Humor og kunnskap i skjønn foreining
Niels Christian Geelmuyden gapar høgt når han intervjuar 17 avdøde personar som har vore med på å forma oss, men forfattaren osar av energi.
Astrid Lindgren (1907–2002).
Foto: Gyldendal Norsk Forlag
Sakprosa
Niels Christian Geelmuyden:
Når de døde våkner
Gyldendal
Niels Christian Geelmuyden er kjend for å vera ein av landets fremste portrettørar. Det mest kjende er av statsminister Gro Harlem Brundtland frå 1993. Også kjent som eit skandaleintervju. Brundtlands sekretær nekta å overlevera det til henne fordi Geelmuyden hadde skrive alt som statsministeren sa – og det vart ikkje godkjent. Likevel kom det på trykk i vekebladet Det Nye. I denne boka slepp Geelmuyden unna sitatsjekk og godkjenning. Alle intervjuobjekt er nemleg gravlagde for lenge sidan.
Geelmuyden har laga fiktive spørsmål til personar som Edvard Munch, Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Astrid Lindgren. Sjølv om spørsmåla er dikta opp av forfattaren, er svara faktabaserte på kva dei sjølve har fortalt. Dette er ein spennande sjanger som er lite brukt. Det krev god bakgrunnskunnskap. Geelmuyden har gjort heimeleksa.
Høgdepunkt
Eit av høgdepunkta i boka er då 85 år gamle Astrid Lindgren lèt seg intervjua 10. september 1993 i Oslo. Denne dagen er Lindgren heidersgjesten på Det Norske Teatret. Ho sit i salen då Mio, min mio blir synt. Like etter framsyninga får Niels Christian Geelmuyden ein lengre samtale med henne.
Lindgren fortel om dei djupt religiøse foreldra sine og om då ho som 18-åring vart gravid med den nesten 50 år gamle redaktøren Reinhold Blomberg.
«Jeg trodde det skulle ta livet av foreldrene mine», seier ho. Utan erfaringa ho fekk av å vera mor til ein «lausunge», ville ho aldri ha vore ein så god forfattar, seier Lindgren.
Lindgren avslører også løyndommane til at ho fann på historiene om Emil frå Lønneberget, Pippi Langstrømpe og Karlsson på taket. Ho fortel at manuset om Pippi Langstrømpe vart refusert to gonger hos Sveriges største forlag, Bonnier. Lindgren meinte det var «dyreplageri» å la born veksa opp i byar. «Et barn skal vokse opp blant høner og griser og markblomstrer», fortalde ho Geelmuyden.
Møtet med Knut Hamsun på Ballberg Sanatorium på Lillehammer i 1895, det nervepirrande intervjuet med Amalie Skram i Holmenkollåsen i 1898, eller den interessante, men fryktelege historia til Kirsten Flagstad i heimen hennar, i Amalienborg utanfor Kristiansand i 1958, er alle god underhalding. Samtalane Geelmuyden har med Henrik Ibsen i Roma julaftan 1965 og Edvard Munch på Ekely og i Åsgårdstrand på slutten av 1920-talet, er også på øvste hylle.
Galskap
Geelmuyden er oppteken av galskap. Intervjuobjekta blir stort sett spurde om kvifor dei er galne, ikkje om dei er det. Eit av unntaka er då han er på besøk hos Edvard Munch, i den vesle hytta i Åsgårdstrand. Han spør Munch: «Anser De Dem selv for å være vel bevart?». Munch svarer: «Jeg har aldri vært gal», men legg til at «å male er en sykdom og en rus». Denne sjukdommen er noko han aldri ønskjer å bli kvitt. Han legg også til at alkoholen fekk fram ei nervekrise, og at dei fleste bileta han har måla, er utførte utan at han har visst om det.
Munch fortel at han har selt den kvite hesten, sin einaste grasklippar, fordi: «Den var utmalt.» Han har aldri måla nokon utan at det blir bråk, fordi han målar «menneske slik de er, ikkje slik de ser ut». Det kjem fram at utlandet vart redninga for den talentfulle målaren. Fantasien til målaren var uavgrensa. Ein gong trua han ein mann med pistol og tvinga han til å sitja som modell. «Jeg ville bare male bilde av et redd menneske», fortalde han Geelmuyden.
Dei fleste intervjuobjekt liker ikkje Noreg, og dei har eit komplisert forhold til kristendom. Henrik Ibsen fortel: «Det gjelder å komme seg vekk fra Norge så lenge en har rester av noe menneskelig i seg.» Ibsen hadde i heile sin ungdom «en samanhengende redsel for Kristus» og meinte Noreg aldri kunne bli ein kulturnasjon så «lenge en befolkning holder det for viktigere å bygge bedehus enn teater».
Edvard Munch var ikkje mindre bombastisk: «Norge er et frykteleg land... Alle hånte meg... Hadde jeg vært henvist til bare å være i Norge, hadde nok nordmennene fått knekket meg før jeg hadde blitt tredve år. Aftenposten mente at politiet burde ta meg.»
Ironi og humor
Hamsun vert intervjua av Geelmuyden fem år etter at han skreiv meisterverket Sult, i 1890. Han kjende han vart fråteken «all ære, alt talent, all hederlighet» i Noreg. Også han måtte reisa utanlands for å finna inspirasjon.
Anarkisten Jens Bjørneboe, som vart intervjua eit lite år før han tok sitt eige liv, fortalde Geelmuyden at ein måtte vera «heilt udrepelig» for å oppnå noko i Noreg.
Boka har eit fargerikt språk, det manglar ikkje på ironi og humor. Ho består av tre kapittel, og mellom kvart kapittel broderer forfattaren av den historiske kunnskapen sin. Om ein ikkje finn altfor mange nye opplysningar i alle samtalene, verkar skrivegleda å vera så stor at ein ikkje kan la vera å bli begeistra. Dessutan verkar det som om forfattaren har gjort ein så bra research at intervjua verkar truverdige, kor merkeleg det enn høyrest ut.
Aage G. Sivertsen
Aage G. Sivertsen er historikar og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»