Hyllest til idealist og arbeidsjarn
På mange måtar er biografien om Oddny Miljeteig ei hyllest til ei kvinne som har teke parti for dei svakaste i samfunnet.
Dåverande nestleiar i SV Oddny Miljeteig då ho heldt 1. mai-tale i Bergen i 2015.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Biografi
Kjersti Mjør:
Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig
Samlaget
Undertittelen på biografien om SV-politikaren Oddny Miljeteig kan kanskje få lesaren til å tru at ho ikkje er blant oss meir. Men det er ikkje slik å forstå. Boka, med den litt tvitydige tittelen Hjartebank, handlar om livet hennar frå ho i 1954 kom som adoptert spedbarn til ein veglaus gard i Åkrafjorden sør for Odda, fram til ho 64 år gammal gjekk ut av politikken etter ei alvorleg sjukdomshistorie.
Hjartebank betyr at ein kjenner hjarteslaga betre enn vanleg på grunn av tungt slit eller sterke kjensler. Forfattaren Kjersti Mjør har kanskje tenkt på begge delar, for Oddny Miljeteigs utolmodige engasjement, allsidige arbeid i Bergens sosiale og politiske liv og store medkjensle med og innsats for dei som har det tungt, har sikkert tært på kreftene hennar. Men framfor alt peikar tittelen nok på ei kvinne med sterke kjensler.
Ein ekte SV-ar
På mange måtar er dette ein hagiografi, ei hyllest og takk til ein idealist og eit arbeidsjarn som alt som ung kvinne tok parti for dei svakaste i samfunnet. Gjennom politikken ville ho gjere noko for å betre tilhøva deira, og gradvis klatra ho nesten til topps i Sosialistisk Venstreparti.
Ho vart SVs nestleiar i 2015, men blei sjuk kort tid etter og måtte trekke seg. Som politikar merkte ho seg snart ut med det hennafarga krusete håret sitt, dei raude strømpene, gløden og det upolerte språket, men ho var godt likt og respektert av alle.
Kvinnesak og målsak, som ho engasjerte seg i alt i studietida i Bergen i 1970-åra, var viktige i heile det politiske livet hennar. Ei av dei mange kampsakene hennar var å få UDI til å leggje større vekt på «kjønnsbasert forfølging» som grunnlag for asyl i Noreg. Etter ein intens lobbypolitikk fekk ho det til. Ho og fleire andre i bergensmiljøet hadde til og med late utsette kvinner bu hos seg i løynd ein periode. Seinare vart det straffbart å skjule flyktningar, men ho ville ha gjort det same igjen.
Ei god historie?
Oddny Miljeteig vert skildra som ein strategisk, uredd og engasjert politikar. Men kva er det uvanlege ved henne, som kunne gjere det naturleg å skrive ein biografi om henne ut over det at ho har pensjonert seg som politikar?
Noko ligg kanskje i tittelen: Hjartet som bankar for dei som har det mindre godt. Noko ligg kanskje òg i den respekten politiske motstandarar har for henne. Ho følgjer mellom anna alltid sitt eige moralske kompass, og ho er raus, sjølv når det ikkje er til gagn for henne, fortel den unge Høgre-politikaren Harald Victor Hove. Ho har beint fram lært han å bli både ein betre politikar og eit betre menneske. Mange peikar òg på evna hennar til å få til gode kompromiss i vanskelege saker.
Men det finst vel mange slike? Kanskje er «Oddny Miljeteig» òg ei «god historie»? Kjersti Mjør, som i juni fekk Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2019, vart spurd av Bergens Tidende om kva som var drivkrafta for henne som journalist. Svaret var: å fortelje ei god historie. Draumejobben var å reise rundt på Vestlandet og treffe folk; der var det drama nok for henne. Og det finst faktisk eit drama i Oddny Miljeteigs liv. Historia hennar er òg ei forteljing «om å leita etter sitt biologiske opphav», kan ein lese på omslaget.
Adopsjonshistorie
Boka opnar då òg med at Oddny Miljeteig sender eit brev til Fylkesmannen i april 2019 for å få greie på kven dei biologiske foreldra hennar var. Dei var då daude, viste det seg. Ho hadde lenge visst at ho var adoptert, men ikkje orka å gjere noko med det tidlegare. Adopsjonsspørsmålet er ein slags raud tråd i boka, men er ikkje presentert som eit stort problem. Oddny var glad i og takksam for dei foreldra ho fekk. Ymtet om adopsjon verkar mest som ein lokkemat for lesaren.
Det mest interessante her er at Kjersti Mjør gir eit glimt av norsk adopsjonshistorie i 1950-åra, liksom ho òg skildrar ulike sosiale og politiske tilhøve i samband med Oddny Miljeteigs historie. Slike opplysingar om vår nære fortid er nyttige for lesarar som er yngre enn henne.
Historia er kronologisk fortald, med unnatak av opningsscena frå notida. Undervegs kjem ein del tilbakeblikk frå Oddny Miljeteig sjølv, til dømes på barndommen, og kommentarar frå folk som kjenner henne. Boka er rikt illustrert. Språket er frodig og til dels dialektnært. Dermed blir det eit levande portrett.
Grunngjevinga frå juryen som gav Kjersti Mjør den nynorske journalistprisen, var at ho er ein ordkunstnar som gjer historiene ho fortel, nære og relevante for alle, og at ho er ein av landets beste portrettørar. Dette er kanskje vel store ord. Men ho skriv godt, er solidarisk med den ho skriv om, og skjuler ikkje begeistringa si.
Jorunn Hareide
Jorunn Hareide er professor emeritus og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Oddny Miljeteig vert skildra som ein strategisk, uredd og engasjert politikar.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen