I den prakta blomane faldar seg ut
Gjendiktinga syner definitivt fram kvalitetane i nobelprisvinnarens lyrikk.
Louise Glück debuterte som lyrikar i 1968 og fekk Nobelprisen i litteratur i 2020.
Foto: Katherine Wolkoff
DIKT
Louise Glück:
Vill iris
Gjendikta av Ingvild Burkey
Oktober
Den amerikanske poeten Louise Glück fekk Nobelprisen i litteratur i 2020. Ingvild Burkey har no gjendikta Vill iris, som kom på engelsk i 1992. Gjendiktinga syner definitivt fram kvalitetane ved Glücks dikting.
Ramma for dikta er nokså tydeleg: Det handlar om ein hage og om syklusane til blomane og plantane – og om døgeret, morgonen, dagen, natta. Ulike syklusar overlappar og går i kvarandre. Plassert i desse vekslingane, i gjentakingane og rytmane, er det som om dikta heile tida strekkjer seg ut mot det som trugar og skiplar også desse ordningane.
Dikta er spente opp mellom det kvardagsnære og det overskridande, det guddommelege, frelsande og katastrofale samstundes som dei held seg i det vesle og konkrete og set søkjelyset på små detaljar som tek til å vekse og pulsere i dikta. Eit viktig trekk ved samlinga er at det guddommelege og paradisiske også er bunde til den jordiske hagen, i den prakta blomane faldar ut.
Kor av røyster
I dikta kan ein møte gartnaren, som kanskje er Glück sjølv, som puslar i hagen, luker og tynner ut vekstane, som betraktar og lèt tankane svive. Glück lèt blomane og plantane sjølv tale, men slepper også gjennom ei guddommeleg røyst. Slik oppstår samla sett eit kor av røyster, av monologar og dialogar. Dette er dikt som talar ut ifrå ei rad ulike ståstadar og perspektiv der besjelinga og personifikasjonen står heilt sentralt.
Ein høyrer kløveren klandre mennesket fordi han undrar seg over jakta på firkløveren, dette lukketeiknet: «hva er logikken/ i å hegne om/ ett enkelt skudd/ av noe du ønsker dødt». At det er kløveren som strevar med å forstå dette, er også urimeleg: «Du burde stille deg/ disse spørsmålene selv,/ ikke overlate dem/ til dine ofre.»
Sansing og refleksjon
Denne vekslinga mellom sansingar og refleksjonar, død og oppstode, mangfald og einskap, rommar refleksjonar og tankar som har både politiske og eksistensielle over- og undertonar. Dikta strekkjer seg lik blomane, «fiksert lik teleskoper på en/ forstørrelse av dere selv –», men med eit medvit om at gesten er umogleg.
Ja, det er dikt der sansing og tenking, det vene og grufulle går hand i hand, men det er nedpå og kvardagsleg og spent opp mot det moglege og umoglege: «Ytterpunktene er enkle. Bare/ midten er en gåte/ Midtsommer –/ alt er mulig.»
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta strekkjer seg lik blomane, men med eit medvit om at gesten er umogleg.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.