Hovdingen
Arbeidet med arkivkjelder og eigne intervju imponerer, men ein må spørje seg om biografen har gått for langt i å rive ned hovdingbiletet av Berge Furre.
Professor Berge Furre på kontoret sitt på Det teologiske fakultetet i 2001.
Foto: Heiko Junge / NTB
Biografi
Arnhild Skre:
Berge Furre. Eit liv i rørsle
Samlaget
Då Berge Furre døydde i 2016, vart han hylla som ein hovding. Ein «bauta» på venstresida i politikken, eit samlingspunkt for fredsrørsla, høgt verdsett av målfolket og i kyrkja. Ein mann mange såg opp til og beundra. Partileiar, stortingsrepresentant, professor og prest. Medlem av Nobelkomiteen. Vinnar av Fritt Ord-prisen, Storegutprisen og Noregs Bondelags pris for godt bondevit, for berre å nemne nokre av heidersteikna han hadde motteke.
Arnhild Skres bok om mannen gjev i ytre format til kjenne at dette er soga om ein stor mann, fortald over 591 sider tekst og rikeleg med notar og kjelder i tillegg. Men den trygge og tillitvekkjande hovdingen er ikkje den karen vi møter inni boka. Tvert om, hevdar forfattaren. Det ho fann, var ein rastlaus person, naga av tvil gjennom eit liv prega av skiftingar og skarpe brot. Og som ikkje alltid fortalde sanninga.
Feilgrep
Mest oppsiktsvekkjande er det biografen har funne om Berge Furres kontakt med DDR i ungdomstida, då han skreiv artiklar for kommunistregimets propagandaapparat, godt lønt. Furre heldt kontakten hemmeleg den gongen og tagde om det seinare. Noko eigentleg brot med norsk lov var dette ikkje, hevdar forfattaren, og truleg har ho rett i det (med unnatak for skattelova?).
Skre impliserer likevel at det gav grunn for overvakingspolitiet til å halde auge med Furre. Og utan at ho trekkjer konklusjonen sjølv, kjem det klårt fram at det var eit feilgrep å setje han inn i Lundkommisjonen som granska overvakinga til dei hemmelege tenestene i 1994. Han hadde for mykje å løyne. Når overvakingspolitiet vart stogga i å etterforske han i tyske arkiv, står dette fram som eit nytt feilgrep. Immunitet mot politietterforsking på grunn av politiske posisjonar høyrer ikkje heime i ein rettsstat som Noreg. Furre bad seinare om innsyn i mappa si og kunne puste letta ut. Den fulle sanninga hadde overvakarane ikkje funne ut av.
Framstillinga kviler på eit arbeid med arkivkjelder og eigne intervju som imponerer. Dette er framifrå biografihandverk. Vi følgjer mannen kronologisk, frå vogga til grava. Livssoga vert skildra med autoritet, og omsynet til sanninga veg heile tida tyngre enn omsynet til pietet og diskresjon. Rett nok: Fures vener er dei viktigaste kjeldene og rosande sitat langt oftare å finne enn dei kritiske. Men Furre vert utlevert til lesarane på godt og vondt.
Ulike versjonar
Ein lyt spørje seg om forfattaren har gått for langt i å rive ned hovdingbiletet. Boka vert ikkje ein bautastein, trass tjukkleiken. Teksten er delt inn i tidsbolkar og kutta opp i småavsnitt, med lite av samandrag og oversyn. Det er som om forfattaren har gjeve oss eit gjer-det-sjølv-materiale. Eit byggjesett eller ei kasse med Lego-klossar som vi sjølve må freiste å setje saman som best vi kan. Greier vi det ikkje, vert det uråd å få svar på spørsmålet vi sit att med når boka er lesen: Korleis kunne denne mannen stå fram som ein hovding, beundra og sett opp til?
Biografien gjev materiale til å setje saman mange ulike versjonar av Berge Furre. Forfattaren dreg fram hans mange sterke sider: intelligens og analytisk kraft, språkleg briljans, strategisk blikk og store overtalingsgåver. Men Skre sjølv synest å føretrekkje eit veikare bilete: tvilaren som stadig endra kurs gjennom livet.
Andre kan velje stabeisen som aldri gav seg: «Gubben mot straumen» som alltid måtte motseie dei andre, frå han som skulegut på vestkanten i Oslo bestemte seg for å verte nynorskmann i opposisjon til alle kring seg, og som heldt fast på dette valet så lenge han levde. Partileiaren som køyrde sitt eige parti på grunn av di han ikkje fekk seg til å leggje ned Loran C- og Omega-saka av omsynet til eige samvit, kravde seg stilt for riksrett og vart nærast latterleggjord. Vi finn maktmennesket som søkte posisjonar for å kunne dominere omgjevnadene og tvinge gjennom sitt syn. Vi skimtar ein donjuan med drag på damene. Også familiemannen Furre vert etter kvart synleg i teksten.
Opportunisten
Også opportunisten – mannen som ordla seg mindre etter eige samvit enn etter det som gav politisk gevinst i augneblinken – finn vi i boka, i lag med den naive gutungen som aldri vart vaksen: Han som aldri såg anna enn det glansbiletet som regimet synte han i austblokklanda, og som hylla Mao då han døydde i 1976, på ein måte som vart pinleg då han blei mint på det i intervju 27 år seinare. Han som aldri trudde anna enn at nedrusting i vest ville gje fred, utan å gjennomskoda retorikken frå aust.
Vi finn drøymaren på leit etter sosialistutopien, på veg frå trua på kommunistisk statsstyre til noko anna, til «sosialisme på norsk», utan å nå fram til anna enn lause, flaue ytringar om «folkeeige». Noreg er eit kapitalistisk diktatur, hevda Furre i 1968, og forbrukarsamfunnet eit fengsel. Korleis folk kunne ynskje seg den individuelle fridomen i dette samfunnet som ein veg til å realisere seg sjølv gjennom eit verdig liv, skjøna han eigentleg aldri.
Vi kan velje den handlekraftige strategen som tok leiinga i norsk landbrukspolitikk og vart bøndenes store helt ved jamstillingsvedtaket i 1975, som auste ut statsmidlar til landbruksnæringa. Bondereising vert eitt av dei få temaa som forfattaren trekkjer gjennom heile framstillinga, frå hovudoppgåva «Mjølk, bønder og tingmenn» til visjonen om eit Bygde-Noreg inspirert av Ottar Brox, med frampeik til den raudgrøne alliansen i politikken.
Historikaren
Historikaren Berge Furre vert gjort greie for, klårt og greitt. Men forfattaren kunne nok fått meir ut av stoffet om ho hadde integrert historikaren betre i livssoga. Biografien gjev «eit inntak til korleis eit samfunn forandrar seg», skriv Furre i sitt storverk om Lars Oftedal – prest og politisk hovding i likskap med Furre. Skre tek det som motto for boka si. Men her sviktar det. Verda rundt Furre vert berre overflatisk handsama. Skre får ikkje taket på korleis det norske samfunnet forandra seg i hans levetid.
Historikaren Furre strevde med det same. I verket Vårt hundreår (1991) introduserte han omgrepet «den sosialdemokratiske orden» som overskrift over tida 1961–73 og strekte det endå lenger. Eit mildt sagt problematisk omgrep, men det var slik Furre sjølv freista å forstå den tida då han sjølv var aktiv i politikken. Sosialdemokratiet rådde. Ikkje berre på grunn av Einar Gerhardsens og Haakon Lies partipisk. Det var slik tida «var». Opprørarane i SF og seinare SV fekk ikkje til meir enn å pirke borti dette, før det heile enda i høgrebølgja. Den velkjende heltesoga om opprørarane som vert teken opp att i stor detalj i biografien, hadde i røynda liten verknad.
Berge Furre sa sjølv at det viktigaste han hadde gjort i politikken, var å halde partiet på demokratiets veg og halde udemokratiske krafter ute. Haakon Lie kunne truleg ha sagt det same. I det sprikande SF må Berge Furre ofte ha sakna ein sterk partisekretær ved sida av seg – ein Haakon Lie. Til slutt vart han dytta ut av leiarvervet i 1983, og andre måtte ta over.
Ujamn tekst
Som prosatekst er boka litt ujamn. Språket er førebiletleg klårt og lytefritt, men det krevst motivasjon å kjempe seg gjennom dryge avsnitt om interne prosessar i partiet. Det vert meir glød når forfattaren skriv om Furres strev med Oftedal-boka. Ein røynd biograf kjenner seg att. Kapittelet om Furres veg til prestevigsling tyder på at forfattaren derimot har avgrensa forståing av kva det var som drog hovudpersonen attende på dette sporet, som vaksen mann, etter å ha hoppa av teologistudiet som ung.
Furre gav ein manuskriptbunke om Oftedal til kona Elisabeth og bad om meininga hennar: «Eg trur ikkje eg ville ha bede han til te», sa ho etter lesinga. Ville vi ha ynskt Furre i teselskap etter å ha lese boka om han? Det kunne vi nok ha gjort, om vi hadde førebudd oss på ei blanding av førelesing, aktivistkonspirasjon og vekkingsmøte. Og vi ville sikkert ha hugsa det lenge etterpå.
John Peter Collett
John Peter Collett er professor emeritus i historie og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skre sjølv synest å føretrekkje eit veikare bilete: tvilaren som stadig endra kurs gjennom livet.
Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.