JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Idealisme kostar

Bjarte Breiteig fører oss på innsida av eit bymiljø vi sjeldan les om i norske romanar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bjarte Breiteig har skrive novellesamlingar og romanar.

Foto: Baard Henriksen

3768
20211015
3768
20211015

Roman

Bjarte Breiteig:

Tøyeneffekten

Oktober

Bjarte Breiteig har til no vore mest kjend for gode noveller. Denne gongen har han skrive ein roman som scorar høgt på sikkert språk, stram komposisjon og eit godt driv.

På nesten naturalistisk vis er vi tett på elende og reinspikka naud i denne boka. Vi er hos store innvandrarfamiliar trengde saman i bitte små husvære, hos folk som anten ikkje greier kome inn i landet vårt eller blir kasta ut når dei endeleg kunne ha funne ro. Her er menneske med liv merkt av narkomani og vald, dei er sjuke og nedbrotne. Tøyen er kjend som ein av dei aller fattigaste bydelane i Oslo. Slik har det vore heilt frå tida då Amalie Skram og andre skildra vonløysa og elendet i Kristiania på tampen av 1800-talet.

Det er kanskje linene frå diktinga på den tida som gjer at ein har ei nesten skjebnebestemt undergangskjensle under lesnaden. Mot det pessimistiske er likevel ei like tydeleg oppdrift, problem blir sette under debatt, og ein mogleg veg fram blir peika ut. Tøyen er også ein fascinerande og mangslungen stad. Breiteig held seg (så vidt) innanfor grensa for det som gir håp.

Hit har dei kome

«Det var ikke noe nytt at Tøyen var for de fattige og utsatte. (…) Hit hadde mennesker funnet veien fra Vietnam, Chile, Bosnia, Aserbajdsjan. Det var hit de kom. Tøyen var Norges kontaktflate mot verden.»

Hit kjem også det unge paret Jostein og Mona med ein liten son. Når venene finn seg lekre husvære og villaer på Nordberg og Frogner, går det idealistiske paret motstraums og satsar på Oslos mest belasta bydel. Med stort pågangsmot ser dei løysingar der dei fleste ville ha sett uoverstigelege hinder.

Dei får på beina ein nabolagskafé og ymse aktivitetar. Alt for å løfte bydelen og skape fellesskapskjensle og stoltheit på ein stad som har hatt eit frykteleg dårleg rykte. Det blir lagt merke til, politikarar blir inviterte til folkemøte, ting begynner å hende.

Romanuniverset ligg tett på røynda. I 2014 vart det bestemt at Tøyen og Grønland skulle få eit løft, ein kompensasjon for at bydelen mista Munchmuseet. I ettertid har det heile vore sterkt kritisert. Éin konsekvens har vore ei såkalla «gentrifisering», også eit fenomen som blir skildra i Tøyeneffekten.

«All in»

For Jostein blir parets Tøyen-prosjekt etter kvart sjølve innhaldet i tilværet. Han går «all in», med ihuga arbeidslyst og stort hjarterom. For Mona er det annleis. Ho kjenner seg splitta mellom Tøyen-livet og det ho møter på jobben og andre stader i Oslo. Gløden sloknar gradvis for hennar del. Ho uroar seg òg mykje for sonen. Lenge er han den einaste norske i klassa. Tøyen-oppveksten har nokre nedsider for den i familien som ikkje har valt sjølv.

Her må også leggast til at Breiteig gjer noko som vi ikkje så ofte får frå mannlege forfattarar: Han skriv seg inn i hovudet på ei kvinne. Mona har synsvinkelen. Det er ikkje utruverdig utført.

Jostein blir det «mørke kontinentet» i denne romanen, vi ser han utanfrå og anar at han ber på eit stort mørke. Ein kveld kjem han ikkje heim, svarar ikkje på Monas fortvila forsøk på å oppnå kontakt. Må ho ringe politiet? Dette er spenningsmomentet som driv romanen.

I tilbakeblikk får vi så forteljinga om to rørsler, eller reiser, for dette paret: Den som dei saman har tatt for å etablere eit feste i og setje sitt merke på denne herja bydelen. Og den som startar når dette forvitrar som felles prosjekt, rørsla som vil kunne føre dei frå kvarandre.

Bjarte Breiteig har skrive ein solid, interessant og ikkje minst aktuell roman.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis