysingar verkar rett så fine.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Plath er lydhøyr for klanglege detaljar og rytmiske konstellasjonar.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.